jun 18 2018

Austatrekken

Nordmenn har vore ivrige kjøparar av japanske bilar og teknisk utstyr, men dei har vore noko meir atterhaldne med å importera dei eksotiske sidene ved japansk kultur og populærkultur.

Me byrjar likevel å bli kjende med stadig fleire skikkar og underhaldningsprodukt. Somme ser sære filmar eller teineseriar, andre spelar pokemon eller syng karaoke. For ikkje å gløyma sushien. Den hersens sushien. I årevis har fullvaksne nordmenn måtta stå skulerett og forklara kvifor dei ikkje har lyst til å eta dei stinkande fiskebitane. Obelix var kanskje ikkje den glupaste, men noko hadde han fått med seg.

Slik har eg sjølv hatt det. Vener har invitert på sushi, og eg har freista å forklara at ein treng Grandiosa for å bli mett. Gong etter gong. No har venene mine heldigvis slutta å tyta om at sushi er gode greier, og eg har vakta meg vel mot å få nye vener.

Akkurat i det eg kjende meg trygg, fekk eg ei gåve frå ein kollega: «Sjå kva dei har i Japan; sunn snacks. No kan ein eta alt ein orkar til Gullrekka, og ikkje kjenna det minste ubehag av attråen ein har synt etter godsaker.»

Vel knaste det i sild, tang og reker, men chips var det ikkje. Ei heller kunne dei med kjærleik for gummisnop, mana fram rare godkjensla med dei seige blekksprutarmane. Sukkerkrabben var både søt og sprø, men definitivt ikkje noko substitutt for Smash.

Tenkjer eg nøye etter, er det neimenn ikkje mykje meir enn bilar og teknikk japanarane har å by på. Japansk TV-underhaldning, kan i beste fall nyttast til å geniforklara Dan-Børge, pop-musikken har omslag ein berre kan distribuera på «det mørke nettet» og  geisha-kulturen…

Slik har eg ikkje alltid tenkt om japansk kultur. På 80-talet, var eg svært fascinert av karate, sverd og samuraiar. På eitt tidspunkt, vurderte eg til og med om det var tøffare å vera samurai enn kåbbåi.


På den tida, sat eg mykje i kjellarstova. Den var relativt nyoppussa med tjukt teppe og platespelar. Litt vilkårleg, fann eg ein av dei mest ikoniske rockelåtane på ei av platene: «Smoke on the water». Det vart starten på eit mangeårig tilhøve til plata «Made in Japan». (Og der hadde me fiksa koplinga mellom sushi og Deep Purple.)

(Note: Det tjukke teppet ligg framleis på golvet i stova. Truleg er det den mest verdifulle tingen på heile bruket. Berre for moro skuld, sende eg inn ein prøve frå dette teppet. Laborantane kunne ikkje tru kva dei fann: I tillegg til muggsopp, fleinsopp og penicillin, vaks det 150 ulike soppar i teppet, fleire av dei ukjende for vitskapsmennene. Morellvins- og sidermarinaden hadde, saman med 30 års akkumulert austeuropeisk fotsveitte, skapt fungirado, eller drøymestaden for sopp. Vitskapsmenene rekna seg fram til at om ein åt 1 gram av dette teppet, ville ein få tidenes tur til Venus og attende. Vel heime att, ville ein garantert vera fri for alt av bakrus og bakterieinfeksjonar.)


jun 12 2018

Sjeiken

Bror min, skaffa seg tidleg ein heil bunke med zappa-plater. Dei aller fleste, spelte han over på kassett, for korkje vegar eller køyrestil, gjorde det tilrådeleg å ha ein platespelar surrande i bagasjerommet. Dessutan trong ungdomane plassen der bak. I dei dagar, køyrde dei gjerne langt, og då måtte dei ha rom til niste. (Trur ikkje dei var kjende med håvamål, der det står at «Med låkare niste du legg «kje i veg enn ovdrykkje med øl. «.)

LP-plater vart på 80-talet handsama varleg som nyfødde born. Eigaren tillot berre eit fåtal utvalde menneske, å leggja skatten under stiften. Kassettane, derimot, delte status med floksene: Var dei ikkje i bruk, kunne dei plukkast opp og nytast av kven det måtte vera, til og med av ein yngre bror.

Mi ferd med zappamusikk, byrja med eit dårleg kassettopptak av Sheik Yerbouti. Bobby Brown er rekna for å vera ein enkel og kommersiell slått. Den var huldrelokk, i alle fall for ein 10-åring. Og det tok ikkje lang tid før den nyfrelste song (stille inni seg) med på Broken hearts are for assholes. Drygt tjue år seinare, dansa guten, naturleg nok pitte litt eldre enn 10, med forlovaren til brura medan musikanten song «I have been in you» i bakgrunnen. I fyrste del av dansen, var forlovaren mjuk og fin. Så kommenterte ho tekstlinene. Dansen blei aldri heilt den same etter det. (Låten var plukka ut for å vera «brurevalsen», men så hadde me ein skikkeleg spelemann, og han insisterte på å spela …? (det var i alle fall ikkje Fanitullen).)


jun 6 2018

Dyrelåten

Ylvis-brørne, vart trykte til verdas bryst då dei problematiserte kva låt reven gjev i frå seg. I aust og vest nikka dei attkjennande til undringa dei synte for dagen, og til den openberre mangelen i dei oppsedande songane. Lite visste tilhengjarskaren i Yorkshire og Yawata, om at Ylvis-brørne byggjer på ein stolt norske tradisjon.

Nær sagt til alle tider, har det i Noreg funnest ei djup interesse for dyra og kva dei måtte ha å fortelja. Arne Bendiksen, til dømes, lurte på kva ein ville få greia på om ein kunne snakka med dyra og høyra kva dei hadde å seia. Andre har vore meir sikre i si sak. Av desse, må me nesten nemna Märta Louise. Ho arrangerte dyre kurs om korleis ein skulle tala med dyr. Mange ynskte å gå på desse kursa, truleg fordi dei budde saman med ein hingst det ikkje var råd å snakka med om hårkurar eller neslevatn. (Og nei, eg er ikkje fordomsfull i høve kvinner. Det kan godt tenkjast at også homofile menn gjekk på kursa.)

Den største dyrekjennaren i halv-nyare tid, er likevel Mikkjel Fønhus. Han var ei gaupe. Han var ei ugle. Han var ein elg. Hadde berre Ylvis-brørne vore pittelitt eldre, kunne dei ha spart seg heile suksessen. Mikkjel hadde ikkje berre kunna fortalt dei lyden, han kunne ha referert heile den eldre edda på revsk.

Eingong på barneskulen, fekk me i lekse å lesa «Jerv» av Fønhus. Me måtte endåtil skriva stil om den. (Dette var tida før Internett. Ein måtte rett og slett lesa boka for å kunna skriva ein fornuftig stil. Ingen referat eller gode tolkingar var å oppdriva, sånn på sparket.) Eg la meg på sofaen saman med boka og ein kasettspelar, samt ein kasett frå folkehøgskuletida til systera. Heile tida medan eg las, høyrde eg på den same kasetten. Boka fenga meg faktisk. Litt etter litt tenkte eg som ein Jerv, og eg såg for meg Hårteigen og Kjeåsen. Musikken passa perfekt. Diverre vart kasetten øydelagt kort tid etter, og det jervske lydsporet var borte.

Så kom Spotify: Atter eingong er eg ein jerv. Atter eingong ser eg for meg den karakteristiske forma til Hårteigen.

Er ikkje sikker på om plata eigentleg er så god, bandet fekk berre ein viss suksess, fyrst og fremst i Noreg, men koplinga mellom musikk, lekser og kjensler, er interessant.


jun 6 2018

Musikaliteten

Ikkje i dei mest oppøste stunder, ville eg ha kome på å kalla meg sjølv musikalsk. Rett nok har eg brukt år av livet på å blåsa mellomstore instrument, men ikkje sidan forbodet vart oppheva i 1972, har det vore eit teikn på at ein er musikalsk.
Slike som berre stikk tommelen i jorda, er truandes til litt av kvart, men me som har hatt jord opp til olbogane, og då meiner eg båe to, legg ikkje ut om røynslene frå skulemusikklaget og althornet. Me skjønar at det å vera musikalsk, er meir enn enn å kunna handtera eit horn på rytmisk vis.

Althorntida, fell for min del saman med tv-tida. Eg såg alt NRK hadde å by på. Interessa for «Trim for eldre», var rett nok laber, men det skulle ikkje rare snuen til, før eg heldt meg heime frå skulen for å sjå på «Skulefjernsynet». Ein gong eg sat der og glodde, var det jazz på programmet. (Eg har gløymt kva han hiter, han jazz-mannen med grått hår og nattønskestemme.) Ein rar gamling spelte trompet. I utgangspunktet, var det heilt feil. Jazz var på den tida som feilplassert jizz. Likevel var det noko eg likte. Mannen fekk trompeten til å høyrast kul ut, det var ikkje mykje som minna om kornettane på korpsøvinga. Eg høyrde meir på spelet enn på praten, og fekk ikkje med meg kven musikaren var. Seinare freista eg å finna det ut, men ingen andre hadde sett programmet.

Nokre år seinare, høyrde eg same lyden på radioen. Og eg spissa øyro: Chet Baker spelte trompet, medan Jan Erik Vold las dikt. Den plata kjøpte eg.

I gymnastida, framførte eg eitt av desse dikta medan ein kompis spelte jazz-gitar. Han var hakket flinkare, skulle gå på Tonheim og greier. For meg, er den framføringa noko av det mest pinsame eg har vore med på. I edru tilstand, er berre jolekvelden i 1980 verre. Då var systera relativt ny i korpset, og ho var ein dævel på kornett. Ho meinte at det var ein glimrande ide at eg skulle syngja «Eit barn er fødd i Betlehem», medan ho spelte til. Det var det ikkje.


jun 6 2018

Helvetesdebatten

Mange lever i den villfaringa at Helvetesdebatten vart ført på femtitalet mellom Hallesby og Schjelderup. Slik er det sjølvsagt ikkje. Den verkelege helvetesdebatten, fann stad på Hauso skule på midten av 1980-talet.

Me hadde fått ein ny lærar med tydeleg livssyn. Om det var tidleg eller seint, om det var musikk eller sløyd: Den nye læraren hadde alltid ein salme på lur for å få oss i den rette stemninga. Entusiasmen, let venta på seg. Me tykte det heldt med fadervår i matpausen og «Herre Gud» i kristendomstimen, men læraren gav seg ikkje. Læraren tenkte nok at etter sju magre, kjem det sju feite. Situasjonen var litt spent, ikkje tvil om det.

Læraren var den vaksne og strekte ut ei hand: Om me song «Ungdommens frelser» av full hals, skulle me få lov til å ha «Ti i skotet» i musikktimen. Me song. Og me la ein plan.

Då musikktmen vel var over, kunne me presentera fylgjande resultat: (Eg hugsar ikkje plassane frå 10 til 5)
4. plass: Jahn Teigen (var det Do Re Mi?)
3. plass: Ozzy Osborne, Centre of eternity
2. plass: Rolling Stones, Sympathy for the devil
1. plass: Beranek, Dra Te Hælvete

Me ante at det kanskje kunne bli eit etterspel, særleg sidan me ikkje fekk lov til å spela vinnarlåten ein gong til på full guffe. Heilt sikre, blei me då læraren gjekk ut av klasserommet midt i den nedtona presentasjonen av vinnaren. Utan lærar i rommet, kunne me skru volumet heilt opp. Det var kjekt, men me visste at gleda ikkje ville vara.

Brått sat me på kontoret til øvrigheita. Der likar berre den øvre å sitja. Kan ikkje hugsa at det var nemneverdig fokus på tilpassa oppplæring der i garden, men me fekk formidla at me, som organisatorar, var heilt avhengige av innspel frå klassen, og at me hadde organisert eit heilt standard opplegg for «Ti i skotet». Elevane hadde kome med kasettar, og me hadde spelt dei av. Med stor fare for alvorleg krenkjing av den private eigedomsretten, fekk me høyra at «De har ikkje spelt kasettar, de har spelt dra-til- helvete-kasettar!» (Kasetten tolte å bli slengt i veggen. Verre gjekk det med omslaget.)


jun 6 2018

Ruletten

– Hugs at denne plata lyt spelast høgt, sa mannen i platebutikken til mor mi. Han hadde vel ein liten mistanke om at ho kanskje ikkje skulle nyta musikken sjølv, men sikker kunne han ikkje vera. Ho hadde jakke og frisyre som sa Kramgoa Låtar, men dei kvasse augo og den beiske mina, stod ikkje tilbake for korkje Udo eller Hetfield. – Kanskje er dette ei dame som kan kunsten å kasta aspiken i tapetet og verkeleg ta inn poesien, tenkte han kanskje.

Poesi og livsvisdom finst det i rikeleg monn. Det kan fort ta litt tid om me skal ta for oss alle nyansane. No vil eg avgrensa meg til eitt enkelt sitat, fyrst og fremst fordi eg har ein plan:
«Heaven is there where hell is, and hell is down on earth».


jun 6 2018

Veggen

På åttitalet, stod jamvel dei høgste murar lågt i kurs, anten dei var laga av stein eller toll. Murane måtte knusast, for folket og kapitalen treivst best i opne landskap.

I vår tid, er murane komne litt på moten att. Kinesarane restaurerer sin blodige mur, og israelittane årelatar på harde livet for å skaffa farge til sin. Donald og hakkespettane er i full gang med prosjekteringa av muren over alle murar, men har teke ein liten pause. No er det koz med Kims.

Kinesarane, fylgjer moten. Folket åt Gud, fylgjer moten. Leiaren av den kommersialiserte og perverterte verda, fylgjer moten. Statsbygg, har litt å jobba med, fzdz. Og min verdsleiande arbeidsgjevar, han som er heilt i front og bryt den upløyde sjøen eller snøen (akkurat jorda, får dei ta seg av på Ås), fylgjer han dei verdsleiande eller Statsbygg? Eg berre spør.

(Sjølv likar eg ein vegg eller mur der han høyrer heime, heilt uavhengig av verdsleiing eller mote. Eg likar do med vegger. Eg likar kjøkken med vegger. Eg likar kontor med vegger. Sånn er det berre.)


jun 6 2018

Himmelhelvete

Der eg vaks opp, var det mest vanleg å vera sundagskristen: På sundagen reinsa ein stemmebanda og for til kyrkjes, resten av veka hadde ein fri til å sysla med andre ting, arbeid for det meste. Fyrst då eg byrja i skulemusikklaget, som hadde ei av øvingane sine i nabogrenda, møtte eg slike som var kristne kvar einaste dag. Der hadde dei kveldssol, så det er vel ikkje til å undrast over at dei heller trekte inn til orgelet i bedehuset, enn til nok ei økt med ljåen under aplane.

Medan somme perfeksjonerte «Herre Gud, ditt dyre namn og æra», dreiv gutane i vår grend med andre syslar, kortspel til dømes. Alle husa hadde kjedlar, og dei fleste hadde ei røykjande mor. Meir treng ein i grunnen ikkje for å ha det triveleg. Forresten, ei høveleg lydkulisse gjer seg alltid. Jamvel om han Mossafinn kunne lura djevelen sjølv or fela, blei det ikkje skikkeleg schvung over det. Me snakkar trass i alt om tidleg 1980-tal. Stor var gleda då systera kom heim frå folkehøgskule med ein høg, eventuelt lang, platestabel. Der fann eg akkurat den lyden me trong.


jun 6 2018

Hakket

Tja, plater med formande kraft… Kanskje Tres Hombres av ZZ-Top bør med på lista? Plata vart kjøpt på postordre, og leveringstida var upåklageleg. Prisen var det heller ikkje noko å seia på, meiner å hugsa at den var ekstra billig fordi det «kunne vera mindre feil». Og feil var der. På den eine sida, var det eit gedigent hakk midt i ein av dei tøffe slåttane. Kunne rett og slett ikkje spela den av frykt for å knerta stiften. Fekk naturleg nok aldri heilt taket på den songen.Kjempehakket skjulte låten slik dei svarte firkantane skjulte kjempehakka i den kulørte pressa. På den andre sida, var hakket mindre. Den songen gjekk det fint an å spela, stiften hoppa berre pitte litt. Eigentleg blei songen berre endå tøffare med eit slikt taktfast zappaiansk taktskfite i midtpartiet. Hakk i plata og evne til å bera over med litt av kvart, berre prisen er låg nok: Kunne ha vore ein personkarakteristikk, det.