Siddisen

Etter medierapportane å døma, er dei svært opptekne av bompengar i Siddisland. Interessa rettar seg fyrst og fremst mot det å sleppa å betala slike pengar, det har vore mindre fokus på kva midlane skal nyttast til. Vanlegvis nyttar ein bompengar til å betala for vegar, bruer og tunellar, men etter oppstusset å døma, kan det tyda på at pengane skal gå til noko anna. For kvifor skulle siddisane elles bli så opprørte, dei treng vel gode vegar til dei store, flotte og dyre bilane sine?

Eg har vondt for å tru at pengane frå akkurat dette prosjektet skal gå til kongefamilien, eller til champagne i statlege mottakingar. Mest truleg skal dei gå til store, flotte og dyre vegar. Siddisane veit at slikt kostar. Det er jo heile poenget; at det store og flotte er dyrt. I Siddisland, er altså betalingsviljen for store og flotte bilar heilt upåklageleg, medan han er langt under pari for store og flotte vegar.

Skiljet ser ut til å gå mellom mitt og vårt.

Eit stykke på veg, er eg heilt samd med siddisane: Ein bør ikkje krevja inn bompengar for å betala for vegar alle kan køyra på. Slike vegar er ein del av sirkulasjonssystemet. Staten burde ha punga ut der det er naudsynt. Men staten kan ikkje pøsa ut pengar han ikkje har. Han bør helst hanka inn midlane før han betalar dei ut att.

For eitt år sidan, røysta meir enn 50% av siddisane på parti som gjekk til val på at dei som har råd til å betala skatt, skal sleppa mykje av dette uvesenet. Ein fin tanke, sjølvsagt. Alle veit at til meir ein har, til større blir den ubehagelege kjensla når ein må gje noko i frå seg.

Konsekvensen av dette, blir at pengane må koma frå alle, frå både fattig og rik. «Brukarbetaling», er nemninga. Lurer i grunnen litt på kor mange i aksjonsgruppa «Nok er nok!» som røysta på partia for skattereduksjon for dei rike? Skjønte dei ikkje at det stod  «Bompengar: We love you!» på røystesetelen?

Somme ynskjer at staten ikkje skal tenkja så mykje på inntektene. Han kan låna som grekarane, eller bruka oljepengar, slik ein har gjort i Venezuela. Sams for slike som tenkjer på denne måten, er at dei har lite kjennskap til stoda i Hellas eller i Venezuela.

Finansierer ein veg med bompengar i Rogaland, brukar ein i realiteten oljepengar. For kvar er det vel pøst ut meir oljepengar enn ut over innbyggjarane i Siddisland?


Leave a Reply