Vaksenopplæring

Dei seier at ein lærer så lenge ein lever. I utgangspunktet høyrest det tilforlateleg og fint ut. Spørsmålet er likevel om det er rimeleg med eit lite atterhald. Dersom ein ser nærare etter på korleis dei gamle ter seg, tenk til dømes på Pensjonistpartiet eller saker i jordskifteretten, kan det sjå ut som om ikkje alle i grånande alder er like læreneme. Kanskje er det rettare å seia at mange lærer så lenge dei lever, medan somme aldri lærer?

For å undersøkja korleis eg sjølv responderer på nye stimuli i tilårskomen alder, var eg for nokre år sidan med på ein studietur til Rundenuten. Turen vart arrangert av vaksenopplæringa på Jåstad. For å sikra eit godt opplegg for dei to påmelde studentane, stilte vaksenopplæringa med fire instruktørar. Eg må vedgå at eg var litt uroleg for at denne massive lærardekninga skuldast at det er vanleg med litt svinn på ein slik tur.

Studentane blei fylgt av ein instruktør til Kvannskårvarden. Der skulle me møta dei tre andre instruktørane. Vel framme, fekk me demonstrert det fyrste læringsmålet: På nutaturar, er det ikkje så viktig å vera presis, poenget er å vera fyrst. Instruktørane hadde alt gått frå møteplassen for å snakka med ein sau og tre lam som tolmodig stod og venta på ei fjellhylle nokre bergalag lengre nede mot fjorden. Jamvel om det stod Kvikk Lunsj og kaffi på timeplanen, hadde me ikkje anna val enn å halsa nedover ufsene til dei andre.

Vel nede ved hylla, måtte studentane vera svært konsentrerte for å få med seg alt som skulle formidlast. For det fyrste lærte me at det er viktig å koma raskt i gang. Som dei sa: «Teoretikarar og planleggjarar finst det nok av på universiteta og i heradsadministrasjonen. I nuten må det handlast, ein får tidsnok veta om det er for tungt for ein mann å halda i tampen.»

Dinest fekk me ei rask innføring i nutaetikken: Sånn i utgangspunktet er alle like mykje verdt, men det er samstundes klart at somme har meir å tapa enn andre. Difor vart kårkallen på 70, med livslang burett og fritt forbruk av eple, sendt ned i skåra, medan 40-50 åringane med blankpolerte traktorar og tenestefolk, vart sitjande att på toppen.

Mannen på hylla skulle festa band på beista, og karane på toppen skulle slepa dei opp på trygg grunn. Brått høyrde me eit rop om meir tau nede frå skåra. Sauen ville ikkje bittast som ein annan marionette, han ville vera fri som fuglen. Då han kjende bandet kring halsen, bykste han ut i lause lufta. Sauen måtte firast ned på bakken under hylla før renneløkka fekk gjort jobben. Til all lukke var bandet langt nok.

Etterpå synte tau-mannen fram nokre såre nevar til studentane. «Slik går det når de let hanskane liggja i sekken», sa han med ei belærande mine. «Akkurat det, kunne eg ha tenkt meg til sjølv», svarte eg. Det var ein tabbe. Etter fleire tiår på skulebenken, burde eg ha visst at ein ikkje må gjera læraren forlegen. «Sidan du kan så mykje, så kan du få bera utstyret vårt», repliserte instruktøren. Dermed hadde Kvikk Lunsjen fått rikeleg med selskap i sekken.

No i ettertid, har eg fundert litt på om det gjekk to band ned på hylla. Stunda var så hektisk, at eg greier ikkje å rekapitulera heilt sikkert. Tek ein omsyn til at dagens pensjonistar plar bruka opp heile pensjonen på seg sjølv, medan ein sau med tre lam fort kan vera verdt fleire tusen kroner, er det vel rimeleg å tru at det berre gjekk eitt tau ned i skåra.

Den fyrste redningsaksjonen gjekk fint. Me hadde lært mykje, men ikkje nok. Lengre inne i nuten, nedst i Øvrebotnen, hadde fleire beist blitt observerte i ei skår. Instruktørane synte oss snaraste vegen rett gjennom nuten. Utan kjentfolk, hadde det ikkje vore nokon leik å ta seg fram. Eg har ofte høyrt at det trengst ballar for å ferdast i slikt terreng. Det stiller eg meg litt kritisk til. Fleire stader er stien så smal at den rett og slett er ueigna for dei med overlag store testiklar og tilhøyrande breitt ganglag. I ei av dei bratte skråningane, demonstrerte instruktørane kvifor det er så viktig å gå fyrst. Dei sparka laus steinar og synte oss kor farleg det kan vera å gå sist.

Frå tidlegare visste eg at lærarane var ivrige brukarar av verneutstyr. Med eigne auge hadde eg mang eingong sett korleis ein sydvest bak fram kunne halda sjølv den giftigaste sprøytevæska på trygg avstand. Eg hadde difor venta at me skulle gå i tau på utsette stader, og at me skulle gå med hjelm under Svartaberget, eit parti med særleg rote fjell. Men det lærte me var heilt unødvendig. Mykje meir effektivt er det å gå fort forbi. Då vil ikkje uflaksen rekka å setja krokfot eller å sikta seg inn med steinane sine.

Vel framme på hi sida av nuten, kunne me konstatera at turen hadde vore heilt bortkasta, næringsmessig sett. Sauene hadde fasta og letna nok til å ta seg ut av skåra utan hjelp. Men estetisk sett, vart me rikt lønna. Det er ikkje til å tru at det kan finnast slik ei grøderik eng med blomar midt oppe i steile berget. Med ei helling på over førti grader, vil det aldri bli noko opplagt reisemål for telt-turistar og blome-kjære bestemødre, men for smale og fjellfolk er det reine pilegrimsmålet.

Me tok sauene med oss den same vegen attende gjennom nuten. For studentane var skuledagen over. Instruktørane, derimot, hadde enno ei lekse å læra. På ein av dei smale stadene, senka den eine instruktøren på farten. Det skulle han ikkje ha gjort. Brått slo uflaksen til og reiv føtene vekk under mannen. I siste liten greidde han, med hjelp frå ein av dei andre instruktørane, å snyta uflaksen for gleda ved å sjå ein tregus stupa i fjorden. Flau over å ha blitt teken på fersken av urøynde studentar, bykste mannen opp att på føtene og raste vidare som om ingenting hadde hendt. Trass i dei kvikke stega, gjekk mannen endå eingong i bakken. Denne gongen var ikkje plassen like utsett, og han vart sitjande litt fortumla og fundera over nutaregelen om høgt tempo. Då såg han det. Snøret på dei splitter nye skorne hadde slitna, og årsaka til snublinga var funnen. Skorne hadde han kjøpt i Odda dagen før. Han hadde fortalt om studieturen og bede om det beste dei hadde, helst med ekstra god støtte kring anklane.

Fjordingane har gløymt at dei gjekk skulder ved skulder med oddingane i 1. mai toga i 1993 og 94. Oddingane kan gløyma mykje, til dømes kvar dei har lagt blodprøvane, men samhaldet frå 94, gløymer dei ikkje. Om dei stadig blir færre mellom pipene, blir dei ikkje mindre utkropne dei som er att. Som takk for sist, hadde oddingen skore lissene halvvegs over.

Studentane hadde ein flott, spanande og lærerik tur. Om instruktørane lærte at det kan vera lurt å halda seg inne med oddingane, og gå i tog sånn cirka ein gong i året, er vel meir uvisst.


Leave a Reply