aug 3 2018

Dressen

No er det alt mange år sidan Gro sa, i beste sendetid på det ein i dei dagar berre kalla ARK: «Tenk positivt, bruk Odda». Oddingane kunne ikkje ha fått eit meir velplassert steroideskot. Sysselsetjinga i industrien stupte og Hjørna Café vart til Hard On, medan oddingane messa uforstyrra vidare på mantraet. Egoet vaks, medan potensen visna hen.

Tretti år seinare, omlag, sit slagordet framleis spikra, jamvel hjå dei med tidlegare adresse langt ut i fjorden. Fleire gonger om året, kjenner eg på det sjølv: I det ein passerer Zinken, eller Boliden, kjem dei positive tankane.

Menneske med positive tankar, er, diverre, disponerte for å sjå mogelegheiter der det eigentleg er mest problem. I sommar, var eg på handletur i Odda. Tanken var å utvida garderoben med nytt møte-ty. Ein dress skilde seg ut: Fargen var fin, snittet var fint og prisen var 18 % av fullpris. Jakka var i største laget, men det er som kjent ikkje noko problem med den pølsa som er for stor. Verre var det med buksa. Den var faretrugande trong: Hadde eg teke eit spenstig hopp, ville anten saumen eller noko på innsida, visseleg ha fått seg eit banesår.

Medan eg stod der framføre spegelen og freista å få oksygen ned til flatklemde rumpeballar og anna, byrja eg å tenkja positivt: «Det kan no ikkje vera nokon heksekunst å sy ut ei bukse, det er jo slikt kvinner og homoar fyller ledig tid med. I vår tid, er det forresten helst utsvelte born som syslar med sying. Alle veit kor vanskeleg det er å få noko gjort når svolten gneg, og det burde soleis vera den enklaste saka i verda for ein velfødd mann?» I positivitetens namn, kjøpte eg dressen.

Vel heime att, fann eg snart ut at det var rom for å utvida buksebaken. Det var berre å spretta opp den gamle saumen og gjera klart for ny saum.

Sjølvsagt sette eg nålene på tvers. Berre dårer ville funne på å setja dei på langs, det er slikt ein gjer om ein har lyst til å trokla bitane saman slik formingslæraren i si tid insisterte på (keramikk og klatting med måling, var hennar greie). Set du dei på tvers i høve saumen, kan du køyra over dei med maskinsaumen. Enkelt.

Med nålene på plass, gjenstod berre å køyra saumen med maskina. Det var ikkje vanskeleg, eg måtte berre vera litt kjenslevar med gassen.

Stunda med symaskina, fekk meg til å stussa over etablerte kjønnsroller:

Det er ålment akseptert at kvinner (og homoar) kan sy, medan menn kan køyra bil. Kan kvinner sy, kan dei søren meg køyra bil. Aldri har eg vore så varleg med høgrefoten som då eg sat ved symaskina. Den hakkinga og småbulkinga eg til stadigheit observerer blant kvinner, er berre eit utslag av at dei kjenner seg tvungne til å oppføra seg slik kvinner skal. Slik er det truleg også med sminke og puter i sofaen: Det har ikkje mykje for seg, dei berre må gjera det for å fylla kvinnerolla.

Desse tankane delte eg med systera. Ho forklarte meg at eg tok feil, på nær sagt alle måtar. Og eg måtte ikkje tru at det å vera skreddar innebar å sy ein saum slik eg hadde gjort.

Nei vel. Kanskje må ein skreddar kunna meir. Men kleda til systera, er ikkje akkurat sydd saman med Hardangersaum.

Buksa passar elles aldeles framifrå. Angrar faktisk på at eg ikkje kjøpte meg eit stilig belte.


jul 13 2018

Samvitsnaget

I gamle dagar, leid dei fleste kvinner av samvitsnag. Medan mennene pusla på med sitt, og vart trøytte nok av det, tenkte kvinnene på alt det dei ikkje fekk gjort: Klesvasken, takvasken, bærbusken, for ikkje å gløyma høy-hoppinga i løa til naboen.

Slik er det ikkje lenger. Moderne kvinnner, kjenner ubehag når dei ikkje har høve til å vitja to kafear på same dag, eller når dei lyt nøya seg med halv-spa fordi dei må på vinkveld med venninnene.

Og på kontoret, er kvinnene vortne så godt som menn, eller var det omvendt? Saka er i alle fall den, at eg meir enn ein gong har kjent eitt eller anna ubehag, kall det gjerne samvitsnag, medan eg har lurt opp fotballsendinga på den eine av dei to skjermane eg rår over. Ein skal nødig gjera seg til domar over levande og døde i utrengsmål, men det kan ikkje vera rett at menn i eitt av dei rikaste landa i verda, skal kjenna ubehag medan ballen rullar over skjermen?

Sjølvsagt er det ikkje rett, og no har eg skjønt poenget. Heilt fram til førre veke, levde eg i den villfaringa at mennene på kontoret kunne identifiserast ut frå kjønn. Så feil kan ein ta. Poengsaldoen hjå SAS, er langt meir avgjerande enn designet på underbuksa: Meir eller mindre utan skuld (berre den at eg søkte dei aller billigaste flybillettane), havna eg på ei svært lang mellomlading i København. Der sat menn, både med og utan blondeunderty, og heia openlyst på unggutar med unaturleg ballkontroll.

I fyrstninga, kjendest det litt ubehageleg å sjå på fotball medan ein like gjerne kunne ha gjort ferdig excel-tabellen, men litt etter litt tilpassa eg meg stemninga: Me var jo alle representantar for verksemder heilt i toppen, og det skulle jo berre mangla at me ikkje støtta opp om andre med tilsvarande ambisjonar. Etterkvart slapp tanken om excel taket. Gleda over å representera det eksellente, fekk meg til å kjenna at eg var med på noko viktig. Men trøytt, vart eg.


des 20 2017

6ist1

I haust har det vore uvanleg mykje prat om trakassering i arbeidslivet. Trakassering vil seia at ein utset andre for skræmande, krenkjande eller audmjukande handlingar eller ytringar. Mottakaren, den utsette, avgjer om det er trakassering eller ikkje. Om kjenslene hans seier at han er trakassert, er han det.

Omgrepet kan vera relevant i stort sett alle situasjonar der menneske møtest. For å gjera det enklare og meir handgripeleg, vil eg denne gongen avgrensa meg til å sjå på kva seksuell trakassering kan vera i eit kontormiljø. Vanleg sunt bondevit kan hjelpa oss eit stykke på veg med å identifisera kva handlingar eller ytringar ein bør halda seg  vekke frå. Særleg tre reglar er viktige, og mykje ville vore gjort om ein hadde lukkast med å fylgja desse. For det fyrste bør ein dekkja til slikt som kan minna om reproduksjon. Dinest er det viktig å halda seg for god til å kommentera kroppslege attributtar hjå kollegaene. Og for det tredje, er det viktig å avgrensa kroppsleg kontakt til handhelsing. Diverre kan sjølv enkle retningsliner vera vanskelege å fylgja. Særleg blir den tredje regelen jamt utfordra av den evige klemminga.

Jamvel om alle hadde vore tru mot reglane, ville fenomenet ha overlevd. Bondevitet strekk ikkje til åleine. Kjenslene rotar det til. Til dømes kan den same ytringa utløysa kjensler frå heile spekteret: Somme kjenner glede, somme kjenner seg støytt, og somme kjenner ingenting. Endå vanskelegare blir det heile ved at kjenslene til mottakaren let seg styra av avsendaren. Einskilde kan senda avgarde det mest utrulege, medan andre helst lyt halda seg heime om ingen skal bli støytt. Og ikkje nok med det. Menn lyt i tillegg passa seg for overgangsalderen. Klimakteriet til kvinnene, er som ein flau vind å rekna i høve til stormen som fylgjer omforminga frå pubertal ung mann til gammal gris.

Alt dette handlar om at nokon gjer eller seier noko for å marknadsføra seg sjølv som eit seksuelt vesen, eller for å understreka at ein kollega er eit seksuelt vesen. Og at mottakaren, kollegaen, ikkje set pris på dette. Hjå han seier kjenslene at merksemda kjennest feil.

Kva då med dei som kvar dag står opp, kler seg sømeleg, opptrer høveleg og går på jobb med eit ynskje om å bli lagt merke til? Er ikkje deira kjensler like mykje verdt? Dei kjenslene seier at det kjennest feil at ingen ymtar frampå om seksuell verdi eller potensial. Kanskje er det greit at ein, to eller fleire konsentrerer seg om stilar eller reiserekningar, men kva om heile kollegiet gjer det kvar einaste dag? Når merksemda blir fråteken så systematisk, er det næliggjande å forventa at det oppstår negative kjensler knytt til dette. Og då har me med Type 2 trakassering å gjera, jamfør trakasseringstypologien under.

Ynskjer merksemd Ynskjer ikkje merksemd
Får merksemd Type 1 trakassering
Får ikkje merksemd Type 2 trakassering

Ein skal sjølvsagt ikkje bli for personleg, men omfanget av Type 2 trakassering var lenge alarmerande ved vårt kontor. Heilt til sjefen tilfeldigvis kommenterte kor fast rumpe ein kan få ved å nytta seg av tilbodet om trening i arbeidstida. Samstundes vart det ymta frampå om at jamnleg kontroll av treningseffekten, kunne bytast i ei stilling som mellomleiar. Somme ville nok ha opplevd kommentaren som eit omen om ragnarok, andre ville ha tenkt at dette kan vera eit avgjerande skilje i karrieren. Eg, derimot, tok meg tid til å reflektera. Dersom eg hadde stått på bar bakke, måtte eg ha vurdert alle framlegg. Men som rådgjevar i staten, hadde eg til salt i grauten. Ekstra monitorering av den viktigaste arbeidsreiskapen til ein kvar kontorist, høyrdest forlokkande ut, men å skubba nestleiaren av stolen, var ikkje noko alternativ. Den jobben vart skjøtta på ein framifrå måte. Det fekk berre vera at det kanskje ville gå år før neste sjanse til forfremjing ville by seg. Eg spurte difor om me kunne avgrensa oss til monitoreringa, men det var ikkje interessant. Litt av poenget for sjefen, var å få stimulert kjensla av makt gjennom å gje noko for å kunna ta noko anna. Ei forhandla løysing, ville føra til kaos i kjenslene til sjefen.

Også dette maktspelet blir lettare å forstå om me lagar ein tabell med fire felt. Legg merke til at det no er ein seksuell relasjon på plass, i tillegg til det asymetriske makttilhøvet.

Vil ha ny jobb OK med eksisterande jobb
Får tilbod om ny jobb  Transaksjon Trakassering av sjef
Får ikkje tilbod om ny jobb Trakassering av arbeidstakar Kjærleik

Trakasseringsordskiftet i haust, har gjort det synleg at omfanget av uheldige relasjonar er høgt. I tillegg har det blitt klart for oss alle at transaksjonstenkjinga, med røter attende til vogga åt sivilisajonen, er problematisk. Berre kjærleiken står att. Og det må vera greit, så lenge han varer?


des 1 2017

Svevestøvet

Tek eg ikkje heilt feil, er det snart jol igjen. Augo renn og nasen klør. Når kroppen elles er frisk og fin, kjem denne kjensla berre to gonger om året: Om våren, når bjørka tømer seg midt i fjesa våre, og i november, når kona fyrer opp adventskosen. No er det beksvart ute klokka seks, så vår er det ikkje.

Alt den gongen røykjelova kom, var eg skeptisk til dei openberre hola. Lova inneheld fint lite om røykleggjing med andre substansar enn tobakk. Korkje stearinljos, faklar eller koselege peisar, er nemnde med eit ord. Lovgjevarane tenkte vel at husmødre og festarrangørar ikkje hadde vit til å lesa lova, eller pengar til å halda seg med skarpskodde advokatar, slik skatteplanleggjarane gjer. (I alle fall har dei som planlegg så det monnar, alltid ein advokat i ermet. Heller 300 000 til advokaten enn 200 000 til staten, den dævelen.) Men med husmødrene, tok dei feil. Også der i garden er det slik at det som ikkje er forbode, det er lov.

Av og til bør ein sanna syndene sine. Jamvel om ein ikkje er oppteken av det der med evig liv/nye liv/sjalabais med jomfruer frå Paradis, kan det vera greit å ta ein gjennomgang av eigne vanar og røynsler i høve til kva ein burde ha gjort. Og eg har noko å sanna. Opptil fleire gonger har eg kjent stor glede ved å fyra opp ein sivilisert sigar, eller ein suspekt sigarett, etter at middagen vel er eksekvert. Post Høybråten, har dette vore det same som å eta frå foringsstasjonane for isbjørn: «Lukten!» «Nesen!» «Øynene!» «Halsen!» «Pusten!» «Lungene!» «Umoderne!» «Undermennesker!» «Jeg dør!»  (Slik talar byfolk. Folk frå andre deler av landet, ville ha sagt: «Kva faen er det du driv med, kom deg ut!»)

Uansett, ut har eg lydig gått. Ute på den mørke og kalde altanen, har vindauget synt festen på storskjerm: I peisen brenn det livleg, på bordet står det høge ljos som ein blafrande vegg mellom gjestene, og i kvar ein krok står det eit teljos og sender ut sjanglande ljossignal. Ikkje eingong i helvete, finst det meir uvøren omgang med open eld!

Altandøra er slusa. Kryssar ein den, er ein deltakar i røyndomsfjernsynsforteljinga. Alle veit kor viktig det er å vera med. Vel kan det vera vondt, men all vyrk er betre enn å bli sendt heim. Inne er det varmt. Og etterkvart som teljosa i krokane må bytast ut, byrjar augo å renna, og halsen å snøra seg saman. Astmatikaren tenner i nokre nye ljos og spør om røykallergikaren kan leggja nokre pinnar til på peisen. Båe lurer på korleis det er råd for eit fornuftig menneske å røykja sigar.

Etter ei slik samkome, kom eg til å kikka litt i avisa. Der stod det å lesa at ein ikkje burde kosa seg med faklar, levande ljos eller open peis. Lufta vart rett og slett forpesta. Danmarksplass klokka 08:00o, var som fjelluft å rekna i høve til inneklimaet i ein superkoseleg heim.

I det siste, eller kanskje rettare i kvar einaste adventstid, har eg freista meg i rolla som vitskapsformidlar. Med sånn passeleg suksess. Bør nok fokusera mest på dei komande generasjonane. Foreldre- og besteforeldregenerasjonen, har bestemt seg for å bli kvelt av ein koseleg stearinljoskols. Trass i det, freistar eg å senda stearinljosbrukarane ut på altanen når dei er hjå meg.  (Skund deg, steng døra, er du snill, det osar sånn inn!)

https://www.nrk.no/nordland/disse-kan-gi-darlig-inneklima-1.13246540


okt 12 2017

Navleskodinga

I fjernsynet førre dagen, såg eg ei dame på alder med denne bloggen som skrytte av at ho hadde 100 000 lesarar av sin blogg. Mine kan teljast på to hender, rett nok på hendene til ein tenåring fyrste gongen han får lov inn under gensaren, men uansett er det eit stykke att til 100 000. Talet på lesarar skal ein ikkje bry seg om, det er skrivinga, eller formidlinga, som tel…? Vel, litt bryr ein seg. Pitte litt. Akkurat nok til at ein sjekkar kva dei skriv om, desse i 100 000-klassen.

Dei er forbausande like. navleskodingStort sett er det snakk om unge, velstelte og veldreide kvinner. «Olé, ein ungkar sin draum», som det heiter i songen. Tematisk er dei opptekne av klede, te-ljos og andletsmåling, i tillegg til mat og gymnastikk. Urovekkjande få innlegg handlar om stemplingsrutinar eller distriktspolitikk.

Eg skriv også om klede og fysisk fostring, så nøkkelen til å få fleire lesarar, kan ikkje liggja der. Alder eller kjønn kan det ikkje vera, det ville ha vore diskriminerande, og dessutan svært krevjande å gjera noko med. Me sit såleis att med mat, te-ljos og andletsmåling. Mat er naudsynt, men utruleg keisamt. Orkar ikkje eingong å vurdera å skriva om det. Te-ljos og andletsmåling?

Kunnskap  er ikkje alltid så lett å gjera seg nytte av. Fyrst som sist, er det berre å innsjå at ikkje alle kan bli som dei i 100 000-klassen. Somme må læra seg å leva med lite, som dei seier i Høgre.

Litt kan eg gjera. Eg kan til dømes skriva meir om populære ting når eg eigentleg ynskjer å formidla noko anna, og slik lura lesarane gjennom teksten. Eit hypotskoetisk døme kunne ha handla om plassering av sko. Det er nemleg mogeleg å skriva om sko når ein eigentleg ynskjer å laga eit beiskt innspel til ordskiftet om opne kontorlandskap.

Kva om ein har fleire skopar, kvar skal ein setja dei overflødige?  I tillegg til å vera eit konkret spørsmål, er dette eigentleg eit lurespørsmål. Ingen kontorist ville ha funne på å draska med seg unødvendige sko. Dersom de tek dykk tid til å granska i biletet, vil de sjå eitt skopar til å ha på seg under arbeidsdagen, eitt par utslitne joggesko som er gode nok til tredemølla, eitt par til jogging utomhus, eitt par til fotball, eitt par til å handla lunsj i, eitt par til å gå på møte i og til slutt, eitt universalpar som toler regn. I skrivandes stund, er ikkje talet på sko noko problem. Så lenge det finst golvareal på cellekontoret, kan ein sko seg for nye oppgåver. Om det skulle bli trongt, kan ein alltids skaffa seg ei skohylle. Men korleis blir det om me blir plasserte i opne kontorlandskap? Blir det laga eigne rom berre for sko, etter modell frå våpenhusa i kyrkjene?


jul 4 2017

Klagemuren

klagemurNo er det høgsommar. Vårblomane har visna, sola har snudd og sommarbåten seglar i sneglefart over sendeflata til NRK (Lurer forresten litt på om det ikkje er eit tog i år.). Mange vel å oppsøkja familie, tronge butilhøve og mygg på denne tida. Ferie, blir det kalla. Saman med den utvida kjernefamilen, vil slik ferie få dei sosialt samvitsfulle til å kjenna ei djup glede, eller gje dei ein viktig samvitsmessig stimulans. For oss andre, kan det fort bli litt keisamt. Dette er ålment kjent. Alle veit at slike situasjonar kan bli trykkjande. Det er difor nokon har funne opp pappvinen.

Medan ein sit der og skal få ein dødsdømd drøs til å gå, vil ein eller annan, før eller sidan, koma inn på helserelaterte spørsmål. Oftast, vil dette setja kveik i ordskiftet: Mange vil snakka om den vonde ryggen sin, somme vil snakka om sveitte, og svært få, berre dei mest dedikerte, vil tørka vekk skamma og fortelja ulike do-soger.

Ekte feministar, er alltid på allerten. Dei vernar ikkje berre kvinner, dei kjenner omsut for alle svake grupper. I familiære samtalar om plager, vask av klede og snøen som fall i fjor, er det meir enn tydeleg at menn har drege det kortaste strået. Menn misslikar prat utan eit føremål. Feministane skjønar at denne ibuande motviljen mot svada, gjer stunda vanskeleg. Men der stoppar forståinga og verneviljen. Om det kjem ein aldri så liten referanse til sjukdom eller plager slik menn opplever det, blir det allsong. Som regel er det slåtten til Vinsketten: «Sjå kor sjuk han e», som ljomar mellom veggene.

Etter at songen vel er framført, blir det laga spontane vitsar om kor ynkelege menn er: Dei er alltid sjuke, dei klagar fælt og det feiler dei ingenting. I alle fall ikkje i høve til kva kvinnene har å slita med.

Nei, det er nok ikkje heilt enkelt å vera kvinne. Men syt menn meir? Sjølvsagt gjer dei det. Menn syt, medan kvinnene berre seier i frå om korleis det står til:
1. Dei går oftare til lækjaren.
2. Dei tingar fleire reseptar.
3. Dei søkjer i størst grad hjelp frå alternativ medisin/helse (kvakksalvarar).
4. Dei sjukemelder seg i større grad.
5. Dei likar å snakka om sjukdom og plager, gjerne diffuse.
6. Dei lever lengst.

Ei stor fleirnasjonal undersøking, stiller mange spørsmål om ulike helseplager til born og unge. Historiske data, presenterte på ein konferanse og ikkje kontrollutrekna av Kontoristen, viser eit tydeleg mønster. Kvinner, eller jenter, er heilt normale som 11-åringar. Som 13-åringar, har dei byrja å melda om plager, og som 15-åringar, er dei for fullborne kvinner å rekna: Då er det noko gale med det meste.

Med slike fakta og tal i ryggen, verkar det urimeleg at kvinner skal kunna skjemta med at menn er skjøre som krystall og slitesterke som fuktutsett dopapir. Det er nok ikkje urimeleg. Eitt av dei mange kvinnelege privilegia, er å ha kjensler som kan overstyra det meste av kunnskap.

Kanskje er det småleg å dra fram slike ting no som feriepraten står for døra. Truleg det. Men ingen vil høyra om tånaglen min. Den grev seg inn i tå-kjøtet, og stikk hol på labbar og sko.

Lenkjer


apr 29 2017

Sving og sveitte

swingEg kjenner ei tilårskomen dame, ho er sikkert over 50 år, som er usedvanleg flink til å dansa. På parketten er ho som eit fjon; har ho ikkje før svinga seg eine vegen, startar piruetten den andre.

Ho treng ikkje meir enn musikk og ein mann for å koma i humør. Det vil seia, det held ofte berre med  musikken. Dersom mannen er av den, dansemessig sett, litt utilstrekkelege sorten, får ho omlag same uttrykket i fjeset, som mensa-folket får når dei må forklara at den manglande figuren er ein grøn trekant.

Men når det er full klaff med både mann og musikk, trur ho ikkje lenger at englane berre finst i himmelen (jf. Ole Ivars). Ho flyg over golvet med eit andlet som born i gamle dagar hadde på jolekvelden. (I vår tid, er borna så vekkskjemde og ufordragelege, at dei berre lettar på smilebandet om gåvene overgår dei villaste fantasiane.)

Denne dama bestemte seg for å gje noko heilt spesielt i gåve til dottera si. Og kva gjorde ho? Jau, då gjekk ho på internett og søkte etter danseklubbar på eksotiske destinasjonar. Dottera har aldri vore spesielt interessert i dans. Men, tenkte mora, er destinasjonen eksotisk nok, kan det vel tenkjast at dottera får fart på føtene?swingclub

Ropar ein på internett, får ein svar. Snart var turen organisert med fly, husrom og danseklubb. Alt gjekk sånn nokolunde etter planen, heilt til dei skulle på dans. Mottakinga var storarta, vertane stod på pinne for dei gjestande damene, men det vart likevel ikkje heilt slik dei hadde sett det for seg. Det synte seg at på swingers-klubbar, syslar dei med litt meir enn vanleg swingdans.


mar 23 2017

D-coup d’état

flittigliseDen gongen eg flytta inn blant holkort og Tiki-100, sat det stort sett menn i dei beste stolane. Slik er det ikkje lenger. No kan kvinner bli både statsminister og kontorsjef, ja til og med biskop kan dei bli utan at så mange hevar på augebryna. Hadde det ikkje vore for at det framleis finst eindel konservative strukturar som løftar menn opp til ufortente høgder, ville det sett verkeleg stygt ut.

Slik har det blitt fordi kvinnene har kuppa utdanningssystemet. Dei har gjort det slik at det skal betala seg å vera flittig og flink på skulen. Er det rettvist?


mar 10 2017

Deilig trening

Kontorarbeid er ikkje akkurat noko å bli sprek av. Ein sit no helst på ræva og trykkjer. Jamvel når ein ikkje trykkjer, sit ein og vaglar.

Trening er difor noko dei fleste kontoristar syslar med. Somme helst på eit teoretisk plan, andre stykkevis og delt, og atter andre fullt og heilt. Sams for dei to fyrstnemnde gruppene, er at dei ikkje fyrst og fremst fryktar dårleg kondisjon og manglande stål i bein og armar. Det dei er redde for, er at vomma skal deiga seg ut over kontorpulten slik at det ikkje lenger blir plass til avisa, mobiltelefonen og lommeboka.

I mylderet av treningstilbod, er det mangt å velja mellom. Blant nyare aktivitetar, finn me «bootylicious». For tilårskomne karar frå landsbygda, er det slett ikkje så enkelt å få taket på kva dette er, i alle fall ikkje endeutan hjelp av ei moderne ordbok. Truleg er det kreativ samskriving av orda «booty» og «delicious», altså ræv og deilig. Soleis snakkar me om ræv-deilig trening. For meg er det framleis litt uklart kva dette er. Men at det er eit ræv-dårleg namn, det kan me alle vera samde om. Trass i namnekvaliteten, talar hordar av høgt utdanna kvinner entusiastisk om aktiviteten, og dei vrikkar seg gjennom den eine stillinga etter den andre. Eg likar å tenkja på at det står ein svært grisete mann bak både koreografien og namnet.