Austatrekken

Nordmenn har vore ivrige kjøparar av japanske bilar og teknisk utstyr, men dei har vore noko meir atterhaldne med å importera dei eksotiske sidene ved japansk kultur og populærkultur.

Me byrjar likevel å bli kjende med stadig fleire skikkar og underhaldningsprodukt. Somme ser sære filmar eller teineseriar, andre spelar pokemon eller syng karaoke. For ikkje å gløyma sushien. Den hersens sushien. I årevis har fullvaksne nordmenn måtta stå skulerett og forklara kvifor dei ikkje har lyst til å eta dei stinkande fiskebitane. Obelix var kanskje ikkje den glupaste, men noko hadde han fått med seg.

Slik har eg sjølv hatt det. Vener har invitert på sushi, og eg har freista å forklara at ein treng Grandiosa for å bli mett. Gong etter gong. No har venene mine heldigvis slutta å tyta om at sushi er gode greier, og eg har vakta meg vel mot å få nye vener.

Akkurat i det eg kjende meg trygg, fekk eg ei gåve frå ein kollega: «Sjå kva dei har i Japan; sunn snacks. No kan ein eta alt ein orkar til Gullrekka, og ikkje kjenna det minste ubehag av attråen ein har synt etter godsaker.»

Vel knaste det i sild, tang og reker, men chips var det ikkje. Ei heller kunne dei med kjærleik for gummisnop, mana fram rare godkjensla med dei seige blekksprutarmane. Sukkerkrabben var både søt og sprø, men definitivt ikkje noko substitutt for Smash.

Tenkjer eg nøye etter, er det neimenn ikkje mykje meir enn bilar og teknikk japanarane har å by på. Japansk TV-underhaldning, kan i beste fall nyttast til å geniforklara Dan-Børge, pop-musikken har omslag ein berre kan distribuera på «det mørke nettet» og  geisha-kulturen…

Slik har eg ikkje alltid tenkt om japansk kultur. På 80-talet, var eg svært fascinert av karate, sverd og samuraiar. På eitt tidspunkt, vurderte eg til og med om det var tøffare å vera samurai enn kåbbåi.


På den tida, sat eg mykje i kjellarstova. Den var relativt nyoppussa med tjukt teppe og platespelar. Litt vilkårleg, fann eg ein av dei mest ikoniske rockelåtane på ei av platene: «Smoke on the water». Det vart starten på eit mangeårig tilhøve til plata «Made in Japan». (Og der hadde me fiksa koplinga mellom sushi og Deep Purple.)

(Note: Det tjukke teppet ligg framleis på golvet i stova. Truleg er det den mest verdifulle tingen på heile bruket. Berre for moro skuld, sende eg inn ein prøve frå dette teppet. Laborantane kunne ikkje tru kva dei fann: I tillegg til muggsopp, fleinsopp og penicillin, vaks det 150 ulike soppar i teppet, fleire av dei ukjende for vitskapsmennene. Morellvins- og sidermarinaden hadde, saman med 30 års akkumulert austeuropeisk fotsveitte, skapt fungirado, eller drøymestaden for sopp. Vitskapsmenene rekna seg fram til at om ein åt 1 gram av dette teppet, ville ein få tidenes tur til Venus og attende. Vel heime att, ville ein garantert vera fri for alt av bakrus og bakterieinfeksjonar.)


Leave a Reply