Dyrelåten

Ylvis-brørne, vart trykte til verdas bryst då dei problematiserte kva låt reven gjev i frå seg. I aust og vest nikka dei attkjennande til undringa dei synte for dagen, og til den openberre mangelen i dei oppsedande songane. Lite visste tilhengjarskaren i Yorkshire og Yawata, om at Ylvis-brørne byggjer på ein stolt norske tradisjon.

Nær sagt til alle tider, har det i Noreg funnest ei djup interesse for dyra og kva dei måtte ha å fortelja. Arne Bendiksen, til dømes, lurte på kva ein ville få greia på om ein kunne snakka med dyra og høyra kva dei hadde å seia. Andre har vore meir sikre i si sak. Av desse, må me nesten nemna Märta Louise. Ho arrangerte dyre kurs om korleis ein skulle tala med dyr. Mange ynskte å gå på desse kursa, truleg fordi dei budde saman med ein hingst det ikkje var råd å snakka med om hårkurar eller neslevatn. (Og nei, eg er ikkje fordomsfull i høve kvinner. Det kan godt tenkjast at også homofile menn gjekk på kursa.)

Den største dyrekjennaren i halv-nyare tid, er likevel Mikkjel Fønhus. Han var ei gaupe. Han var ei ugle. Han var ein elg. Hadde berre Ylvis-brørne vore pittelitt eldre, kunne dei ha spart seg heile suksessen. Mikkjel hadde ikkje berre kunna fortalt dei lyden, han kunne ha referert heile den eldre edda på revsk.

Eingong på barneskulen, fekk me i lekse å lesa «Jerv» av Fønhus. Me måtte endåtil skriva stil om den. (Dette var tida før Internett. Ein måtte rett og slett lesa boka for å kunna skriva ein fornuftig stil. Ingen referat eller gode tolkingar var å oppdriva, sånn på sparket.) Eg la meg på sofaen saman med boka og ein kasettspelar, samt ein kasett frå folkehøgskuletida til systera. Heile tida medan eg las, høyrde eg på den same kasetten. Boka fenga meg faktisk. Litt etter litt tenkte eg som ein Jerv, og eg såg for meg Hårteigen og Kjeåsen. Musikken passa perfekt. Diverre vart kasetten øydelagt kort tid etter, og det jervske lydsporet var borte.

Så kom Spotify: Atter eingong er eg ein jerv. Atter eingong ser eg for meg den karakteristiske forma til Hårteigen.

Er ikkje sikker på om plata eigentleg er så god, bandet fekk berre ein viss suksess, fyrst og fremst i Noreg, men koplinga mellom musikk, lekser og kjensler, er interessant.


Leave a Reply