Turistindustrien

obese-coupleOm ikkje så lenge, vil me ha motteke den siste olja. Jamvel om det kan høyrast ein smule merkeleg ut, er det altså slik at me skal leva vidare etter den merkedagen. Om me har noko å leva av, sjølvsagt.

Turisme, er ofte trumfen i ordskiftet kring næringsutvikling. Turistar er tjukke i pengar dei viljug viftar med. Og desse pengane vil me ha tak i, men då lyt me altså fyrst lokka dei til landet. Nokså mange har difor sett ut eit rykte om at ulike deler av Noreg, er som Toscana i Italia. Toscana har fint ver og god vin. Ingen stader i Noreg har så fint ver, og i alle fall ikkje god vin. Det er, kan hende, likevel ikkje heilt feil å samanlikna desse stadene i Noreg med dette kjende området i Italia. Som kjent, er det jo i Toscana at toskane bur, og slike har me jo rikeleg av i Noreg også. Spesielt i visse område, tydelegvis.

Nyss har eg vore på reise for å studera desse turistane me så gjerne skulle ha kalla till oss. Ei veke blant vraltande mage-menn og kravstore disse-damer, har gjort meg skeptisk til om det er så rosenraudt å få dei til husars. Skrantne tenarar har fått i det glatte lag om dårleg mat og små porsjonar, harde senger og kraftig solljos om morgonen. Utslitne av naudsynt irettesetjing av tenarane, og truleg svekka av labert næringsinntak, orka ikkje turistane anne enn å vagga seg ut på ei solseng. Der låg dei på lading for å samla energi til neste irritasjonsutbrot.

Trass i at eg er lunken til planen om å ta opp kampen om desse turistane, ser eg mogelegheiter. Noreg har jo lange og stolte tradisjonar innan kvalfangst, broilerproduksjon og tungindustri. Kanskje kan den ekspertisen kombinerast og nyttast til noko framtidsretta?

boliden-odda-2Truleg er det gjort i ei handvending å omforma dei halvtome smeltehallane rundt om i landet til hypermoderne turistfabrikkar. Vasskrafta vil gje rein energi til solariumpærene i taket, samlebandet vil flytta turistane, nærast umerkeleg, frå sol-sona til foringsstasjonen og vidare ut på kaien, der dei får sjå både fjord og fjell. Og det beste av alt: I produksjonsområdet vil det vera påbode med høyrselvern.

Konseptskisse er alt sendt til Stagnasjon Norge. Noko stort er på gang!

stagnasjonnorge


One Response to “Turistindustrien”

Leave a Reply