Musikaliteten

Ikkje i dei mest oppøste stunder, ville eg ha kome på å kalla meg sjølv musikalsk. Rett nok har eg brukt år av livet på å blåsa mellomstore instrument, men ikkje sidan forbodet vart oppheva i 1972, har det vore eit teikn på at ein er musikalsk.
Slike som berre stikk tommelen i jorda, er truandes til litt av kvart, men me som har hatt jord opp til olbogane, og då meiner eg båe to, legg ikkje ut om røynslene frå skulemusikklaget og althornet. Me skjønar at det å vera musikalsk, er meir enn enn å kunna handtera eit horn på rytmisk vis.

Althorntida, fell for min del saman med tv-tida. Eg såg alt NRK hadde å by på. Interessa for «Trim for eldre», var rett nok laber, men det skulle ikkje rare snuen til, før eg heldt meg heime frå skulen for å sjå på «Skulefjernsynet». Ein gong eg sat der og glodde, var det jazz på programmet. (Eg har gløymt kva han hiter, han jazz-mannen med grått hår og nattønskestemme.) Ein rar gamling spelte trompet. I utgangspunktet, var det heilt feil. Jazz var på den tida som feilplassert jizz. Likevel var det noko eg likte. Mannen fekk trompeten til å høyrast kul ut, det var ikkje mykje som minna om kornettane på korpsøvinga. Eg høyrde meir på spelet enn på praten, og fekk ikkje med meg kven musikaren var. Seinare freista eg å finna det ut, men ingen andre hadde sett programmet.

Nokre år seinare, høyrde eg same lyden på radioen. Og eg spissa øyro: Chet Baker spelte trompet, medan Jan Erik Vold las dikt. Den plata kjøpte eg.

I gymnastida, framførte eg eitt av desse dikta medan ein kompis spelte jazz-gitar. Han var hakket flinkare, skulle gå på Tonheim og greier. For meg, er den framføringa noko av det mest pinsame eg har vore med på. I edru tilstand, er berre jolekvelden i 1980 verre. Då var systera relativt ny i korpset, og ho var ein dævel på kornett. Ho meinte at det var ein glimrande ide at eg skulle syngja «Eit barn er fødd i Betlehem», medan ho spelte til. Det var det ikkje.


Leave a Reply