Helvetesdebatten

Mange lever i den villfaringa at Helvetesdebatten vart ført på femtitalet mellom Hallesby og Schjelderup. Slik er det sjølvsagt ikkje. Den verkelege helvetesdebatten, fann stad på Hauso skule på midten av 1980-talet.

Me hadde fått ein ny lærar med tydeleg livssyn. Om det var tidleg eller seint, om det var musikk eller sløyd: Den nye læraren hadde alltid ein salme på lur for å få oss i den rette stemninga. Entusiasmen, let venta på seg. Me tykte det heldt med fadervår i matpausen og «Herre Gud» i kristendomstimen, men læraren gav seg ikkje. Læraren tenkte nok at etter sju magre, kjem det sju feite. Situasjonen var litt spent, ikkje tvil om det.

Læraren var den vaksne og strekte ut ei hand: Om me song «Ungdommens frelser» av full hals, skulle me få lov til å ha «Ti i skotet» i musikktimen. Me song. Og me la ein plan.

Då musikktmen vel var over, kunne me presentera fylgjande resultat: (Eg hugsar ikkje plassane frå 10 til 5)
4. plass: Jahn Teigen (var det Do Re Mi?)
3. plass: Ozzy Osborne, Centre of eternity
2. plass: Rolling Stones, Sympathy for the devil
1. plass: Beranek, Dra Te Hælvete

Me ante at det kanskje kunne bli eit etterspel, særleg sidan me ikkje fekk lov til å spela vinnarlåten ein gong til på full guffe. Heilt sikre, blei me då læraren gjekk ut av klasserommet midt i den nedtona presentasjonen av vinnaren. Utan lærar i rommet, kunne me skru volumet heilt opp. Det var kjekt, men me visste at gleda ikkje ville vara.

Brått sat me på kontoret til øvrigheita. Der likar berre den øvre å sitja. Kan ikkje hugsa at det var nemneverdig fokus på tilpassa oppplæring der i garden, men me fekk formidla at me, som organisatorar, var heilt avhengige av innspel frå klassen, og at me hadde organisert eit heilt standard opplegg for «Ti i skotet». Elevane hadde kome med kasettar, og me hadde spelt dei av. Med stor fare for alvorleg krenkjing av den private eigedomsretten, fekk me høyra at «De har ikkje spelt kasettar, de har spelt dra-til- helvete-kasettar!» (Kasetten tolte å bli slengt i veggen. Verre gjekk det med omslaget.)


Leave a Reply