aug 31 2017

Kravet

tranmelw

No er ho her, tida. Om berre nokre timar, er det for seint. Bikkar klokka 23.59, blir det smalhans i enno eit år.  Hjå oss er det nemleg slik at kvar og ein lyt argumentera for at ein, og ikkje ein annan, fortener ein liten slant ekstra i lønsoppgjeret, og no er altså fristen uhyggeleg nær. Tidsråma hadde ikkje vore noka utfordring om ein var ein breikjefta bergensar, ein viktig vossing eller ein blærete bærensar, men det er ein jo ikkje.

Kanskje er det heller ikkje verdt bryet? I år er det berre snakk om småpengar til fordeling. I alle fall for «oss på gølvet», som gjerne er nemninga i slike tider. Sjefen har vore tydeleg på at moderasjonslina er for ein nasjonal dugnad å rekna. Maksimalt kan det vera snakk om 2-3 %. Om ein når fram med kravet, vel å merke.

Det er tøft å fronta ei slik line i høve arbeidarar med tilbodsvarer både i kle- og kjøleskåp. Tøft er det også å halda tale om at arbeidarane er den viktigaste ressursen til verksemda. Særleg i år der søknader går åt skogen og skjelett fell ut av skåpa. Så tøft er det, at styret kan finna det rimeleg å melda sjefen inn i «The 5 % community». I eit sjefsperspektiv, er dette langt på veg ekstremvarianten av moderasjonslina. «Solidaritet i praksis», som Erna ville ha sagt. For oss med «Mykje godt» i prosentrekning, er det ikkje naudsynt med kalkulator for å finna ut at den eine 5-prosenten kunne ha blitt til tre-fire 3-prosentarar i den viktigaste ressursen til verksemda.

Men kva er det eg held på med? Sjefen kan eg ikkje fekta med, han spelar i ein annan divisjon. No i lønsoppgjeret, er fiendane å finna blant dei jambyrdige kollegaene. Det er berre å hoppa i det: Continue reading


aug 24 2017

Festlækjaren

trust-me-im-a-doctorMads Gilbert, den rabiate nudistlækjaren, øydela mi trygge og stereotype oppfatning av lækjarane. Før eg såg han på fjernsyn, trudde eg at lækjarane var born (helst søner) av lækjarar, at dei hadde kjøpt karakterane sine på privatskular eller ved institusjonar i utlandet, at dei elska hierarkiske strukturar med kvitkledde på toppen, og at dei alltid røysta på Høgre. Kanskje passar fleire av desse kjenneteikna på Gilbert også, men han har, både med og utan varmt barneblod rennande frå fingrane, sagt ting det er uråd å seia for ein høgreveljar.

Og i det Gilbert synte oss testiklane sine, slo ein tanke ned i meg: Kan det tenkjast at lækjarane er i ferd med å bli som oss andre? Tanken er dristig. Lækjarkappa syter for ei  fysisk uniformering og einsretting av heile gruppa. Spørsmålet er om den også gjev mentale føringar, slik den openbert gjer om ein utvidar habitten med ein krage eller ei hette.

For å finna ut i kva grad lækjarane er like, har eg vandra frå fastlækjar til fastlækjar med det same spørsmålet: «Eg trur eg drikk litt for mykje. Kva bør eg gjera?» Svara varierer mykje. Har nesten vanskeleg for å tru at alle desse er høgreveljarar.

  1. Du bør slutta å drikka.
  2. Du bør halda deg til varer produsert i Noreg.
  3. Du bør handla meir på tax-free.
  4. Du bør forsikra deg om at varene er økologiske.
  5. Du bør velja kvalitetsvarer, helst noko litt eksklusivt. Det fortener du.
  6. Du bør sjå det som ein mogelegheit til å syna solidaritet med bøndene i EØS-området.
  7. Du bør velja papp-vin, den er lett å bera. Og du bør ikkje drikka åleine.

aug 18 2017

Kontrolløren

5768975-husmoderPå 1950-talet, vart det populært å fylla husa med dingsar av ulikt slag. Desse dingsane hadde stort sett eit forståeleg formål. Dei rørte, fraus og varma slik at livet vart lettare å leva. Samstundes var samfunnet organisert slik at mannen stort sett hadde ansvaret for å få dingsen i hus, pakka han ut og setja i støypselet. I det ljoset kom på, overtok kvinna ansvaret for apparatet.

Så gjekk utviklinga heilt over styr. I rusen etter dei fyrste suksessrike åra, byrja ei ukontrollert utvikling av dingsar. Produsentane tok ikkje alltid omsyn til om nyvinningane kunne nyttast til noko, tanken var at det sikkert ville melda seg eit behov, litt etter litt.

På eitt vis, fekk dei visjonære produsentane rett. Velstandsauken ordna den biffen.  Med velstanden kom kjøpe-behovet, altså trongen til å handla utan å ha noko anna formål enn handelen. Menneske generelt, og kvinner spesielt, har, særleg i vår del av verda, ei nærast kjønnsleg drift mot varehyllene.

Sjølvsagt fekk slik framferd konsekvensar: Dei aller fleste hus er proppfulle av ting og dingsar. Og motsett av kva ein skulle tru: Bur der fleire under same tak, er auken eksponensiell. Stordriftsfordelane er såleis av same type som det ein ser i helseføretaka eller i dei reformerte kommunane.

I hushald med fleire medlemmer, er det difor tvingande naudsynt med arbeidsdeling. Mannen har fått ansvaret for å køyra vekk det ein kjøpte i går, for å få plass til det ein treng i dag. Lemping og køyring, kan vera gale nok det, men verre er det at alt i kategorien «teknisk», høyrer til under porteføljen til mannen. Har ein ikkje før fått ein ting til å lysa, skal ein hiva den ut og plugga i ein ny. Slikt blir det ball av.

Ibsen var ein framsynt mann. Alt for lenge sidan, skjønte han at «tek du dingsen frå ein gjennomsnittsmann, tek du lukka ifrå han med det same.» I gamle dagar var menn menn, og det kan godt tenkjast at Ibsen hadde noko anna enn ein ruter i tankane. Men i moderne tid, er den aller viktigaste dingsen, den som gjev tilgang til internett.

Førre veke fekk me ny ruter til husars. Den hadde fleire ljos enn den gamle, og reklamen lovde at den kunne køyra eit program som gjorde det mogeleg for mannen i huset å kontrollera tilgangen til internett.

Sidan me har ungdomar i hus, tenkte eg at denne ruteren kunne vera midt i blinken. Etter ein knapp dag med førebuing, monterte eg den nye kontrollmaskina. Ikkje før var omkoplinga gjort, så skjønte eg kor mange dingsar det eigentleg finst i eit moderne hus. Det dukka opp ei rad med telefonar, nettbrett og maskiner. Eg var ikkje heilt sikker på kva som var kva, men eg likte kjensla av makt, og eg plotta inn tidsrom for dei ulike einingane.

Nøgd med meg sjølv, sette eg meg ned med den analoge papiravisa. Midt i kronikken kunne Fyllingsdalen høyra eit hyl frå loftet: «Ka i ….?» Trappa fekk ein skikkeleg omgang, og sonene såg ikkje akkurat ut til å vera i kosehumør. Faktisk såg han såpass sur ut, at eg tenkte det kunne vera greit å utvida tilgangen med nokre minutt. Hadde eigentleg ikkje spesielt lyst til å få valutta for dei kronene me har betalt til bokseklubben. Men med maskina på fanget, fekk eg meg ei overrasking: Min dings med programmet, var blant dei dingsane som ikkje kunne fortæra wifi-signal før neste morgon klokka 7. Litt brydd, freista eg å formidla dette til sonen. «E du heeeelt idiot» hylte han, men med resignasjon i røysta. Neste dag måtte eg ta kontakt med leverandøren for å få lås opp skiten. Programmet kunne visst ikkje klokka. Svært effektivt, utan tvil, men spott frå sonene gjorde kjensla av kontroll litt mindre positiv.

lunch_916_dings

 


aug 16 2017

Komfortisten

kino1Kinoen har lansert eit nytt tilbod: Komfortsalen. Der er stolane mjukare og teppet djupare. Kvar stol er utstyrt med bord, paraplystativ og mobilladar.

Tilbodet er utvikla for å lokka nye kundegrupper inn i myrkret: ekstra tjukke, lettare folkesky og slike som meiner at dei fortener noko litt ekstra, til dømes pensjonistar og høgreveljarar. Kanskje kan denne snobbifiseringa av filmopplevinga, vera med på å løfta aktiviteten over i høgkulturen saman med opera, ballett, teater og samtidsmusikk?

Litt, for ikkje å seia det meste, av auraen kring høgkulturen, er avhengig av at det kostar nokre kroner ekstra. Rett nok plar kjendisane å få det gratis, men det skulle vel berre mangla. Dei er nærast ein del av den kunstnarlege opplevinga. Vanlege folk, lyt derimot betala. Vel brukte pengar, vil mange seia. Fyrst og fremst fordi ein blir skjerma frå omgang med ubemidla eksistensar. Men også fordi det gjer noko med oss å grava djupt i lommeboka. «Forsking syner», sa dei på radioen i går, «at kvinner som har fått opplyst at vinen dei drikk er dyr, kjenner ei større kjensle av lukke, og rangerer kvaliteten på vinen høgare, enn dei som ikkje fekk veta prisen.» (Kanskje sa dei at dette gjeld menn også, eller sa dei kanskje kvinner av båe kjønn? Er neimen ikkje sikker.) Med andre ord: Kjensle av kvalitet kostar.

Med mi løn, har eg ikkje råd til å vera noko kjenslemenneske. Eg må vurdera nøye kva eg treng, og eg strekkjer meg langt for å skaffa meg gode varer på ein rimeleg måte: Ein kjøper ikkje jakke om ein har hol i buksa, og ein slår ikkje til før avslaget er på meir enn 40 %.

I heimen har eg møtt litt motbør, det skal seiast. Dersom nokon treng ei ny bukse, men har meir lyst på jakke, kjøper ein både bukse og jakke. Og dersom avslaget er på 40 % eller meir, tyder det at det er noko gale med produktet og/eller at ingen vil ha det. Og då er det ingen vits i å kjøpa det.

Etter å ha gnagd og mast på mitt vis i årevis, har eg i det siste merka ei viss endring. Meir enn ein gong har eg fått oppleva å høyra «sjå her, denne buksa er til halv pris». No skjønar eg korleis misjonæren hadde det, fyrste gongen han høyrte ein av dei usiviliserte seia «amen».

kinoFørre dagen landa eg med ein smell. Sonen insisterte på å ta med seg venene sine på kino. Til komfort-salen. «Stolene er digg og lyden er helt super. Det koster bare 20 kroner ekstra…» Eg gav han i det glatte lag, og repeterte soger om bygdekinoen med trebenker, sykling i mange mil utan korkje lykt eller gateljos, og molking av kyr før skuletid. (Blei kanskje litt for engasjert der på slutten.) Sonen stod på sitt.

Brått såg eg ein mogeleg utveg. Kontoret har avtale med kinoen, kanskje kunne eg få billettar på den måten? I full fart sette eg meg ved maskina. Jau, billettar kunne eg få, også til komfortsalen. Men systemet hadde ikkje blitt oppdatert til å ta ekstrabetaling for komforten. SATAN! Komfort til vanleg pris, frå 30 % til 40 % rabatt. Nesten litt synd at komforten berre kosta 20 kroner. Hadde dei sagt 30 eller 40, ville 50 % vore i nærleiken.

For tida går det mykje bra på kino.


aug 9 2017

Valomaten

Livet er vanskeleg å leva, ikkje tvil om det. Tenk berre på alle vala ein står andsynes: El eller bensin? Ein eller to biffar? Samsung eller I-telefon? Høgre eller Venstre?… Lista er utan ende. Heldigvis kan me få hjelp. Avisene, som tidlegare brukte å formidla nyhende om stort og smått, har for lengst teke på seg rolla som truverdig forbrukarrettleiar. Dei gjev råd om det meste, og stundom er faktisk råda baserte på informasjon frå andre enn dei som har eit produkt eller ein bodskap å selja. Rett nok er det ikkje alltid godt å veta når dette skjer. Slik er også livet.

Allereie om nokre få korte veker, skal me ta eitt av dei heller større vala våre. Blant våre beste menn og kvinner, skal me velja nye, eller gamle, representantar til den lovgjevande forsamlinga. Men kven er dei beste blant dei beste? Oppgåva er nærast uråd å løysa. Litt lettare blir det om me avgrensar oss til å sjå på dei partia personane representerer, men også då er det vanskeleg. Kanskje veit me kva eitt parti hovudsakleg meiner om ei sak, men kva meiner dei andre? Og kva om me torer oss til å tenkja på fleire saker samstundes?

valgomatEin kan mellom anna undersøkja kva orakelet, eller Valomaten, seier. Mange aviser har laga spørjeleikar med utgangspunkt i kva dei ulike partia meiner om bestemte saker. Svara på spørsmåla er ikkje rette eller galne, men dei seier noko om kor samd eller usamd ein er med den politikken partia ynskjer å føra. Etter eindel spørsmål, får ein svaret: «Dine synspunkt er mest i samsvar med politikken til parti XX.»

Også Bergens Tidende har laga ein slik valomat. Men den er sikra bak ein betalingsmur. Korleis skal ein tolka det?

  • Dei utan betalingsvilje er uansett tvilsame demokratar?
  • Det er ikkje vits i å fortelja dei utan pengar kva parti dei kanskje kunne ha eigeninteressa av å stemma på?
  • Røyster tel – ressursar avgjer?
  • Det finst ei (økonomisk) grense for opplysingsansvaret til pressa?

aug 4 2017

Turistindustrien

obese-coupleOm ikkje så lenge, vil me ha motteke den siste olja. Jamvel om det kan høyrast ein smule merkeleg ut, er det altså slik at me skal leva vidare etter den merkedagen. Om me har noko å leva av, sjølvsagt.

Turisme, er ofte trumfen i ordskiftet kring næringsutvikling. Turistar er tjukke i pengar dei viljug viftar med. Og desse pengane vil me ha tak i, men då lyt me altså fyrst lokka dei til landet. Nokså mange har difor sett ut eit rykte om at ulike deler av Noreg, er som Toscana i Italia. Toscana har fint ver og god vin. Ingen stader i Noreg har så fint ver, og i alle fall ikkje god vin. Det er, kan hende, likevel ikkje heilt feil å samanlikna desse stadene i Noreg med dette kjende området i Italia. Som kjent, er det jo i Toscana at toskane bur, og slike har me jo rikeleg av i Noreg også. Spesielt i visse område, tydelegvis.

Nyss har eg vore på reise for å studera desse turistane me så gjerne skulle ha kalla till oss. Ei veke blant vraltande mage-menn og kravstore disse-damer, har gjort meg skeptisk til om det er så rosenraudt å få dei til husars. Skrantne tenarar har fått i det glatte lag om dårleg mat og små porsjonar, harde senger og kraftig solljos om morgonen. Utslitne av naudsynt irettesetjing av tenarane, og truleg svekka av labert næringsinntak, orka ikkje turistane anne enn å vagga seg ut på ei solseng. Der låg dei på lading for å samla energi til neste irritasjonsutbrot.

Trass i at eg er lunken til planen om å ta opp kampen om desse turistane, ser eg mogelegheiter. Noreg har jo lange og stolte tradisjonar innan kvalfangst, broilerproduksjon og tungindustri. Kanskje kan den ekspertisen kombinerast og nyttast til noko framtidsretta?

boliden-odda-2Truleg er det gjort i ei handvending å omforma dei halvtome smeltehallane rundt om i landet til hypermoderne turistfabrikkar. Vasskrafta vil gje rein energi til solariumpærene i taket, samlebandet vil flytta turistane, nærast umerkeleg, frå sol-sona til foringsstasjonen og vidare ut på kaien, der dei får sjå både fjord og fjell. Og det beste av alt: I produksjonsområdet vil det vera påbode med høyrselvern.

Konseptskisse er alt sendt til Stagnasjon Norge. Noko stort er på gang!

stagnasjonnorge


aug 3 2017

Agrarkontoristen

9626506135r_31241-7I Noreg har me heldigvis ordna oss slik at me, med godt samvit, kan ta oss fri frå arbeidet mange veker i strekk. Når avbrekka er lange, har ein tid til å få gjort ein heil masse, eller til ikkje å gjera ein skit.

På landsbygda var det tidlegare lite forståing for at kontoristar skulle ha fri frå arbeidet: Kontoristane sat jo inne i tempererte rom med radio, kaffi og sekretærar lett tilgjengeleg. Ikkje gjorde dei noko som kunne slita ut ein kropp heller, dei bygde kanskje nokre papirhaugar, eller så kvesste dei blyantar.

Haldningane på landsbygda har endra seg. Bøndene av i dag, skjønar at også kontoristar kan ha nytte av nokre dagar heilt utan plikter, jamvel om pliktene er aldri så uviktige. Truleg kan det vera fleire grunnar til at oppfatningane har utvikla seg på denne måten. Somme vil kanskje leggja vekt på at dagens bønder er smartare og betre utdanna. Stort sett har dei jo 9-årig grunnskule, og ikkje berre 7-årig folkeskule. Andre vil nok meina at ein må sjå på korleis bondeyrket har utvikla seg, for å forstå endringa.

I løpet av dei siste åra, har det vore ein tendens til å avgrensa drifta til areal som let seg stella og dyrka frå traktorsetet. Samstundes har alt hatt det med å verta større: Driftseininga, traktoren, maskinparken, tilskota og, til sist, vomma til bonden sjølv.

Mindre areal og større einingar: Det kan ikkje tyda anna enn færre bønder. Flottare bakkar og feitare bønder: Det kan ikkje tyda anna enn maskinell drift og/eller tenestefolk.

I namnet åt framsteget, er næringa i ferd med å bli slik ho var i farne tider, med store gods og mektige godseigarar. Sjølvsagt er ikkje den moderne godseigaren heilt identisk med slik dei var for lenge sidan. Han ville til dømes aldri ha vurdert å nytta fire tenestegutar til å bæra seg rundt for å inspisera godset. Til det er bærestolen alt for keisam og ukomfortabel. Moderne godseigarar tykkjer det er mykje kjekkare å ta inspeksjonsrunden i rasarfart på ein firehjuling.

Og moderene godseigarar er positive til ferie for kontoristane, mellom anna fordi dei har blitt litt kontoristar sjølv (rett nok i klasse med sjefen):

  1. Dei lyt fylla ut alskens skjema for å få tak i tilskota.
  2. Kontoret er temperert, og tenestejenta serverer villig. Også kaffi.
  3. Traktoren (Eit cellekontor kan ikkje måla seg, ikkje eingong det til sjefen.).
  4. Godseigaren er, med alle sine tenestefolk, nesten som kontorsjefen.

Den kanskje aller viktigaste grunnen, er likvel den at bonden sjølv ynskjer å kunna reisa vekk med godt samvit. Etter at avlinga vel er komen i hus, og den siste polakken har vendt nasen heimover, legg freden seg over bygda. Til næraste nabo er det langt å gå, og i tillegg er han som oftast ein umåteleg laber type. Utan ferie, vil den moderne bonden bu halve året på noko som liknar på romstasjonen ISS.

På åttitalet trykte Bondelaget opp klistremerke med slagordet «Utan bonden, vil byen døy». Kanskje er det på tide med eit nytt, lett revidert, opplag: «Utan bonden, vil bygda døy»?