Himmelhelvete

Der eg vaks opp, var det mest vanleg å vera sundagskristen: På sundagen reinsa ein stemmebanda og for til kyrkjes, resten av veka hadde ein fri til å sysla med andre ting, arbeid for det meste. Fyrst då eg byrja i skulemusikklaget, som hadde ei av øvingane sine i nabogrenda, møtte eg slike som var kristne kvar einaste dag. Der hadde dei kveldssol, så det er vel ikkje til å undrast over at dei heller trekte inn til orgelet i bedehuset, enn til nok ei økt med ljåen under aplane.

Medan somme perfeksjonerte «Herre Gud, ditt dyre namn og æra», dreiv gutane i vår grend med andre syslar, kortspel til dømes. Alle husa hadde kjedlar, og dei fleste hadde ei røykjande mor. Meir treng ein i grunnen ikkje for å ha det triveleg. Forresten, ei høveleg lydkulisse gjer seg alltid. Jamvel om han Mossafinn kunne lura djevelen sjølv or fela, blei det ikkje skikkeleg schvung over det. Me snakkar trass i alt om tidleg 1980-tal. Stor var gleda då systera kom heim frå folkehøgskule med ein høg, eventuelt lang, platestabel. Der fann eg akkurat den lyden me trong.


Leave a Reply