mar 24 2020

Heimekontoret

Ein ekte kontorist, likar å ha pult på kontoret. Mange likar det også heime, men langt frå alle får lov til det. Bøker og arbeidsbord med papir på, gjev ikkje den rette atmosfæren for moderne kvinner. Dei vil heller dekorera stova med fallosinspirerte ljosestakar og små ubrukelege bord med duk på. Og puter, me må ikkje gløyma putene.

Dei kvassaste lesarane har kanskje alt gissa om det står ein stor og fin pult heime hjå oss, ein slik som berre ber om papirhaugar og støv? Det gjer det sjølvsagt ikkje, og eg såg verkeleg mørkt på å bli sendt heim med maskina under armen. På kontoret har eg verkeleg pult! Han kan heisast opp og senkast ned, og han har plass til utruleg mykje papir, sjølv om det ligg fleire posar med klede på han.

Eg har elles ikkje skjønt det der med at ein skal stå og arbeida. Det er for rekerensarar og gardistar. Eg ville aldri ha skaffa meg ein slik pult om det ikkje var for det at han er svært dyr. Etter mitt syn, er privilegiet til kontoristen å sitja på ræva åtte timar om dagen. Stor stol, stor pult, stor skjerm, stor kaffikopp: Det er livet, det.

Fyrste dagen i mitt nye tilvære med heimekontor, var eg verkeleg i villreie. Der var dukar og ljosestakar på kvar einaste flate, og på kjøkkenet sat kona på eine enden med maskina si, medan ein av ungane klinte syltety på den andre enden. Kor gamle skal eigentleg dagens unge verta før dei sluttar å søla med maten?

Så kom eg til å tenkja på det fleire av dei reiseglade kollegane mine hadde sagt: Når ein er ute på reise, er det vedunderleg å spandera nokre ekstra kroner på ein liggjetur. Sjølv har eg alltid site godt både på tog og på fly, så eg har aldri heilt skjønt kva dei snakkar om, men no fekk eg ein ide. På nokre få straksar, fekk eg av meg buksa (skjorta og slipset fekk vera på), eg la plast under musa og sette meg til sengs med maskina på fanget. Du hendelse for ein komfort! Det er ikkje viktig å ha pult, i alle fall ikkje på golvet. Liggjepult er tingen. Måtte eg sleppa å ta på meg buksa før det er midtsommar!


aug 14 2018

Bixit, Noise and Royalty

Nokså vilkårleg, har eg fått i hende ein tekst, rett nok berre eit utkast, ført i pennen av ein av dei aller viktigaste intellektuelle i vår tid. Teksten spring ut frå den teoretiske arven etter Rokkan og Hirschman. På tide, vil mange seia: Det tynnest ut i rekkjene av slike som har bygd karrieren på arbeidet til dei gamle heltane.

Der Hirschman var oppteken av å forklara handlingsalternativa for medlemmene i dysfunksjonelle organisasjonar, freistar den nye teksten å forklara korleis dysfunksjonelle styringsorgan skiftar ut leiinga.

Bixit er nemninga på fasen som leiar fram til at det ikkje lenger er mogeleg for det styrande organet å ignorera at noko må gjerast, til dømes ved at generalforsamlinga seier: «Høyr her, Arbeidstilsynet/Riksrevisjonen/osb. klagar: Rydd opp!». Er det styrande organet retteleg dysfunksjonelt, vil det konferera med den daglege leiinga, og så syna handlekraft ved å gjera eit vedtak med omlag denne ordlyden: «Me ser alvorleg på saka, jamvel om det sikkert ikkje er noko i dei lause rykta, og me vedtek at me ved neste møte skal ha ein klar intensjon om å gjera vedtak i denne saka. Eller kanskje på møtet etter der igjen.»

Dette vedtaket, utløyser fase nummer to: Noise. Medlemmene augnar von om nye tider, medan leiinga insisterer på stø kurs fram til noko anna er vedteke. Og vedtaket, let sjølvsagt venta på seg. Mellom anna fordi dysfunksjonelle styringsorgan vil spørja den daglege leiinga om kva råd ein eigentelg er ute etter. Dersom dette rådet er vanskeleg å oppdriva, er det vanleg å halda prosessen open og søkja råd frå fleire aktørar. Alt for å sikra at ein gjer det beste vedtaket for organisasjonen. Medan tida går, visnar vona hjå medlemmene i organisasjonen.

Royalty er nemninga på den siste fasen i leiarskiftet. Den blir innleidd med at det dysfunksjonelle styrande organet vedtek planane den daglege leiinga har lagt for framtida til organisasjonen: Dato for avgang, ny leiing osb. Dinest, blir det lagt fram ei oppsummering basert på dei råda ein til slutt greidde å få frå eksterne spesialistar, som vil slå fast at det er svært lite som burde, eller i det heile teke kunne, vore gjort på ein annan måte. I tillegg, vil det styrande organet, i tett kontakt med avgåande leiar, utarbeida ein pakke for å markera takksemd, mellom anna for tolmodet den avgåande leiaren har synt i høve til dei ville spekulasjonane og påstandane som har kome fram i løpet av prosessen. Oftast vil denne pakken berre innehalda ekstra betaling, meir sofistikerte versjonar vil kunna tilby gratis flyreiser og tilgang til lounge fasilitetar, personleg koffertbærar, gråtekoner, parkering og skopuss. Unntaksvis, skjer det også at den avgåtte leiaren får plass i det styrande organet. I slike høve, blir det vurdert nøye kva han vil kunne bidra med av dysfunksjonalitet.


aug 4 2018

Seniortiltaket

Jamvel statlege einskildsmannsføretak, må retta seg etter føringane gjevne i Pensjonsreforma. Den seier at ein skal hald folk i arbeid så lenge det renn blod i årane deira.

Trass i at dagens seniorar ikkje blir omfatta av regelendringane, er det særdeles viktig at det blir sett i verk tiltak for å få dei til å halda fram. Det ville vore absurd å lata ein ungdom på lønssteg 50 gjera det ein senior på lønssteg 60 kunne ha gjort.

Statlege einskildsmannføretak, står i ei særstilling. Der er det ikkje så viktig om daudkjøtet blir verande, men dei er særleg utsette om einskildsmannen, eller direktøren, skulle vera blant dei med mange år på baken. I slike verksemder, er det nærast utenkjeleg å kunna erstatta leiaren utan at det går adundas med heile verksemda. Det er difor ikkje tilstrekkeleg å lønna vedkomande etter statleg tariff, ein må tilby noko meir. Gratis parkering, avis med ekstra store bokstavar og ekstra pass på flyplassane, kan vera fornuftige ekstrainnvesteringar.

I pedagogiske oversyn over pensjonssystemet, blir tilleggspensjon og privat pensjon marginalisert på toppen av pyramiden. Skal ein motivera til innsats, bør ein heller syna direktøren den reelle pyramiden, den som syner effekten av ekstra arbeid i kroner.

All røynsle viser likevel at det mest effektfulle tiltaket, er å utstyra slike verksemder med eit hardtarbeidande og samvitsfullt styre. Dersom styret arbeider på denne måten, vil det kunna hjelpa sjølv den mest ueigna leiaren gjennom strabasane.

I ordskiftet kring seniorpolitiske tiltak, er styret kanskje det mest underkommuniserte verkemiddelet. Heldigvis ikkje i dei statlege einskildsmannsføretaka.


jul 20 2018

Ferieavviklinga

For andre enn born, oljearbeidarar, turnusarbeidarar, lærarar, bønder, pensjonistar… kort sagt; for oss på kontor, er det slett ikkje enkelt å få avvikla ferien. Fri-dagane er så få. Tenk om ein kasta vekk fridomen, det lenkjelause tilværet, på noko mislukka? I tillegg skal det godt gjerast ikkje å leva tett på menneske med endelause friperiodar eller grenselaus fleksibilitet. Slike likar å laga planar, noko må dei jo bruka tida til, og det er sjølvsagt uråd for kontoristen å halda fylgje. Kontoristen lyt plukka og prioritera. Og så kjem det verste av alt: Ferieavviklingsprosedyrane på kontoret: Søknad i seks kopiar (elektorniske, rett nok), komitehandsaming og til slutt oppføring i det store excel-arket.

I år blei det rett og slett litt for komplisert. Skulle eg få med meg alt på ferieplankartet, måtte eg ha teke ferie i 8 veker. Eg hadde 3 til rådvelde. Løysinga blei å ta ferie nokre dagar i slengen. Det gode med denne løysinga, var at eg fekk med meg alt det obligatoriske, samt mykje kjekt. Det dårlege, var at arbeidsgjevar fann det naudsynt å revidera ferieavviklingsprosedrane, rett og slett fordi excel-arket tok fyr etter overbelastinga. (Arbeidsgruppa skal levera framlegg til nye prosedyrar medio 2019.)

Ein annan konsekvens, var at eg aldri heilt var tilstades på jobb i dei periodane eg fakisk sat snørt til kontorpulten: Anten tenkte eg på dei gilde dagane eg nyss hadde hatt, eller så putla tankane med korleis neste ferie-etappe kunne bli best mogeleg.

I utgangspunktet, skulle ein kanskje tru at arbeidsgjevar ville ha vorte retteleg uroleg om han skjønte at det er råd å vera fråværande i 8 veker, jamvel om det berre står 3 i fråværsprotokollen. Tenkjer ein litt nærare etter, er det neimenn ikkje så sikkert at mentalt fråvær og manglande skjøtting av arbeidsoppgåver, er noko stort problem for arbeidsgjevar: Eitt av dei aller finaste orda i tida, er «internasjonalisering». Ordet blir alltid nytta når seriøse verksemder skal laga ein strategi. Kva tyder det? Jau, det tyder at det er viktig å reisa rundt i verda.

Slik reising krev planlegging og etterarbeid, akkurat som min ferie i år. Også min arbeidsgjevar har internasjonalisering i sin strategi. Han ynskjer difor at mange medarbeidarar skal ha ein endelaus ferie i arbeidstida. (Rett nok kan det tenkjast at mentalt fråvær i arbeidstida, berre høyrer til under bestemte stillingskategoriar, men det veit eg ikkje noko om.)


jul 13 2018

Samvitsnaget

I gamle dagar, leid dei fleste kvinner av samvitsnag. Medan mennene pusla på med sitt, og vart trøytte nok av det, tenkte kvinnene på alt det dei ikkje fekk gjort: Klesvasken, takvasken, bærbusken, for ikkje å gløyma høy-hoppinga i løa til naboen.

Slik er det ikkje lenger. Moderne kvinnner, kjenner ubehag når dei ikkje har høve til å vitja to kafear på same dag, eller når dei lyt nøya seg med halv-spa fordi dei må på vinkveld med venninnene.

Og på kontoret, er kvinnene vortne så godt som menn, eller var det omvendt? Saka er i alle fall den, at eg meir enn ein gong har kjent eitt eller anna ubehag, kall det gjerne samvitsnag, medan eg har lurt opp fotballsendinga på den eine av dei to skjermane eg rår over. Ein skal nødig gjera seg til domar over levande og døde i utrengsmål, men det kan ikkje vera rett at menn i eitt av dei rikaste landa i verda, skal kjenna ubehag medan ballen rullar over skjermen?

Sjølvsagt er det ikkje rett, og no har eg skjønt poenget. Heilt fram til førre veke, levde eg i den villfaringa at mennene på kontoret kunne identifiserast ut frå kjønn. Så feil kan ein ta. Poengsaldoen hjå SAS, er langt meir avgjerande enn designet på underbuksa: Meir eller mindre utan skuld (berre den at eg søkte dei aller billigaste flybillettane), havna eg på ei svært lang mellomlading i København. Der sat menn, både med og utan blondeunderty, og heia openlyst på unggutar med unaturleg ballkontroll.

I fyrstninga, kjendest det litt ubehageleg å sjå på fotball medan ein like gjerne kunne ha gjort ferdig excel-tabellen, men litt etter litt tilpassa eg meg stemninga: Me var jo alle representantar for verksemder heilt i toppen, og det skulle jo berre mangla at me ikkje støtta opp om andre med tilsvarande ambisjonar. Etterkvart slapp tanken om excel taket. Gleda over å representera det eksellente, fekk meg til å kjenna at eg var med på noko viktig. Men trøytt, vart eg.


mar 3 2018

Kontoret

Førre dagen hende det noko merkeleg. Kaffikoppen og eg hadde sett oss ned for å ha ei fredeleg stund. Brått og uventa kom der ein mann virrande gjennom gangen. Han kikka frå høgre til venstre, slik du berre gjer om det er von om å sjå ein kollega skifta frå frå sykkelklede til kontorklede. Så tidleg, var det dårlege odds for den typen underhaldning.

I mitt einfald, spurte eg mannen om det var noko eg kunne hjelpa med: Kan hende hadde han kome til feil gang? Alt var visst i orden. Han hadde fått ei oppgåve, og den gjekk ut på å telja talet på tome kontor for kvar time i løpet av arbeidsdagen. – Du skjønar, sa han, det er ikkje berre arbeidskrafta som kostar.

Frå den nytilsette direktøren for strategisk rasjonalisering, var det kome bod om å knipa inn der det kunne knipast inn. Og det kunne vel ikkje vera så vanskeleg i desse metoo-tider. – Det gjeld å spela på lag med tidsanda, hadde direktøren sagt.

Direktøren hadde fått indikasjonar på at store deler av kontorarealet stod ubrukt. Han hadde difor utvikla ein plan om å radera vekk det ubrukte arealet frå husleigerekninga.

-Det var no endå godt, sa eg. -Mitt kontor er fullt booka heile dagen, så då er no både eg og orkideen trygge for den komande runden med sparekniven. – Tja, heilt så enkelt er det nok ikkje, sa mannen. – Fyrst skal me finna ut kor mykje areal me kan kvitta oss med, dinest skal me plassera folk inn i gymsalar slik at dei med heimekontor kan få ha eigne kontor her på huset. Slik må det nesten bli, me har jo arbeidsmiljøet å tenkja på.


mar 3 2018

Arbeidsinstruksen

Meir eller mindre vilkårleg, har eg råka borti ein arbeidsinstruks frå farne tider. Ved fyrste augekast, fekk det gulna papiret og dei gammalmodige formuleringane, meg til å tru at det var ein forelda rarietet eg hadde med å gjera. Så feil kan ein ta!

Rett nok finst få av desse formuleringane i min instruks, der står det ord som etiske retningsliner, personalhandbok, kreativ, sjølvstendig, kommunikativ og pro-aktiv. Men sjefen har nok den gulna varianten liggjande i den mentale personalmappa. Elles kunne han ikkje ha vorte så misnøgd med at eg synte uhug for å gjera ufyse arbeid, eller med at eg gjorde arbeidet utan å spørja om lov fyrst.

På same måten som formalkompetanse aldri kan vega opp for realkompetanse, kan ikkje ein formell arbeidsinstruks vega opp for den reelle instruksen lagra i det mentale arkivet til sjefen.

Kunne me ikkje berre hatt ein instruks å fylgja, primært ein skriftleg variant?

 


feb 3 2018

Diagnosen

Utviklinga, blir det hevda, går stadig framover. Vegen fram til der me er i dag, har gått gjennom samlar-, jordbruks- og industrisamfunnet. Kor langt er me no komne på vegen mot det optimale målet for utviklinga, altså dommedag? Lever me i kunnskapssamfunnet, forbrukarsamfunnet eller i teknologisamfunnet? Alle desse momenta er sentrale kjenneteikn ved den tida me lever i, men skal ein finna ei passande nemning på tidsalderen, må ein leita etter samlingspunktet: Kva blir kunnskapen nytta til, kva forbrukar me mest av og korleis nyttar me helst teknologien? Svaret er openbert: På oss sjølv, på å sikra oss god helse og eit triveleg liv. Alt handlar om å identifisera skavankane og problema, og om å finna ein høveleg medisin eller kur. Me lever altså i diagnosesamfunnet.

Eit kvart friskt og lukkeleg menneske, har i overkant av seks diagnosar, og det bør vurdera eit par operasjonar, minst. I tillegg er det viktig å handla helsetenester og middel med potensielt lækjande og/eller førebyggjande effekt for omlag ei halv årsløn. For sjuke og ulukkelege, er det snakk om heilt andre tal og behov.

Somme diagnosar er meir lokkande enn andre. Særleg populært er det å få ei fråsegn frå autorisert personell i kvit frakk, om at ein er sexavhengig. Ikkje berre er prognosane gode og behandlinga stimulerande, arket med dei latinske kråketærne, kan også koma godt med om samvitet skulle melda seg, eller om partneren skulle falla for freistinga å uttrykkja misnøye med eitt eller anna sprell. Alle veit kor tungt det er når partneren ikkje tek dei problema ein strir med på alvor. Litt verre er det å finna seg til rette med diagnosar som ulcerøs kolitt*, men gleda over å ha ein diagnose med fint namn, trumfar i dei fleste høva eventuelt ubehag, i alle fall på litt sikt.

Diagnosane er også ein naturleg del av arbeidslivet på utsida av helsevesenet. På den eine sida, blir diagnosen nytta av den diagnostiserte til å verna seg mot åtak og kritikk: «På grunn av min tilstand, kunne eg ikkje ha gjort det på nokon annan måte». På den andre sida; går det heilt av skaftet, kan den diagnostiserte få sparken på grunn av diagnosen. Men då har det gått svært langt.

På keisame kontorarbeidsplassar, kan det vera svært nyttig å kunna visa til at ein er lett råka av alzheimer. Då treng ein ikkje fylgja opp sakene, ein kan berre gjenta den same saka. Utan korttidsminne, er det også lettare å ta vare på førestillinga om at ein har gjort noko nytt. Særleg i innovative og verdsleiande verksemder, er denne førestillinga heilt essensiell. På same måten er ein vaksinert mot å hamna i trøbbel. Skulle det oppstå ein lei situasjon, vil alt vera i den venaste orden neste dag: «Stø kurs og flatt hav. Ikkje ei sky i sikte.»

Også på leiarnivå, er det ei rekkje diagnosar å velja mellom. Tidlegare måtte leiaremna velja mellom spesialisering innan emna strategisk og kjenslekald framferd, som leia fram til diagnosen psykopat, eller innan egoistisk og sjølvoppteken framferd, som leia fram til diagnosen narsissist. Verda går, som tidlegare nemnt, framover, og leiarutviklingskursa inneheld no ein tredje veg: Machiavellisme. Ikkje berre er namnet flott og ein ryttar verdig, diagnosen kombinerer på eit vis det beste frå farne tider. Ei sann syntese, så og seia.

Frå læremateriellet, har eg saksa fylgjande samandrag om Machiavellisme:
«For å få det slik du vil, må du ikkje lata deg hefta av moral. Fokuset må vera på kva du sjølv ynskjer å få til, men samstundes må du, i grove trekk, kjenna til lover og reglar, slik at du ikkje går for langt. Du skal vera snill med somme, kalkulerande og iskald med andre. Manipulering er ein viktig dugleik, og du må læra deg å dekkja over spor etter dårleg framferd. Eitt viktig verkemiddel, er å lata vreiden råka vilkårleg og av ukjente grunnar. Atmosfæren av uvisse, vil gje deg viktig handlingsrom, mellom anna til å setja folk opp mot kvarandre. Nøkkelen til å få det til å fungera, er å ausa empati og støtte over dei som seier seg viljuge til å lata deg bestemma alt.»

*Nærare skildra 2.40 ut i andre episode av Parterapi


nov 9 2017

Idealisten

Verksemder har det med å slengja slag- og fyndord i kring seg. Truleg meiner dei at dette kan hjelpa dei med å gjera ein fin figur i ålmenta. Ved å svøypa seg i høgverdige ideal, ynskjer verksemdene å ta merksemda vekk frå situasjonen slik den eigentleg er. Litt slik som når kvinner kjøper seg ein ny, ekstra dyr, kjole.

Røkjer ein dei mest populære slagorda nærare etter i saumane, blir ein snart slått av kor fallos-inspirerte dei er: Blant dei mest slåande, eller ståande, døma, finn me: «Miljøfyrtårn», «Helsebauta» og «Den etiske varderekka».

Mange vil nok finna dette noko underleg. Kanskje skuldast det at slike tankar blir pønska ut nær der makta sit, i tårnet til makta, eller the tower of power, som det vel også blir kalla. Sit ein sentralt plassert i eit slikt hierarki, er det ikkje til å undrast over at det fell naturleg å velja potente metaforar.

Av og til hender det at nokon freistar å gjera narr av slagorda. Seinast i sommar, skreiv avisene kritisk om å bruka «Nordens Toscana» om stader i Noreg, og for berre nokre veker sidan, høyrde eg ein fyr le høgt av «Sveio midt i leio». Slik låttleggjering er ikkje berre småleg, den bommar rett og slett på målet. Visjonar og strategiar er viktige, særleg for kommunikasjonsmedarbeidarane og reklamemakarane, men også for andre. Dette kan eg seia så skråsikkert, fordi eg sjølv har skifta kontor på grunn av den måten kontora kommuniserte på.

For meg har miljøvern alltid vore svært viktig. Slik eg ser det, er vår viktigaste oppgåve å leva liva våre, og forma samfunna våre, på ein slik måte at også komande generasjonar vil ha luft å pusta i, land å bu på og mat å eta. Difor har eg streva etter å eta kortreist mat, ha eit rasjonelt høve til forbruk og til å avgrensa karbonavtrykket. I tillegg har eg støtta friviljuge organisasjonar som arbeider med å gjera verda god og berekraftig, og eg har alltid røysta på … (Å, nei du! Det får du ikkje veta.)

På mitt gamle kontor, var strategien på dette området avgrensa til ei setning i årsmeldinga: «Verksemda har ikkje ureina det ytre miljø.» Stor var difor gleda den dagen eg såg eit «Miljøfyrtårn» søkja etter nye medarbeidarar. Sjølvsagt søkte eg. «Some change party for their principles, others change principles for their party», som Sir Winston formulerte det.

Ei av mine fyrste oppgåver for Miljøfyrtårnet, var å arrangera eit lagbyggjingsseminar. Eg meisla ut eit flott opplegg: Me skulle delast i tre grupper. Den eine skulle samarbeida om å laga maten til seminaret, den andre skulle laga ein kjøkkenhage med gulerøter og kål på taket (som seinare skulle nyttast i lapskausen på haustfesten) og den tredje gruppa skulle førebu faglege presentasjonar. Sjefen vende tommelen ned, og sette saman ein større komité. Der skjønte eg snart at lagbyggjingsseminar fungerer best i utlandet. – Men kva med Miljøfyrtårnet?, prøvde eg meg med. – Ein må opp i høgda for å få oversyn, og kvar kjem ein vel høgare enn i fly?, fekk eg til svar.

Vel heime att, måtte eg vedgå at turen hadde vore ein suksess. Godt fagleg opplegg og utan tvil med høg samansveisande effekt. Trass i det, heldt eg fram med å koma med syrlege stikk i høve reiseaktiviteten. Men no vart det (endå) verre å bli teken på alvor. – Kva er det du surmular etter, du reiser med fly sjølv! Eg prøvde meg med strategien til kjerringa når ho trøystar hanreien: – Eg er lei for å ha fare med andre. Men det var ikkje noko godt, skal du vita.

Det virka på eit vis, heilt til sjefen bestemte seg for å gjera kort prosess: Eg vart sendt ut på reiser i aust og vest: – Dette er ein del av jobben din, du bør ha gode grunnar for å halda deg heime, sa han. Og eg pakka lydig kofferten. I det stille gjorde eg opprør: Ein gong let eg til dømes flyet gå i frå meg, midt i Europa, slik at reiserekninga skulle bli ekstra høg. Så høg at eg fekk lov til å halda meg lågt. Sjefen gjekk ikkje på slike finter. I staden for fotlenkje, fekk eg nye turar.

Litt etter litt har eg kome til at internasjonalisering er eit fint ord, at det er viktig med relasjonsbyggjing og at utveksling av røynsler, fjes til fjes, er heilt naudsynt. Korleis skal ein elles kunna utvikla ein strategisk ambisjon for korleis me kan redda jorda vår?

Det er sjølvsagt dumt at dei keisame arbeidsoppgåvene hopar seg opp heime på kontoret, og ein har vel strengt teke ikkje godt av korkje feite middagar eller sterk drykk midt i veka. Men kva er ein ikkje viljug til å ofra for framtida til borna våre? Kor stort kan vel co2-avtrykket etter ein mann med små føter bli? Og et ein Serrano-skinke i Spania, er maten, utan tvil, kortreist.


nov 2 2017

BIxit

For godt over eit år sidan, kom ein kollega hesblesande inn på lunsjrommet: – No er det avgjort. Brexit vil bli eit faktum! – Spanande. BIxit er likevel langt meir avgjerande for vår kvardag, kommenterte ein annan turt. Som ein ofte gjer, når det kan sjå ut som om ein har med kjeks å gjera.

Omgrepet BIxit vart ein slager frå fyrste dag, men til skilnad frå Brexit, virka det å vera noko abstrakt, om ikkje utopisk. Litt Horizon 2020, langt der framme i dimma. Ikkje minst på grunn av den uhandterlege karakteren til ideen, vart det naudsynt å konkretisere og symbolisera. Sætre opplevde ein uforklarleg vekst i salet av Bixit kjeks i regionen.

Marknadsanalytikarane klødde seg i hovudet og sleit med å forklara at butikk etter butikk gjekk tome for kjeksa. (Vi har virkelig lykkes med strategien, men hvorfor virker den så godt akkurat på dette postnummeret?) Reinhaldarane sleit med å skjøna kvifor kjekssmulane låg som eit tjukt engelsk teppe over heile bygget.

 

Slik ebba året ut. Og slik byrja året i år. Men så hende det noko. På ein av dei flottaste og våtaste vinterdagane, seiv det ut eit rykte om at leiinga hadde samla seg til drittpakkeverkstad, etter modell av dei populære joleverkstadane. Dette sette kveik i fotfolket. Sporens streks vart prosjektet «Skylapp 2017» utmeisla. Oppstartsmøtet vil gå inn i soga som ein av dei mest vellukka drittpakkeverkstadene gjennom tidene. Så flott vart arbeidet, at leiinga ikkje kunne anna enn å samla seg til sluttpakkeverkstad. Litt av kvart kan seiast om slike verkstader, berre ikkje fortel sauebonden om kva kontorleiarane er viljuge til å betala for daudkjøt!

Om bonden vart verande uvitande om prosessen, fekk andre det med seg. Litt etter litt auka talet på innvigde. Brått skygde problema for heile horisonten. Og motsett av kva ein skulle tru: I skuggen vart det tydeleg kvar ein skulle vaska for å få vekk dritten.

Trass i det, brått og uventa kom dagen: BIxit.

Kva kan ein læra av dette? – Jaktar du horisonten, bør du ha skylappar.