Sjeiken

Bror min, skaffa seg tidleg ein heil bunke med zappa-plater. Dei aller fleste, spelte han over på kassett, for korkje vegar eller køyrestil, gjorde det tilrådeleg å ha ein platespelar surrande i bagasjerommet. Dessutan trong ungdomane plassen der bak. I dei dagar, køyrde dei gjerne langt, og då måtte dei ha rom til niste. (Trur ikkje dei var kjende med håvamål, der det står at «Med låkare niste du legg «kje i veg enn ovdrykkje med øl. «.)

LP-plater vart på 80-talet handsama varleg som nyfødde born. Eigaren tillot berre eit fåtal utvalde menneske, å leggja skatten under stiften. Kassettane, derimot, delte status med floksene: Var dei ikkje i bruk, kunne dei plukkast opp og nytast av kven det måtte vera, til og med av ein yngre bror.

Mi ferd med zappamusikk, byrja med eit dårleg kassettopptak av Sheik Yerbouti. Bobby Brown er rekna for å vera ein enkel og kommersiell slått. Den var huldrelokk, i alle fall for ein 10-åring. Og det tok ikkje lang tid før den nyfrelste song (stille inni seg) med på Broken hearts are for assholes. Drygt tjue år seinare, dansa guten, naturleg nok pitte litt eldre enn 10, med forlovaren til brura medan musikanten song «I have been in you» i bakgrunnen. I fyrste del av dansen, var forlovaren mjuk og fin. Så kommenterte ho tekstlinene. Dansen blei aldri heilt den same etter det. (Låten var plukka ut for å vera «brurevalsen», men så hadde me ein skikkeleg spelemann, og han insisterte på å spela …? (det var i alle fall ikkje Fanitullen).)


Leave a Reply