jun 14 2017

Venast i verda

2017-06-08

Talet to, er kraftig til å vera så lite. Særleg om ein tenkjer på kor vanleg det er å forstå verda i to kategoriar: Presten talar om paradis og helvete, domaren er oppteken av skuld og uskuld, og sjefen  serverer cola og vatn på møta. (Tidlegare var det vanleg å setja fram fleire typar brus og drykk, men så vart det bestemt at verksemda skulle bli eit helsefyrtårn, slik ho alt var eit miljøfyrtårn. I vårt kontormiljø, avgrensar helseutfordringa, post Høybråten, seg til bruken av læskedrikk, og miljøutfordringa til det å gjennomføra unødvendige reiser med fly. Til all lukke, har me ein sjef som tek på seg det vonde på vegner av staben: Leiaren drikk brusen, og han tek dei umoralske flyreisene. For dei tilsette. Truleg er denne offerviljen inspirert av Jesus, som spanderte ein ettermiddag på krossen for synda til menneska.)

Somme er skeptiske til den innebygde forenklinga i tenkjing med to kategoriar. Til slike folk vil eg berre seia: De har aldri laga ein firefeltstabell! Alle som har laga ein slik tabell, veit korleis det kjennest når alt fell på plass. To dimensjonar forenkla til det absurde, kan gje fire felt som avslører meininga med livet, eller i alle fall nesten. Det er ikkje berre for å skryta, men dette stod klart framføre meg alt den gongen eg var barnearbeidar i det norske jordbruket. Det er faktisk heilt sant: Eg har vore barnearbeidar i eitt av verdas rikaste land. Dei fleste meiner nok at dette høyrest heilt utruleg ut; at born kan vera billigare og betre arbeidskraft enn polakkar frå alskens land, men det er altså ikkje meir enn ein mannsalder sidan. Og eg var lønsam. I alle fall fram til firefeltstabellen tok meg.

Eg spissa øyrene dei gongene bøndene snakka saman. To ting talte dei alltid om: Kor mykje hadde dei utretta i løpet av ein dag, og kor utslitne var dei då myrkret la seg over fjorden. Ein trong ikkje vera av den hypersensitive typen, for å skjøna at idealet var å få gjort mest mogeleg utan å bli trøytt. I omtalen av tenestefolk, brukte dei sveitte som mål på trøyttleik, det blei for komplisert å spørja om vedkomande var trøytt eller ikkje.

typologiDen ideelle tenesteguten, var ein dreng som kunne utretta enormt mykje, berre pitte litt mindre enn bonden, utan å verta sveitt. Om slike, sa dei at det var synd at han ikkje hadde odelsrett på noko bruk av verdi. Det nest beste, var å få tak i ein dreng som kunne utretta enormt mykje, men som vart drivande våt av sveitte.  Dette var personar med potensiale, men dei måtte jobba litt med fysikken. Tredjeplassen, gjekk til drenger som gjorde lite, men som sveitta mykje. Desse var udugelege, men dei prøvde i det minste. Sisteplassen gjekk til dei som gjorde lite, og som sveitta lite. Dette var udugelege latsabbar som snart vart bannlyste i heile området.

Eg var ikkje noko naturtalent. Lenge jobba eg for full kraft. Sveitt og fæl låg eg og vippa mellom kategori 2 og 3. Men så skjønte eg dynamikken: Så lenge eg sveitta, ville eg dårlegast vera i kategori 3, og då ville kontrakten bli fornya: Bøndene kunne i gode stunder kjenna litt sympati for dei som jobba hardt, jamvel om dei ikkje fekk gjort noko særleg. Difor lærte eg meg å sveitta utan å jobba. Eg låg i åkeren og las, og med jamne mellomrom stimulerte eg sveittekjertlane. I det eg høyrde traktoren nærma seg, fekk eg dei til å pøsa ut væte. Aldri såg arbeidsgjevaren meg med turr panne. Han såg på den urørte enga, eller på det bugnande treet, og sa «ja, ja». På gymnaset, hadde eg ikkje problem med å skjøna Darwin og læra om «survival of the wettest».

Gode kontoristar, kan forventa lønstillegg om dei er støvande turre. Vel, vel. Er i gang med omprogrammeringa.

 

 


jun 2 2017

Ebenezer og Adonis

heartglassLike etter at eg gjekk ut av styret ved verksemda, tok også styreleiaren farvel. Han hadde site i den beste stolen i mange år, og saknet var sjølvsagt stort. Det tok litt tid å handtera det, men etter at leiinga hadde fått summa seg, vart det bestemt å gjera stas på den avgåtte styreleiaren. Bord vart tinga på ein fin restaurant, og det nye styret kunne sjå fram til ein ekstravagant middag. Sjølvsagt  påspandert av verksemda, det skulle berre mangla. Alt gjekk etter planen. Heilt til heidersgjesten sjekka gjestelista, og såg at me som hadde frekventert styrerommet saman med han, og som framleis jobba ved verksemda, ikkje var å finna der. Eit rykte skal ha det til at det var motviljug, formelt sett, var det jo upassande berre å invitera nokre medlemmer frå det gamle styret, men dagen før gildet, fekk me ein e-post om at den gamle styreleiaren gjerne ville ha oss med på middag dagen etter. Klokka 19.00.

scrooge3Me tok hintet, frå den avgåtte styreleiaren, og stilte i fine klede, fulle av positive forventingar. Stemninga i laget var framifrå, heilt til vår tildelte servitør synte oss veg til  bordet vårt. Det var inne i eit avlukke, heilt bakerst i lokalet. Då vart sjefen sur. Til servitøren, sa han tydeleg ifrå om at han var misnøgd med at dei beste borda med utsikt, ikkje skulle fyllast av oss. Sevitøren orsaka så godt han kunne: Han var ny i jobben, måtte spørja ein av sjefane. Og ja, rommet var litt mørkt, men det var jo kanskje litt kjekt å ha det intimt under ein slik middag.

Etter den seansen, hadde servitøren litt høge skuldre. Men høgda på skuldrane, var for ingenting å rekna mot høgda på vetlefingrane. Med ungdommeleg venleik, svinsa han rundt med rare rørsler og merkeleg lått. Sjefen freista han å gløyma. Det var heilt tydeleg at han ikkje hadde møtt slike folk i bamseklubben, trass i imponerande pels med distingvert farge.

7c54e6d5f00d7c63ff05fd49b1da1255Han serverte maten på ein litt keitete måte, men dei harde, sylinderforma vinflaskene, trakterte han med ein profesjonalitet som gav kvinnene rundt bordet ei kjensle av ikkje å strekkja til.

Eit stykke ut i måltidet, såg eg at augo til sjefen svartna. Servitøren svinsa innom og drog opp nye vinflasker. Og ikkje nok med det. Eit bel etter, måtte sjefen ut i eit naudsynt ærend.  Vel attende, kunne han ikkje anna enn å konstantera at servitøren hadde servert ein ny runde med vin. Eit heilt mannskor av vinflasker, stod og gapte med opne halsar mot festlyden. Det var tydeleg for oss som kjenner teikna, at desserten ikkje smakte like godt for alle rundt bordet, trass i at somme hadde iskald cola i glaset.

I dagane etter, for ikkje å seia vekene, lærte eg ein god del om restaurantdrift og om rolla til servitøren. Stort sett handla det om kva ein ikkje må gjera. Særleg vart det fokusert på kor viktig det er for servitøren å vera merksam på dei signala verten sender ut. Til slutt, kunne eg ikkje anna enn å seia: Av og til kostar det å vera ortodoks heterofil, er ikkje det både rett og rimeleg?