Om kontoristen

kontoristI gamle dagar, var det flott å sitja på kontor. Det anga av papir, brunost og røyk, og det hamra i skrivemaskiner og høge hælar. Utanfor glaset kunne ein sjå menn med tunge ting på ryggen. I dag er det heilt annleis. Inne stinkar det av kvitløk og sveitte, det durar i musikkspelarar, og ute er det alltid sol.

Denne bloggen handlar om det å sitja på eit kontor slik ein, ikkje heilt ung, kontorist i eit moderne kontormiljø opplever det. Han drøymer seg mykje attende til tida då kvinner var kvinner, bønder var bønder og kontoristar var noko å skryta av.

Samstundes er han ein mann av si tid, oppteken som han er av forbrukarstoff, fysisk fostring og feminisme. Av og til putlar han med ein fagstil om eitt eller anna emne, men det er ikkje så ofte.