aug 14 2018

Bixit, Noise and Royalty

Nokså vilkårleg, har eg fått i hende ein tekst, rett nok berre eit utkast, ført i pennen av ein av dei aller viktigaste intellektuelle i vår tid. Teksten spring ut frå den teoretiske arven etter Rokkan og Hirschman. På tide, vil mange seia: Det tynnest ut i rekkjene av slike som har bygd karrieren på arbeidet til dei gamle heltane.

Der Hirschman var oppteken av å forklara handlingsalternativa for medlemmene i dysfunksjonelle organisasjonar, freistar den nye teksten å forklara korleis dysfunksjonelle styringsorgan skiftar ut leiinga.

Bixit er nemninga på fasen som leiar fram til at det ikkje lenger er mogeleg for det styrande organet å ignorera at noko må gjerast, til dømes ved at generalforsamlinga seier: «Høyr her, Arbeidstilsynet/Riksrevisjonen/osb. klagar: Rydd opp!». Er det styrande organet retteleg dysfunksjonelt, vil det konferera med den daglege leiinga, og så syna handlekraft ved å gjera eit vedtak med omlag denne ordlyden: «Me ser alvorleg på saka, jamvel om det sikkert ikkje er noko i dei lause rykta, og me vedtek at me ved neste møte skal ha ein klar intensjon om å gjera vedtak i denne saka. Eller kanskje på møtet etter der igjen.»

Dette vedtaket, utløyser fase nummer to: Noise. Medlemmene augnar von om nye tider, medan leiinga insisterer på stø kurs fram til noko anna er vedteke. Og vedtaket, let sjølvsagt venta på seg. Mellom anna fordi dysfunksjonelle styringsorgan vil spørja den daglege leiinga om kva råd ein eigentelg er ute etter. Dersom dette rådet er vanskeleg å oppdriva, er det vanleg å halda prosessen open og søkja råd frå fleire aktørar. Alt for å sikra at ein gjer det beste vedtaket for organisasjonen. Medan tida går, visnar vona hjå medlemmene i organisasjonen.

Royalty er nemninga på den siste fasen i leiarskiftet. Den blir innleidd med at det dysfunksjonelle styrande organet vedtek planane den daglege leiinga har lagt for framtida til organisasjonen: Dato for avgang, ny leiing osb. Dinest, blir det lagt fram ei oppsummering basert på dei råda ein til slutt greidde å få frå eksterne spesialistar, som vil slå fast at det er svært lite som burde, eller i det heile teke kunne, vore gjort på ein annan måte. I tillegg, vil det styrande organet, i tett kontakt med avgåande leiar, utarbeida ein pakke for å markera takksemd, mellom anna for tolmodet den avgåande leiaren har synt i høve til dei ville spekulasjonane og påstandane som har kome fram i løpet av prosessen. Oftast vil denne pakken berre innehalda ekstra betaling, meir sofistikerte versjonar vil kunna tilby gratis flyreiser og tilgang til lounge fasilitetar, personleg koffertbærar, gråtekoner, parkering og skopuss. Unntaksvis, skjer det også at den avgåtte leiaren får plass i det styrande organet. I slike høve, blir det vurdert nøye kva han vil kunne bidra med av dysfunksjonalitet.


aug 13 2018

Vaksenopplæring

Dei seier at ein lærer så lenge ein lever. I utgangspunktet høyrest det tilforlateleg og fint ut. Spørsmålet er likevel om det er rimeleg med eit lite atterhald. Dersom ein ser nærare etter på korleis dei gamle ter seg, tenk til dømes på Pensjonistpartiet eller saker i jordskifteretten, kan det sjå ut som om ikkje alle i grånande alder er like læreneme. Kanskje er det rettare å seia at mange lærer så lenge dei lever, medan somme aldri lærer?

For å undersøkja korleis eg sjølv responderer på nye stimuli i tilårskomen alder, var eg for nokre år sidan med på ein studietur til Rundenuten. Turen vart arrangert av vaksenopplæringa på Jåstad. For å sikra eit godt opplegg for dei to påmelde studentane, stilte vaksenopplæringa med fire instruktørar. Eg må vedgå at eg var litt uroleg for at denne massive lærardekninga skuldast at det er vanleg med litt svinn på ein slik tur.

Studentane blei fylgt av ein instruktør til Kvannskårvarden. Der skulle me møta dei tre andre instruktørane. Vel framme, fekk me demonstrert det fyrste læringsmålet: På nutaturar, er det ikkje så viktig å vera presis, poenget er å vera fyrst. Instruktørane hadde alt gått frå møteplassen for å snakka med ein sau og tre lam som tolmodig stod og venta på ei fjellhylle nokre bergalag lengre nede mot fjorden. Jamvel om det stod Kvikk Lunsj og kaffi på timeplanen, hadde me ikkje anna val enn å halsa nedover ufsene til dei andre.

Vel nede ved hylla, måtte studentane vera svært konsentrerte for å få med seg alt som skulle formidlast. For det fyrste lærte me at det er viktig å koma raskt i gang. Som dei sa: «Teoretikarar og planleggjarar finst det nok av på universiteta og i heradsadministrasjonen. I nuten må det handlast, ein får tidsnok veta om det er for tungt for ein mann å halda i tampen.»

Dinest fekk me ei rask innføring i nutaetikken: Sånn i utgangspunktet er alle like mykje verdt, men det er samstundes klart at somme har meir å tapa enn andre. Difor vart kårkallen på 70, med livslang burett og fritt forbruk av eple, sendt ned i skåra, medan 40-50 åringane med blankpolerte traktorar og tenestefolk, vart sitjande att på toppen.

Mannen på hylla skulle festa band på beista, og karane på toppen skulle slepa dei opp på trygg grunn. Brått høyrde me eit rop om meir tau nede frå skåra. Sauen ville ikkje bittast som ein annan marionette, han ville vera fri som fuglen. Då han kjende bandet kring halsen, bykste han ut i lause lufta. Sauen måtte firast ned på bakken under hylla før renneløkka fekk gjort jobben. Til all lukke var bandet langt nok.

Etterpå synte tau-mannen fram nokre såre nevar til studentane. «Slik går det når de let hanskane liggja i sekken», sa han med ei belærande mine. «Akkurat det, kunne eg ha tenkt meg til sjølv», svarte eg. Det var ein tabbe. Etter fleire tiår på skulebenken, burde eg ha visst at ein ikkje må gjera læraren forlegen. «Sidan du kan så mykje, så kan du få bera utstyret vårt», repliserte instruktøren. Dermed hadde Kvikk Lunsjen fått rikeleg med selskap i sekken.

No i ettertid, har eg fundert litt på om det gjekk to band ned på hylla. Stunda var så hektisk, at eg greier ikkje å rekapitulera heilt sikkert. Tek ein omsyn til at dagens pensjonistar plar bruka opp heile pensjonen på seg sjølv, medan ein sau med tre lam fort kan vera verdt fleire tusen kroner, er det vel rimeleg å tru at det berre gjekk eitt tau ned i skåra.

Den fyrste redningsaksjonen gjekk fint. Me hadde lært mykje, men ikkje nok. Lengre inne i nuten, nedst i Øvrebotnen, hadde fleire beist blitt observerte i ei skår. Instruktørane synte oss snaraste vegen rett gjennom nuten. Utan kjentfolk, hadde det ikkje vore nokon leik å ta seg fram. Eg har ofte høyrt at det trengst ballar for å ferdast i slikt terreng. Det stiller eg meg litt kritisk til. Fleire stader er stien så smal at den rett og slett er ueigna for dei med overlag store testiklar og tilhøyrande breitt ganglag. I ei av dei bratte skråningane, demonstrerte instruktørane kvifor det er så viktig å gå fyrst. Dei sparka laus steinar og synte oss kor farleg det kan vera å gå sist.

Frå tidlegare visste eg at lærarane var ivrige brukarar av verneutstyr. Med eigne auge hadde eg mang eingong sett korleis ein sydvest bak fram kunne halda sjølv den giftigaste sprøytevæska på trygg avstand. Eg hadde difor venta at me skulle gå i tau på utsette stader, og at me skulle gå med hjelm under Svartaberget, eit parti med særleg rote fjell. Men det lærte me var heilt unødvendig. Mykje meir effektivt er det å gå fort forbi. Då vil ikkje uflaksen rekka å setja krokfot eller å sikta seg inn med steinane sine.

Vel framme på hi sida av nuten, kunne me konstatera at turen hadde vore heilt bortkasta, næringsmessig sett. Sauene hadde fasta og letna nok til å ta seg ut av skåra utan hjelp. Men estetisk sett, vart me rikt lønna. Det er ikkje til å tru at det kan finnast slik ei grøderik eng med blomar midt oppe i steile berget. Med ei helling på over førti grader, vil det aldri bli noko opplagt reisemål for telt-turistar og blome-kjære bestemødre, men for smale og fjellfolk er det reine pilegrimsmålet.

Me tok sauene med oss den same vegen attende gjennom nuten. For studentane var skuledagen over. Instruktørane, derimot, hadde enno ei lekse å læra. På ein av dei smale stadene, senka den eine instruktøren på farten. Det skulle han ikkje ha gjort. Brått slo uflaksen til og reiv føtene vekk under mannen. I siste liten greidde han, med hjelp frå ein av dei andre instruktørane, å snyta uflaksen for gleda ved å sjå ein tregus stupa i fjorden. Flau over å ha blitt teken på fersken av urøynde studentar, bykste mannen opp att på føtene og raste vidare som om ingenting hadde hendt. Trass i dei kvikke stega, gjekk mannen endå eingong i bakken. Denne gongen var ikkje plassen like utsett, og han vart sitjande litt fortumla og fundera over nutaregelen om høgt tempo. Då såg han det. Snøret på dei splitter nye skorne hadde slitna, og årsaka til snublinga var funnen. Skorne hadde han kjøpt i Odda dagen før. Han hadde fortalt om studieturen og bede om det beste dei hadde, helst med ekstra god støtte kring anklane.

Fjordingane har gløymt at dei gjekk skulder ved skulder med oddingane i 1. mai toga i 1993 og 94. Oddingane kan gløyma mykje, til dømes kvar dei har lagt blodprøvane, men samhaldet frå 94, gløymer dei ikkje. Om dei stadig blir færre mellom pipene, blir dei ikkje mindre utkropne dei som er att. Som takk for sist, hadde oddingen skore lissene halvvegs over.

Studentane hadde ein flott, spanande og lærerik tur. Om instruktørane lærte at det kan vera lurt å halda seg inne med oddingane, og gå i tog sånn cirka ein gong i året, er vel meir uvisst.


aug 4 2018

Seniortiltaket

Jamvel statlege einskildsmannsføretak, må retta seg etter føringane gjevne i Pensjonsreforma. Den seier at ein skal hald folk i arbeid så lenge det renn blod i årane deira.

Trass i at dagens seniorar ikkje blir omfatta av regelendringane, er det særdeles viktig at det blir sett i verk tiltak for å få dei til å halda fram. Det ville vore absurd å lata ein ungdom på lønssteg 50 gjera det ein senior på lønssteg 60 kunne ha gjort.

Statlege einskildsmannføretak, står i ei særstilling. Der er det ikkje så viktig om daudkjøtet blir verande, men dei er særleg utsette om einskildsmannen, eller direktøren, skulle vera blant dei med mange år på baken. I slike verksemder, er det nærast utenkjeleg å kunna erstatta leiaren utan at det går adundas med heile verksemda. Det er difor ikkje tilstrekkeleg å lønna vedkomande etter statleg tariff, ein må tilby noko meir. Gratis parkering, avis med ekstra store bokstavar og ekstra pass på flyplassane, kan vera fornuftige ekstrainnvesteringar.

I pedagogiske oversyn over pensjonssystemet, blir tilleggspensjon og privat pensjon marginalisert på toppen av pyramiden. Skal ein motivera til innsats, bør ein heller syna direktøren den reelle pyramiden, den som syner effekten av ekstra arbeid i kroner.

All røynsle viser likevel at det mest effektfulle tiltaket, er å utstyra slike verksemder med eit hardtarbeidande og samvitsfullt styre. Dersom styret arbeider på denne måten, vil det kunna hjelpa sjølv den mest ueigna leiaren gjennom strabasane.

I ordskiftet kring seniorpolitiske tiltak, er styret kanskje det mest underkommuniserte verkemiddelet. Heldigvis ikkje i dei statlege einskildsmannsføretaka.


aug 3 2018

Dressen

No er det alt mange år sidan Gro sa, i beste sendetid på det ein i dei dagar berre kalla ARK: «Tenk positivt, bruk Odda». Oddingane kunne ikkje ha fått eit meir velplassert steroideskot. Sysselsetjinga i industrien stupte og Hjørna Café vart til Hard On, medan oddingane messa uforstyrra vidare på mantraet. Egoet vaks, medan potensen visna hen.

Tretti år seinare, omlag, sit slagordet framleis spikra, jamvel hjå dei med tidlegare adresse langt ut i fjorden. Fleire gonger om året, kjenner eg på det sjølv: I det ein passerer Zinken, eller Boliden, kjem dei positive tankane.

Menneske med positive tankar, er, diverre, disponerte for å sjå mogelegheiter der det eigentleg er mest problem. I sommar, var eg på handletur i Odda. Tanken var å utvida garderoben med nytt møte-ty. Ein dress skilde seg ut: Fargen var fin, snittet var fint og prisen var 18 % av fullpris. Jakka var i største laget, men det er som kjent ikkje noko problem med den pølsa som er for stor. Verre var det med buksa. Den var faretrugande trong: Hadde eg teke eit spenstig hopp, ville anten saumen eller noko på innsida, visseleg ha fått seg eit banesår.

Medan eg stod der framføre spegelen og freista å få oksygen ned til flatklemde rumpeballar og anna, byrja eg å tenkja positivt: «Det kan no ikkje vera nokon heksekunst å sy ut ei bukse, det er jo slikt kvinner og homoar fyller ledig tid med. I vår tid, er det forresten helst utsvelte born som syslar med sying. Alle veit kor vanskeleg det er å få noko gjort når svolten gneg, og det burde soleis vera den enklaste saka i verda for ein velfødd mann?» I positivitetens namn, kjøpte eg dressen.

Vel heime att, fann eg snart ut at det var rom for å utvida buksebaken. Det var berre å spretta opp den gamle saumen og gjera klart for ny saum.

Sjølvsagt sette eg nålene på tvers. Berre dårer ville funne på å setja dei på langs, det er slikt ein gjer om ein har lyst til å trokla bitane saman slik formingslæraren i si tid insisterte på (keramikk og klatting med måling, var hennar greie). Set du dei på tvers i høve saumen, kan du køyra over dei med maskinsaumen. Enkelt.

Med nålene på plass, gjenstod berre å køyra saumen med maskina. Det var ikkje vanskeleg, eg måtte berre vera litt kjenslevar med gassen.

Stunda med symaskina, fekk meg til å stussa over etablerte kjønnsroller:

Det er ålment akseptert at kvinner (og homoar) kan sy, medan menn kan køyra bil. Kan kvinner sy, kan dei søren meg køyra bil. Aldri har eg vore så varleg med høgrefoten som då eg sat ved symaskina. Den hakkinga og småbulkinga eg til stadigheit observerer blant kvinner, er berre eit utslag av at dei kjenner seg tvungne til å oppføra seg slik kvinner skal. Slik er det truleg også med sminke og puter i sofaen: Det har ikkje mykje for seg, dei berre må gjera det for å fylla kvinnerolla.

Desse tankane delte eg med systera. Ho forklarte meg at eg tok feil, på nær sagt alle måtar. Og eg måtte ikkje tru at det å vera skreddar innebar å sy ein saum slik eg hadde gjort.

Nei vel. Kanskje må ein skreddar kunna meir. Men kleda til systera, er ikkje akkurat sydd saman med Hardangersaum.

Buksa passar elles aldeles framifrå. Angrar faktisk på at eg ikkje kjøpte meg eit stilig belte.


aug 3 2018

Overraskinga

Kona likar ikkje overraskingar. Rett nok hender det at ho seier “I kveld kan du godt overraska meg med blomar, biff og burgunder”, og ho blir retteleg glad om bordet er tilreidd på denne måten når ho kjem heim. Men ekte overraskingar, er ei anna sak. Hadde eg målt stova i ein fin farge, eller sagt på fredagen at me skulle til Paris i helga, ville det ha vorte ballade. Torer ikkje eingong å tenkja på reaksjonen om eg hadde sagt: “Foreldra mine kjem i morgon. Dei skal berre bu her ei lita veke.”

Bursdagsgåva, er ei årviss utfordring. Eg likar å overraska, men samstundes hatar eg å stimulera BNP ved å dra til husars slikt som korkje er nyttig eller skapar glede. Difor plar eg retta meg etter ynskjelista, men eg freistar i det lengste å halda handelen skjult. Strategien er å tala varmt om gode alternativ, eller om gode tilbod eg har sett. Slik greier eg å skapa ei muggen kjensle av uvisse i heimen. Den skal helst vara fram til den store dagen.

I år, fekk eg ynskjelista to månader før dagen. Berre ei oppføring. Kvar gong me passerte ein elektrobutikk, fekk eg høyra “du kan no berre nett gå inn og sjå om dei har slike”, og kvar gong kom eg tomhendt ut att. Eg greidde å få ho til å tru at dette kunne bli vanskeleg. Så ein dag, hadde eg med meg ein pose i handa. Ho strålte diskret opp og lata som ingenting, heilt til eg drog opp og presenterte fangsten: “Desse har eg kjøpt til meg sjølv. Eit anna merke, men like gode som dei du vil ha. Kjempetilbod, det hadde ikkje vore noko for deg og?” Ho svarte ikkje…

Ein månad gjekk, og i ein uvakta augneblink,  som Hollande sikkert ville ha nytta til å vitja elskarinna si, sneik eg meg ut for å handla på Elkjøp. Handelen gjekk knirkefritt. Ekspeditøren lurte på kven vara skulle registrerast på, og eg gav han namn og nummer til kona. Tabbe.

Vel heime att, måtte eg slå ei skrøne om bensinfylling, den plar gå rett inn. Kona trekte seg attende for å gjera noko skulearbeid. Ikkje før var boka komen på bordet, før eg høyrde hylet: “Nokon har handla i mitt namn på Elkjøp!” Så såg ho at det var ei kvittering på akkurat det ho ynskte seg. Det var den overraskinga. Satans Elkjøp, kva er gale med papirkvitteringar?