feb 3 2018

Diagnosen

Utviklinga, blir det hevda, går stadig framover. Vegen fram til der me er i dag, har gått gjennom samlar-, jordbruks- og industrisamfunnet. Kor langt er me no komne på vegen mot det optimale målet for utviklinga, altså dommedag? Lever me i kunnskapssamfunnet, forbrukarsamfunnet eller i teknologisamfunnet? Alle desse momenta er sentrale kjenneteikn ved den tida me lever i, men skal ein finna ei passande nemning på tidsalderen, må ein leita etter samlingspunktet: Kva blir kunnskapen nytta til, kva forbrukar me mest av og korleis nyttar me helst teknologien? Svaret er openbert: På oss sjølv, på å sikra oss god helse og eit triveleg liv. Alt handlar om å identifisera skavankane og problema, og om å finna ein høveleg medisin eller kur. Me lever altså i diagnosesamfunnet.

Eit kvart friskt og lukkeleg menneske, har i overkant av seks diagnosar, og det bør vurdera eit par operasjonar, minst. I tillegg er det viktig å handla helsetenester og middel med potensielt lækjande og/eller førebyggjande effekt for omlag ei halv årsløn. For sjuke og ulukkelege, er det snakk om heilt andre tal og behov.

Somme diagnosar er meir lokkande enn andre. Særleg populært er det å få ei fråsegn frå autorisert personell i kvit frakk, om at ein er sexavhengig. Ikkje berre er prognosane gode og behandlinga stimulerande, arket med dei latinske kråketærne, kan også koma godt med om samvitet skulle melda seg, eller om partneren skulle falla for freistinga å uttrykkja misnøye med eitt eller anna sprell. Alle veit kor tungt det er når partneren ikkje tek dei problema ein strir med på alvor. Litt verre er det å finna seg til rette med diagnosar som ulcerøs kolitt*, men gleda over å ha ein diagnose med fint namn, trumfar i dei fleste høva eventuelt ubehag, i alle fall på litt sikt.

Diagnosane er også ein naturleg del av arbeidslivet på utsida av helsevesenet. På den eine sida, blir diagnosen nytta av den diagnostiserte til å verna seg mot åtak og kritikk: «På grunn av min tilstand, kunne eg ikkje ha gjort det på nokon annan måte». På den andre sida; går det heilt av skaftet, kan den diagnostiserte få sparken på grunn av diagnosen. Men då har det gått svært langt.

På keisame kontorarbeidsplassar, kan det vera svært nyttig å kunna visa til at ein er lett råka av alzheimer. Då treng ein ikkje fylgja opp sakene, ein kan berre gjenta den same saka. Utan korttidsminne, er det også lettare å ta vare på førestillinga om at ein har gjort noko nytt. Særleg i innovative og verdsleiande verksemder, er denne førestillinga heilt essensiell. På same måten er ein vaksinert mot å hamna i trøbbel. Skulle det oppstå ein lei situasjon, vil alt vera i den venaste orden neste dag: «Stø kurs og flatt hav. Ikkje ei sky i sikte.»

Også på leiarnivå, er det ei rekkje diagnosar å velja mellom. Tidlegare måtte leiaremna velja mellom spesialisering innan emna strategisk og kjenslekald framferd, som leia fram til diagnosen psykopat, eller innan egoistisk og sjølvoppteken framferd, som leia fram til diagnosen narsissist. Verda går, som tidlegare nemnt, framover, og leiarutviklingskursa inneheld no ein tredje veg: Machiavellisme. Ikkje berre er namnet flott og ein ryttar verdig, diagnosen kombinerer på eit vis det beste frå farne tider. Ei sann syntese, så og seia.

Frå læremateriellet, har eg saksa fylgjande samandrag om Machiavellisme:
«For å få det slik du vil, må du ikkje lata deg hefta av moral. Fokuset må vera på kva du sjølv ynskjer å få til, men samstundes må du, i grove trekk, kjenna til lover og reglar, slik at du ikkje går for langt. Du skal vera snill med somme, kalkulerande og iskald med andre. Manipulering er ein viktig dugleik, og du må læra deg å dekkja over spor etter dårleg framferd. Eitt viktig verkemiddel, er å lata vreiden råka vilkårleg og av ukjente grunnar. Atmosfæren av uvisse, vil gje deg viktig handlingsrom, mellom anna til å setja folk opp mot kvarandre. Nøkkelen til å få det til å fungera, er å ausa empati og støtte over dei som seier seg viljuge til å lata deg bestemma alt.»

*Nærare skildra 2.40 ut i andre episode av Parterapi