nov 29 2017

Sjåføren

Ei ny tid er varsla: Snart vil førarlause bilar bli ein naturleg del av gatebiletet. Sjølvsagt er utviklinga spanande, men likefullt nokså irriterande for oss med garasjen full av gårsdagens siste skrik. Kjensla av å vera ein teknologisk føregangsmann, varte i akkurat eitt år. Og den kosta ei årsløn, i tillegg til bilen. (Før de hevar augebryna for høgt, må de hugsa på at lønningsposen til ein kontorist lett let seg bera, jamvel av ein ekstra slapp og kraftlaus Hareide.)

Meir ville det ha kosta om alt ekstrautstyret hadde blitt montert. Me vurderte alkolås, men slo det frå oss då Per Sandberg klaska neven i bordet og lovde vegstandard på eit nivå der ein trygt kunne køyra med trønderpromille. For å sikra føreseielege vilkår for privatøkonomien til både meg sjølv og andre, ymta eg frampå om konelås. Då slo nokon andre enn Per minst like hardt i bordet. Alkolåsen angrar eg av og til litt på. Jamvel med FrP i regjering, har det synt seg litt utfordrande å få på plass trygge vegar, til dømes til Voss, for ikkje å snakka om mellom Utne og Jondal. (På den andre sida: På sistnemnde strekning er vegen  så skral, at ein lyt ha nokre stive under vesten for å tora seg inn bak rattet.)  Eg har aldri angra på at me kutta ut konelåsen. For det fyrste ville det ha vore vanskeleg for meg å vita at låsen kanskje kunne ha blitt oppfatta som trakasserande blant dei det er lett å krenkja, og dei er mange. For det andre er jobb nummer ein å «slita ut» bilen så raskt som råd, slik at me atter kan få ei teknologisk nyvinning i garasjen.

Vonleg kan me sum-brumma rundt i hybriden vår i enno nokre år før trafikkbiletet er snudd heilt på hovudet. Det vil ta ei stund før folkemassane får auga på den som sit i førarsetet i kampen for dei førarlause bilane. I tillegg er Ludvig-ianismen og skepsisen solid festa i den norske folkesjela. Den gjengse statsborgar tvilar på at ei datamaskin kan handsama data meir effektivt enn ein morgontrøytt sjåfør som samstundes snakkar i mobiltelefonen og kranglar med ungane i baksetet. Teknologiskepsisen er neppe heilt rasjonell. Om eg ikkje tek feil, og det gjer eg sjeldan, er førarfeil årsaka til dei fleste ulukker. Fjernar me sjåførane, skulle me soleis få fjerna ulukkene i same slengen.

Dette blir likevel for enkelt. Trass i at teknologioptimisme er meir rasjonelt enn å tru på mennesket, vil førarlause bilar køyra side om side med hovudlause* sjåførar i lang tid. Dei hovudlause let seg ikkje så lett parkera. Rett nok er det ikkje heilt enkelt for dei hjernedøde å traktera rattet, men du kan vera nokså heit i hovudet før førarkortet ryk.

 

 

 

*Mange trur det er eit omvendt proporsjonalt tilhøve mellom sjåførhovud og bil: Ettersom bilen blir større og finare, blir hovudet mindre. Med respekt å melda: Dette er berre tull. Det går heilt fint å vera eit godt menneske med hovudet på rette staden og samstundes køyra ein nokså stor bil, til dømes Mitsubishi PHEV. Men om bilen blir større og flottare enn det, peikar så godt som all empiri i retning av nemnde hypotese. Det er såleis snakk om eit kurvlineært samband, eventuelt med tersklar.


nov 9 2017

Idealisten

Verksemder har det med å slengja slag- og fyndord i kring seg. Truleg meiner dei at dette kan hjelpa dei med å gjera ein fin figur i ålmenta. Ved å svøypa seg i høgverdige ideal, ynskjer verksemdene å ta merksemda vekk frå situasjonen slik den eigentleg er. Litt slik som når kvinner kjøper seg ein ny, ekstra dyr, kjole.

Røkjer ein dei mest populære slagorda nærare etter i saumane, blir ein snart slått av kor fallos-inspirerte dei er: Blant dei mest slåande, eller ståande, døma, finn me: «Miljøfyrtårn», «Helsebauta» og «Den etiske varderekka».

Mange vil nok finna dette noko underleg. Kanskje skuldast det at slike tankar blir pønska ut nær der makta sit, i tårnet til makta, eller the tower of power, som det vel også blir kalla. Sit ein sentralt plassert i eit slikt hierarki, er det ikkje til å undrast over at det fell naturleg å velja potente metaforar.

Av og til hender det at nokon freistar å gjera narr av slagorda. Seinast i sommar, skreiv avisene kritisk om å bruka «Nordens Toscana» om stader i Noreg, og for berre nokre veker sidan, høyrde eg ein fyr le høgt av «Sveio midt i leio». Slik låttleggjering er ikkje berre småleg, den bommar rett og slett på målet. Visjonar og strategiar er viktige, særleg for kommunikasjonsmedarbeidarane og reklamemakarane, men også for andre. Dette kan eg seia så skråsikkert, fordi eg sjølv har skifta kontor på grunn av den måten kontora kommuniserte på.

For meg har miljøvern alltid vore svært viktig. Slik eg ser det, er vår viktigaste oppgåve å leva liva våre, og forma samfunna våre, på ein slik måte at også komande generasjonar vil ha luft å pusta i, land å bu på og mat å eta. Difor har eg streva etter å eta kortreist mat, ha eit rasjonelt høve til forbruk og til å avgrensa karbonavtrykket. I tillegg har eg støtta friviljuge organisasjonar som arbeider med å gjera verda god og berekraftig, og eg har alltid røysta på … (Å, nei du! Det får du ikkje veta.)

På mitt gamle kontor, var strategien på dette området avgrensa til ei setning i årsmeldinga: «Verksemda har ikkje ureina det ytre miljø.» Stor var difor gleda den dagen eg såg eit «Miljøfyrtårn» søkja etter nye medarbeidarar. Sjølvsagt søkte eg. «Some change party for their principles, others change principles for their party», som Sir Winston formulerte det.

Ei av mine fyrste oppgåver for Miljøfyrtårnet, var å arrangera eit lagbyggjingsseminar. Eg meisla ut eit flott opplegg: Me skulle delast i tre grupper. Den eine skulle samarbeida om å laga maten til seminaret, den andre skulle laga ein kjøkkenhage med gulerøter og kål på taket (som seinare skulle nyttast i lapskausen på haustfesten) og den tredje gruppa skulle førebu faglege presentasjonar. Sjefen vende tommelen ned, og sette saman ein større komité. Der skjønte eg snart at lagbyggjingsseminar fungerer best i utlandet. – Men kva med Miljøfyrtårnet?, prøvde eg meg med. – Ein må opp i høgda for å få oversyn, og kvar kjem ein vel høgare enn i fly?, fekk eg til svar.

Vel heime att, måtte eg vedgå at turen hadde vore ein suksess. Godt fagleg opplegg og utan tvil med høg samansveisande effekt. Trass i det, heldt eg fram med å koma med syrlege stikk i høve reiseaktiviteten. Men no vart det (endå) verre å bli teken på alvor. – Kva er det du surmular etter, du reiser med fly sjølv! Eg prøvde meg med strategien til kjerringa når ho trøystar hanreien: – Eg er lei for å ha fare med andre. Men det var ikkje noko godt, skal du vita.

Det virka på eit vis, heilt til sjefen bestemte seg for å gjera kort prosess: Eg vart sendt ut på reiser i aust og vest: – Dette er ein del av jobben din, du bør ha gode grunnar for å halda deg heime, sa han. Og eg pakka lydig kofferten. I det stille gjorde eg opprør: Ein gong let eg til dømes flyet gå i frå meg, midt i Europa, slik at reiserekninga skulle bli ekstra høg. Så høg at eg fekk lov til å halda meg lågt. Sjefen gjekk ikkje på slike finter. I staden for fotlenkje, fekk eg nye turar.

Litt etter litt har eg kome til at internasjonalisering er eit fint ord, at det er viktig med relasjonsbyggjing og at utveksling av røynsler, fjes til fjes, er heilt naudsynt. Korleis skal ein elles kunna utvikla ein strategisk ambisjon for korleis me kan redda jorda vår?

Det er sjølvsagt dumt at dei keisame arbeidsoppgåvene hopar seg opp heime på kontoret, og ein har vel strengt teke ikkje godt av korkje feite middagar eller sterk drykk midt i veka. Men kva er ein ikkje viljug til å ofra for framtida til borna våre? Kor stort kan vel co2-avtrykket etter ein mann med små føter bli? Og et ein Serrano-skinke i Spania, er maten, utan tvil, kortreist.


nov 2 2017

BIxit

For godt over eit år sidan, kom ein kollega hesblesande inn på lunsjrommet: – No er det avgjort. Brexit vil bli eit faktum! – Spanande. BIxit er likevel langt meir avgjerande for vår kvardag, kommenterte ein annan turt. Som ein ofte gjer, når det kan sjå ut som om ein har med kjeks å gjera.

Omgrepet BIxit vart ein slager frå fyrste dag, men til skilnad frå Brexit, virka det å vera noko abstrakt, om ikkje utopisk. Litt Horizon 2020, langt der framme i dimma. Ikkje minst på grunn av den uhandterlege karakteren til ideen, vart det naudsynt å konkretisere og symbolisera. Sætre opplevde ein uforklarleg vekst i salet av Bixit kjeks i regionen.

Marknadsanalytikarane klødde seg i hovudet og sleit med å forklara at butikk etter butikk gjekk tome for kjeksa. (Vi har virkelig lykkes med strategien, men hvorfor virker den så godt akkurat på dette postnummeret?) Reinhaldarane sleit med å skjøna kvifor kjekssmulane låg som eit tjukt engelsk teppe over heile bygget.

 

Slik ebba året ut. Og slik byrja året i år. Men så hende det noko. På ein av dei flottaste og våtaste vinterdagane, seiv det ut eit rykte om at leiinga hadde samla seg til drittpakkeverkstad, etter modell av dei populære joleverkstadane. Dette sette kveik i fotfolket. Sporens streks vart prosjektet «Skylapp 2017» utmeisla. Oppstartsmøtet vil gå inn i soga som ein av dei mest vellukka drittpakkeverkstadene gjennom tidene. Så flott vart arbeidet, at leiinga ikkje kunne anna enn å samla seg til sluttpakkeverkstad. Litt av kvart kan seiast om slike verkstader, berre ikkje fortel sauebonden om kva kontorleiarane er viljuge til å betala for daudkjøt!

Om bonden vart verande uvitande om prosessen, fekk andre det med seg. Litt etter litt auka talet på innvigde. Brått skygde problema for heile horisonten. Og motsett av kva ein skulle tru: I skuggen vart det tydeleg kvar ein skulle vaska for å få vekk dritten.

Trass i det, brått og uventa kom dagen: BIxit.

Kva kan ein læra av dette? – Jaktar du horisonten, bør du ha skylappar.