mai 26 2017

Øl-etikette

Alle har eit syskenbarn på Gjøvik. Slik har det vore i generasjonar. Av nyare dato, er det at endå fleire har ein øl-hipster i omgangskrinsen. Ein øl-hipster er ein nokså ung mann med skjegg og litt rare klede. Han syklar gjerne på syklar som ikkje er spesielt gode å sykla på, og han kan snakka lenge om skilnadene mellom ein IPA og ein APA. Faktisk kan han og vera ei ho, men då med mindre skjegg og endå meir ubrukeleg sykkel.

Øl-hipsterane har saman med mikrobryggeria og heimebryggarane stole ølet attende frå alkoholikarane. No er pappvindrikkarane nederst på alkoholkonsumentstigen, berre såvidt over raudspritgjengen. Ølkjennarane er heilt der oppe blant dei profesjonelle vinsamlarane.

Heimebrygging er vorten til ein stoverein aktivitet, trass i griset på kjøkkenet og/eller i kjellaren. Det er faktisk litt skummelt. Korleis skal ein tolka det at mikrobryggeria prentar oppskriftene på etikettane? Kanskje er det ein freistand på folkleggjering etter modell frå påske-kake-bilaget i Hjemmet?

I så fall trugar det øl-hipsterane. Kor kjekt er det å ha kløande skjegg, rare klede og ubrukelege syklar, om det finst koselege koner med betre dreis på øl-kokinga?

Truleg er den sikraste vegen vidare å foredla øl-kunsten. Vera eitt steg føre desse tradisjonstru kake-kusene. Koma på nye maltblandingar og la humla suse på ein ny måte. I vår tid, er det ikkje sikkert det skal så mykje nytt til. Eigentleg. Kanskje kan det vera nok med ei ny innpakking?

yeltsin-etikett-3

Eg har slumpa borti eit bryggeri som er ikkje mindre enn verdsleiande på trendsetjarfronten. Av ei heilt vanleg maltblanding, kan dei trylla fram alskens herlege øl-variantar.

Der andre nøyer seg med å laga eit øl av den engelske typen staut, gjer dette bryggeriet nokre få, viktige, justeringar, og endar opp med ein heilt ny type øl: Post-imperial Soviet stout, med typenemninga PISS. Kven kan tenkja seg ein øl-hipster av i dag som pratar om piss? Men vent du, til morgondagen gryr.

 

 

horegoenan-etikett-2Bryggeriet har også meir tradisjonelle typar i sortimentet. American Fail Ale kan vera øl basert på amerikansk humle, men som ikkje heilt svarar til forventingane, reint smaksmessig. Det kan og nyttast til typenemning der inspirasjonskjeldene kan knytast til tvilsamt amerikansk tankegods.

 

 

 

 

horegonian5

 

Utan å gjera så mykje med oppskrifta, er det også råd å laga eit øl med ei heilt anna typenemning. Riga Mortis Ale skil seg fra Rigor Mortis Ale ved at fyrstnemnde berre gjev dødsstivleik i ein del av kroppen. Gjerne dersom ein er på tur til Riga.

 


mai 20 2017

Buksa

myanmar-tar-grep-mot-de-verste-former-for-barnearbeid_fullwidth Våren er ei herleg tid. For somme. Andre toler ikkje den kraftige ljoseksponeringa like godt. Dagsljos til nær sagt alle døgerets tider, gjer at kvar ein flekk verkeleg får koma til sin rett, anten det no er ein leverflekk på kinnet eller leversaus på slipset. I vinterens mystiske mørke, legg ingen merke til dei nye rukkene som breier seg over panna, eller til snippen som blir gulare og gulare for kvar veke.

Våren er ei festleg tid. Oppmagasinert livsglede skal øydast vekk i tog og seine grillkveldar med alskens kjenningar. Skal ein ta seg ut i festleg lag, meiner somme at ein lyt skaffa seg nye klede. Festlege klede, klede heilt utan rukker, flekkar eller kroppslege sekret. Plettfrie, skal dei vera.  Berre diskrete spor etter fingersveitten til dei små borna som sydde habittane, kan godtakast.

No er våren her. Ikkje før var han komen, før kona byrja å ymta frampå om at dei sel klede nede i gata. Tradisjonen tru, opna eg skåpet og synte fram dei velfylde hyllene. – Men du treng noko nytt, noko festleg. Kast den gamle driten!, sa ho, tradisjonen tru.

wp_20170520_09_52_40_proI det ho sa, låg det eit aldri så lite trugsmål: Gjer ikkje du det, så kjøper eg noko nytt til deg. I alle fall var det det ho gjorde i fjor. For akkurat tolv månader sidan, gjorde eg meg klar til min fyrste dag i ny jobb. Den dagen kom ho til meg med ei gåve. Sidan eg ikkje likte å handla klede i utrengsmål, hadde ho kjøpt ei ny bukse til meg. Ei festleg ei, ikkje ei sånn trøytt og keisam ei. Sjølvsagt tok eg ho på, eg er då ikkje vanskeleg heller. Den var annleis enn dei andre, ikkje tvil om det. Svart, med eit ikkje heilt diskret mønster, truleg sydd med gulltråd.

Vel framme på arbeidsstaden, fekk eg både kontor og konfekt. Ein etter ein, kom kollegaene innom kontoret mitt for å ynskja meg velkomen. Dei verka blide, heile bunten. Ekstra blid var den nest øverste sjefen. (På kontor, er det sjeldan berre ein sjef, oftast er det eit heilt juletre med sjefar. Ein har småsjefar, mellomsjefar, nesten sjefssjefen og aller øvst, sjefssjefen.) Den blide nesten sjefssjefen kniste og småhumra, før han braut ut i høglydt lått. Innimellom låtten, fekk han hiksta fram: – Det… Det… Det der er ei spanande bukse. Stilig. Ikkje akkurat heilt A4. Så skunda han seg vidare til møte med sjefssjefen.

Kontoristar er vanlegvis svært glade i A4-formatet. Det er eit svært brukbart format, lett å stabla i bunkar på pulten, og det høver godt i permar og i resirkuleringsboksen. Eg funderte difor litt på om det var ein god eller dårleg ting, at buksa ikkje var heilt A4.

Då nesten sjefssjefen var ferdig inne hjå sjefssjefen, kom han sporens streks inn på kontoret mitt. – Du, ehh, det var ikkje meininga å le av buksa di. Ho er fin. Litt spesiell, vonar du ikkje blei fornærma, i så fall orsakar eg…

Eg vart ikkje særleg fornærma på vegner av buksa. Kanskje pittelitt på vegner av kona. Ho hadde brukt tid på å pønska ut korleis ein kunne få ein kontorist til å bli festleg, og hadde kome fram til at det trongst  sterk lut.

joggSeinare har eg med glede kunna konstatera at det er moderate konfeksjonelle krav hjå oss. Det finst inga grense for kvar skjørtekanten skal gå, korkje øvre eller nedre, og det finst einslags aksept for å eta maten medan ein er kledd i treningsty. Sistnemnde, er kontroversielt på mange arbeidsplassar. Det hadde nok ikkje vore mogeleg utan ein nesten sjefssjef med evne og vilje til sjølv å gå, eller springa, føre.


mai 14 2017

Oppskrifta

Korleis lagar ein totalkok?

Truleg er det mange vegar til målet. Likevel er denne de no skal få innsyn i, kanskje den aller, aller sikraste vegen.

Ingrediensar:

  • 1 stykk diktator
  • Nokre gjærceller
  • Rikeleg med næring

Framgangsmåte:

Bland det godt saman i ein lufttett behaldar med vindauge, slik at dei små cellene kan sjå kva som går føre seg på utsida.

wp_20170513_17_51_45_pro

 

Lat blandinga stå eit bel, og vips: Totalkok. Legg merke til korleis loket bular og skum tyt ut mellom loket og bøtta på høgre side.

 

 

 

 

 

 

 

Somme av dykk, lurer sikkert på kva som ville ha hendt om ein fjerna proppen. Og det skal eg seia dykk:

wp_20170513_18_06_08_pro

 

Etter ein skikkeleg grumsefis, blir det masseflukt.

I denne bøtta er det nytta diktator av typen Bresjnev, men det ville nok ha fungert på omlag same måten om diktatoren hadde vore ein annan.