apr 29 2017

Sving og sveitte

swingEg kjenner ei tilårskomen dame, ho er sikkert over 50 år, som er usedvanleg flink til å dansa. På parketten er ho som eit fjon; har ho ikkje før svinga seg eine vegen, startar piruetten den andre.

Ho treng ikkje meir enn musikk og ein mann for å koma i humør. Det vil seia, det held ofte berre med  musikken. Dersom mannen er av den, dansemessig sett, litt utilstrekkelege sorten, får ho omlag same uttrykket i fjeset, som mensa-folket får når dei må forklara at den manglande figuren er ein grøn trekant.

Men når det er full klaff med både mann og musikk, trur ho ikkje lenger at englane berre finst i himmelen (jf. Ole Ivars). Ho flyg over golvet med eit andlet som born i gamle dagar hadde på jolekvelden. (I vår tid, er borna så vekkskjemde og ufordragelege, at dei berre lettar på smilebandet om gåvene overgår dei villaste fantasiane.)

Denne dama bestemte seg for å gje noko heilt spesielt i gåve til dottera si. Og kva gjorde ho? Jau, då gjekk ho på internett og søkte etter danseklubbar på eksotiske destinasjonar. Dottera har aldri vore spesielt interessert i dans. Men, tenkte mora, er destinasjonen eksotisk nok, kan det vel tenkjast at dottera får fart på føtene?swingclub

Ropar ein på internett, får ein svar. Snart var turen organisert med fly, husrom og danseklubb. Alt gjekk sånn nokolunde etter planen, heilt til dei skulle på dans. Mottakinga var storarta, vertane stod på pinne for dei gjestande damene, men det vart likevel ikkje heilt slik dei hadde sett det for seg. Det synte seg at på swingers-klubbar, syslar dei med litt meir enn vanleg swingdans.


apr 19 2017

Lågtrykksildraren

geisirStor var gleda, den gongen eg stolt kunne pakka ut min fyrste høgtrykkspylar. Endeleg skulle eg kunna spyla og dura slik det høver seg i nabolaget vårt. Berre avbroten av ein og annna vinter, trur eg naboen har spylt samanhengande sidan midten av 1990-talet.

Ettersom dagane gjekk, vart det meir og meir klart for meg at eg nok ikkje er ein typisk spylar. Jamvel dei gongene bilen var ekstra skiten, var det berre sånn passeleg interessant å finna fram maskina. Ein nyttig ting, utan tvil, men det er jo også symaskina.

Stort sett har eg og maskina levd våre liv på nokre meters avstand: Ho i garasjen, eg på sofaen. Berre omlag eit par  kveldar i året, har me gjort noko saman.

Etter skikken, skal spylarane alltid takast fram ved siste fullmåne før fyrste mai. Det gjorde me i år også, men det som skulle ha vore noko fint, vart til noko retteleg leit.

Frosten hadde vore hard med henne. Ho greidde ikkje å halda på vatnet, det taut ut både her og der, men i minst grad ut munnstykket. Høgtrykkspylaren hadde i løpet av vinteren vorte til ein lågtrykksildrar.  Etter litt plunder, lukkast eg med å få delt ho i to. Planen var å røkja etter om det kunne vera råd å fiksa det som no var vorte til faenskapet.

Feilen var tydeleg. Vassinntaksrøyret hadde sprukke. Hjå forhandlaren, fekk eg kjøpt eit nytt røyr for ein slikk og ingenting. Humøret byrja verkeleg å koma attende, og eg hadde i tankane rydda plass til maskina i den varme og koselege kjellaren. Aldri meir ein kald garasje for den dama. Røyret vart skifta, maskina skrudd saman og på ny kopla til straum og vatn.

Turr og fin stod ho der og lyste i all sin gule prakt. Så skrudde eg på straumen. Vatnet fossa fram der det ikkje skulle drypa ein dråpe. På ny spjæra eg dama, som atter eingong var vorte til faenskapet, i to. Vassinntaket var tett, no kom vatnet ut  av ein annan del. Den delen synte seg verre å byta ut.

No har eg tre val:

  1. Seia meg nøgd med å ha ein lågtrykkspylar (det er jo skånsomt for lakken)
  2. Identifisra dei delene som ikkje gjer som eg vil, og få bytt desse ut med nye deler (dette kostar tid og pengar, etterkvart mykje tid og pengar. Og i mellomtida, vil den ikkje fungera optimalt)
  3. Skaffa meg ein ny høgtrykkspylar

Om ein på død og liv skal finna noko positivt med denne soga, kan det vera at eg no skjønar litt betre korleis det er å vera verksemdsleiar etter at ein har vanskjøtta organisasjonen ei vinternatt eller to.


apr 16 2017

Dilemmaet

imagesAv og til, hender det at folk spør om kva eg arbeider med. Då svarer eg at arbeidet mitt går ut på å identifisera, systematisera, registrera, kontrollera og dokumentera informasjon. Dei aller fleste, byrjar då å snakka om Brann, eller om været. Nokre få, har stilt relevante oppfylgingsspørsmål, og eg har utbrodert så godt eg kan. Utbrodering, burde eg vera god på, i si tid var det jo broderiene mine som tvang meg til å flytta frå landsbygda. Etter å ha fått M i handarbeid og G i sløyd, var det ikkje liv laga for meg der heime.

Utlysingsteksten til stillinga mi, var svært lokkande. Fleire av dei mest forførande formuleringane var med: «Kunnskapsverksemd søkjer kunnskapsrik medarbeidar». «Stillinga krev at ein kan ta ansvar og arbeida sjølvstendig.» «Viktig å etablera og vedlikehalda internasjonale nettverk.» «Spanande og utfordrande». «Dynamisk og proaktivt miljø».

På veg inn til intervjuet, var eg overtydd om at eg hadde gode kort på handa. Kanskje ikkje berre trumf, men i alle fall fleire ess: For det fyrste meinte eg meg sjølv å vera ein god kandidat for alt det utlysinga ropte etter, for det andre hadde eg ein nyvunnen doktorgradstittel under vesten, eller kappa, som me doktorandar heller likar å seia.

Intervjuet gjekk strålande. Me drog opp skiljet mellom faktabasert og kjenslebasert argumentsjon, og me var hjartans samde om kor viktig det er å vera nøyaktig og samvitsfull medan ein samlar inn og legg fakta til rette for ålmenn bruk.

herskapelig Stemninga blei såpass euforisk, at arbeidsgjevaren sa seg viljug til å tilsetja meg på flekken. Sjølvsagt blei eg smigra, men me hadde ikkje snakka om det praktiske. I utlysinga stod det «løn etter avtale», og eg kunne ikkje anna enn å spørja kva det tydde. Arbeidsgjevaren nemde ein sum eg ikkje heilt hoppa i taket av. Det vil seia, med den løna vart det ikkje rare taket å hoppa i, toppen eit lite drabantbyhusvære, eit slikt Toppen Beck aldri ville ha funne på å vitja. Skulle det bli noko standsmessig med ein slik gajse, måtte eg satsa på å kapra ei dame med fint hus, eventuelt med døyande foreldre med fint hus. Slike damer veks ikkje på trær, men dei finst. Eg kan nemna fleire menn som har krabba ut av skjørtet til mor og rett inn i det lune reiret til svigermor.

-Er ikkje det litt lite, prøvde eg meg med, eg har jo doktorgrad og alle ting? -Vel, sa arbeidsgjevaren, skal eg behalda min jobb, må eg fylgja lønspolitikken til verksemda. Der står det, svart på kvitt, at formalkompetanse som ikkje blir nytta, skal ikkje gje ekstra løn. Ditt doktorgradsarbeid er ikkje relevant for dei arbeidsoppgåvene du skal gjera, og du kan difor ikkje få noko ekstra for det. Hadde du det fått, ville styret ha steila.

Eg gav opp tingingane, og takka ja til jobben. Bestemte meg sporens streks for å kjøpa meg treningskort og vitja Storhaugen i Odda. Damer med attraktive husvære, har det med å velja blant dei veltrente og velkledde.

I den fyrste tida mi ved arbeidsplassen, akta eg meg vel for å nytta den formalkompetansen som ikkje kunne lønnast. Var det på sin plass å drøfta ei sak på ein vitskapleg måte, sytte eg for å skriva ein heilt ordinær stil. Og dei gongene det dukka opp spørsmål om metodisk tilnærming, sende eg saka vidare til ein med lønna formalkompetanse på området.

Slik gjekk no dagane, heilt til sist veke. Brått og uventa, takka ein god kollega for seg. Ikkje slik å forstå at han pakka føtene i jord, han hadde rett og slett søkt seg ny stilling. Ikkje før var katten ute av sekken, eller mannen heilt non grata, før eg fekk melding om at eg skulle overta arbeidsoppgåvene. Det var kjekt, for dei høvde som hand i hanske med doktorgradsarbeidet mitt. I full fart for eg inn til arbeidsgjevaren og spurde om endringa ville få noko å seia for løna mi. Det ville den ikkje.

Difor har eg havna i eit leit dilemma: Skal eg løysa arbeidsoppgåvene på beste måte, lyt eg nytta ulønna formalkompetanse. Alternativt kan eg berre nytta den kompetansen som er lønna, men då vil ikkje resultatet bli så godt som mogeleg.

Det er neimen ikkje enkelt å vera kontorist.


apr 6 2017

#Lukke

skoDet er viktig å arbeida for at arbeidsmiljøet skal vera best mogeleg. Sjølve prosessen er sentral for både arbeidsgjevar og arbeidstakar. Ved at ein har eit felles fokus, vil ein på dei aller fleste arbeidsplassar stimulera til positive prosessar.  Greier ein å identifisera og luka vekk dei verste  stolane og relasjonane, kan ein oppnå både friskare arbeidarar og høgare effektivitet.

I år vart eg dregen inn i arbeidet med å kartleggja stoda. Me nytta oss av eit vanleg spørjeskjema med spørsmål om fysiske og psykiske faktorar, men for å vera ekstra spenstige, la me til eit ope spørsmål heilt til slutt:

«Kva er lukke for deg? I kva situasjonar kjenner du deg lukkeleg? Kva faktorar kan utløysa ei kjensle av lukke? Lag gjerne ei liste.»

Nesten ingen svarte på dette spørsmålet. Sjølvsagt kan det vera fordi kontoristar er ukjende med omgrepet lukke, men det er vel meir truleg at spørsmålet ikkje fungerte heilt optimalt. Trass i den magre svarinngangen, hadde somme teke seg tid til å svara svært fyldig. Her er nokre av punkta deira:

  • Reine golvmatter
  • Store idrettsarrangement i høveleg tidssone
  • Ferske tebrød
  • Brysselmannsembetet
  • Smular frå bordet til dei rike (catering restar)
  • Plusstid
  • «Fest setebeltet»
  • Nye joggesko
  • Koffertbærar
  • Morgonmøtet
  • Å tørka ettertenksomt av seg på føtene i full forvissing om at ein har sett far etter seg
  • Eg treng berre ein gløtt av sola for å bresta ut i lått

apr 5 2017

Heilskap

o-sensei-osenseiI austen plar dei fokusera på at alt heng saman. Har ein vondt i ei tå, kan det skuldast ein øm milt eller ubalanse i ein av dei mange energibanane i kroppen. Akkupunktur og ulike typar naturmedisin, er mykje brukt for å nullstilla system som har havna i ulage. I tillegg er det vanleg og viktig å kopla hovudet til lekamen gjennom meditasjon. Tankeøvingar kan fungera som ei stakefjør i energibanane, og få energien til å renna fritt som noko heilt anna i ein nyspylt kloakkleidning.

Tek ein meditasjonen til neste nivå, kan ein læra seg å styra energstraumane slik flygeleiarane kontrollerer luftrommet over London, til dømes. I karatelæreboka mi, las eg om ein sensei som let seg snø ned slik grønnlandshundane gjer. Han hadde korkje varmeflaske, ullunderbukse eller jervenpose. Alt han hadde, var eit kjempesvart belte og eit kokande hovud. Gjennom meditasjon, fekk han frakta varmen rundt i kroppen, slik at kulda ikkje fekk skikkeleg bet på han. Morgonen etter var han, etter å ha pussa tennene, klar for ei ny treningsøkt med studentane sine, og under ryggen hans, hadde graset vorte grønt i løpet av natta.

Sjølvsagt er det lov å ta noko av dette med ei klype salt. Men har du stadig vondt både her og der, er det ikkje så vanskeleg å ofra litt av den kritiske sansen. Før trudde eg at kvar ein muskelstrekk var eit teikn på at alderdomen banka på og ville ha meg med på vegen mot vigsla jord. No slår eg meg til tols med at den vonde hofta skuldast kroppsleg ubalanse eller ein skipla energistraum. Mot slikt finst det bot: Nokre nåler, ein tarmskylling og litt ginseng, så er ein attende i godt gammalt slag.

Det flotte med slik holistisk tenkjing, er at den kan skalerast. Er heilskapen liten, tenkjer ein smått, er heilskapen stor, tenkjer ein stort. I ein organisasjon, til dømes, handlar det ikkje om kjertlar og svamplekamar. Der kan sjefar og tilsette tilsvara kroppslege organ, og kommunikasjonsstraumar og kommandoliner vera substitutt for energistraumar.

Lat meg illustrera dette med eit døme: I ein organisasjon har det dukka opp ein særleg sur spesialrådgjevar.

Etter vanleg vestleg verdsoppfatting, vil det vera viktig å få vedkommande i behandling. Hadde han vore ei tå, ville det vore snakk om spjelking, bandasje og å køyra på med smertestillande. Ein arbeidstakar, vil etter dette tankesettet kunna bli lækja ved å få ordre om klare reglar for framferd (spjelking), ved ikkje å kunna ta avgjerder (bandasje) og ved ikkje å bli sett krav til (smertestillande).

Doktaren frå austen, vil gripa det an på ein heilt annan måte. Han aksepterer den sure spesialrådgjevaren, men han tek kjapt ein Holberg: Kvifor syt den sure? I denne prosessen må det kartleggjast om det finst noko som sprer sjukdom i organisasjonen, og om kommunikasjonen flyt med eller mot kjerringa. Kartlegginga vil gje føringar for intervensjonen: Blir det te, tarmskylling, amputasjon eller eksplosjon? Ginseng vil kina-dokteren tilrå uansett, akkurat det er litt som høgremannen og skatteletta. brains

Dersom den austlege tenkjemåten får fotfeste i organisasjonar som ikkje heilt er mogne, kan ein få merkelege utslag. Eg har til dømes sett at idealet om å vera i jamvekt, blir tolka som at leiargruppa bør ha sånn nokolude same ansiennitet som arbeidsstokken. Er leiargruppa lita og arbeidsstokken stor, tyder det at ein må fylgja godt med. Ser det ut til at arbeidstakarane har lyst til å bli verande, er det viktig å introdusera tiltak slik at dei sluttar. Får ein ut ein med 10 års ansiennitet, kan ein tilsetja fleire med eitt eller færre.


apr 1 2017

Kjenslemennesket

«Eg er skuffa over deg. Du skjøttar ikkje arbeidet ditt slik eg hadde forventa. I går var eg innom kontoret ditt to gonger. Båe gongene sat du med store øyretelefonar, og på skjermen var du ivrig oppteken med å fly rundt på ulike nettsider. Ingen med vår logo, etter det eg kuzimbabwes-president-robert-mugabe-addresses-party-conference-hararenne sjå. Du var så oppteken, at eg hadde ikkje hjarta til å uroa. No må eg nesten spørja deg: Veit du kva ein person i di stilling skal driva med?»

Kva svarer ein til slikt? Fem og eit halvt minutt tidlegare, hadde eg fått ein telefon: «Har du tid til eit kort møte på mitt kontor om fem minutt?» Ikkje noko meir. Eg trudde det galdt den søknaden me har sysla med ei stund, den som kanskje kan sikra at me får eit oppdrag verdt mange pengar. Men det var ikkje søknaden. Han lurte på om eg visste kva eg skulle gjera i jobben min.

Det veit eg jo. Etter utlysingsteksten, skal eg vera initiativrik og sjølvstendig, og eg skal ta ansvar for å utarbeida verdsleiande søknader. Tek ein det med ei klype salt det der med verdsleiinga, har eg gjort det som skal til: Initiativ har eg teke, og sjølvstendig har eg vore.

Eg prøvde meg med det. Men det var ikkje godt nok. Initiativa var ikkje klarerte, og graden av sjølvstende var for høg. Kopla med openberr unnasluntring, slik han sjølv hadde observert det dagen før, såg det stygt ut. I gamle dagar, sa han, kunne somme vera mogne til å få ansvar før dei var ferdig utdanna, i vår tid, treng dei fleste fleire tiår i arbeidslivet.

Skulle eg seia noko meir om kva nettsider eg hadde vore innom? Var det relevant kva musikkstykke eg hadde høyrt på? Skulle eg lova på tru og ære ikkje å ta sjølvstendige initiativ? Burde eg forklara korleis det er på andre arbeidsplassar? Alt verka like malplassert, og slik ebba samtalen ut.

Alle snakkar om kor viktig det er å ta ansvar. No veit eg at det er noko heilt anna enn å få lov til å ta ansvar. Tek ein det før ein har fått lov, risikerer ein at nokon blir skuffa. Kjensler skal ein vera varsam med. Og i morgon byrjar ein ny arbeidsdag?