mar 30 2017

Turkulturkollisjon

Av ein eller annan grunn, har eg enda opp med ei by-kone.  Ikkje sånn å forstå at ho ikkje er brukandes til noko, ho er retteleg flink til mykje, og det er neimen ikkje gjengs for alle slike, men ho talar bymål og er på førenamn med fleire frisørar enn det finst sauerasar i landet. Fint smiler ho og, men eg har ikkje trumfa til meg ei trofekone. Ho var heilt gratis, sånn i utgangspunktet.

Ut frå eit regionalt perspektiv, har eg budd i sentrale strok det meste av livet. I bydn har eg lært meg meir enn å eta med kniv og gaffel, men eg har ikkje fått vaska føtene, eller røtene, heilt fri frå den jorda dei stod i under oppveksten på ein småskoren vestlandsgard. Som dei seier, du kan få bonden ut av bygda, men du får ikkje bygda ut av bonden.

Heime hjå oss, er det bokstavleg tala by og land, hand i hand. Som kjent har fleirkulturelle ekteskap dårlege odds, og i heimen dukkar det jamt opp utfordringar av kulturell karakter. I det siste, har me vore nøydde til å jobba med å utvikla ei sams oppfatning og forståing i høve tur og trening.

På landsbygda trenar ingen. Dei med tiltakslyst arbeider, dei andre ligg på sofaen. Eller køyrer traktor. På kveldstid eller i sau  helgane, kan ein gå på tur. Dersom ein går på veg, anten han er asfaltert, grusa eller steinsett, er det spasertur ein er på. Skal ein inspisera kva naboen har føre seg i utmarka, eller i det minste eit stykke i frå husa, går ein på lusketur. Då vel ein gjerne krevjande ruter gjennom ekstra ulendt terreng, slik at det kan sjå litt tilfeldig ut at ein kjem ut av skogen akkurat der naboen held på med å byggja ei bru eller hogga skog. Fjelltur kan ein sjølvsagt også gå på, men aldri utan eit sertifisert formål. På vinterstid går ein i fjellet for å undersøkja om snøtilhøva kan seia noko om korleis beitet blir til sommaren, på våren sjekkar ein kor høgt til fjells grasveksten er komen, på sommaren ser ein til dyra og på hausten lyt ein få smalen heim.

Moderne bydamer er opptekne av trening. Dei blir rasande om nokon kallar det dei har vore med på for spasertur, til nød kan dei akseptera nemninga «speed walk». Humøret fell til eit lågmål om dei må klyva i urer og baska seg gjennom småskog, berre for å enda opp ved det nye gjerdet til naboen. Og dei blir skikkeleg grinete om fjellturen alltid lyt gå der ein har, eller forfedrane har hatt, beiterett. Ei moderne bydame vil ha drikkeflaske, skritteljar, pulsklokke, Besseggen og Galdhøpiggen.

Kona og eg har kome fram til eit kompromiss der me båe gjev og tek, eit tur-kulturelt modus vivendi: Me er samde om å bruka nemninga «treningstur» om formålslause turar i skog og mark. Me skal aldri meir leggja ut på lusketur, og dersom me går på ukjende fjell, skal ingen bli sure om det dukkar opp nokre kommentarar kring beitetilhøva.

Det er krevjande å kjenna til alle nyansane i tur-omgrepet. Landsbygda har sine variantar, og det har jammen meg byfolk også. Ein gong trefte eg på ei flott dame nede ved torget. Av ein eller annan grunn stillte ho akkurat meg fylgjande spørsmål: «Vil du ha tur?» Eg svarte som sant var  «Tja, det kunne vore rett triveleg det, men eg har ikkje sko til anna enn ein spasertur.»


mar 28 2017

Arbeidstrening

Ei viktig kampsak for dagens kontoristar, er å få trena i arbeidstida. Og då meiner me trening, ikkje ei lita fagrørsle midt på dagen.

Somme arbeidsgjevarar har vore positive til kravet. Truleg har dei tenkt at friske folk har mest lyst til å gå på jobb, og at trening kan halda dei tilsetta så slanke at dei greier å pressa seg inn døra utan å få vondt i ryggen.

Andre arbeidsgjevarar har skjønt kva det eigentleg dreier seg om. Med mishag har dei lenge sett på at arbeidarane les aviser, betalar rekningar og handlar seg mat midt i arbeidstida. Ja, somme høyrer til og med på musikk, og så vil slubbertane forsyne meg ha betalt for å utføra enno ein fritidsaktivitet!

Rett skal vera rett, somme arbeidstakarar er ikkje heilt enkle. Har dei til dømes ikkje særleg lyst til å skifta kontor, er det neimen ikkje enkelt å flytta på dei, og har dei lyst til å trena, skaffar dei seg både sykkel og sykkelbukse utan å spørja sjefen. Dette gjeld anten arbeidsgjevaren er slik eller slik.

Dramatikken gjev sjølvsagt høgst puls der treningsivrige arbeidstakarar blir heldne i taumane av ein sjølvopplyst arbeidsgjevar. Der står to syn steilt imot kvarandre: På den eine sida har ein arbeidstakarar som ynskjer å arbeida litt i treningstida, på den andre arbeidsgjevar som er pukka nødt til å handheva gjeldande avtaleverk, dersom han då ikkje vil smaka på vreiden til styret.

I slike arbeidsmiljø går provokasjon og reaksjon hand i hand: Blir arbeidstakarar observerte i treningsty, kjem det reglar om godkjent arbeidsty. Gjev arbeidstakarane inntrykk av at det er naudsynt å samarbeida med folk i ein annan ende av kontoret, blir dei relodusjkaliserte og plasserte saman. Høyrest det mykje renn i trappa, kjem det opp skilt om kvar heisen er. Ynskjer nokon å avspasera for å gå på fjelltur, får dei melding om at fjellturar er ein helgeaktivitet, og at avspasering helst skal nyttast på kjøpesenter eller til sydenreiser.

Mange vil nok tru at det er negativt å tena til livets brød under slike omstende, men det er neimen ikkje sikkert. Kanskje lokkar det heller fram dei mest kreative tankane og ideane? Overstimulert skaparlyst er vanlegvis gull for innovasjonsverksemder.


mar 26 2017

Servitøren

Førre dagen var det styremøte på kontoret. I  styret sit det viktige folk, slike som er på førenamn med både flyvertinner og tv-kjendisar. Eg var kalla inn for å gjera greie for eit spanande prosjekt eg putlar på med. Litt spent var eg før møtet, men inne i lokalet vart eg roleg. Der var stemninga både avslappa og hyggeleg. Stol fann eg ved bordenden, og det var god plass til manuskriptet på bordplata.

Sjefen svinsa rundt på ein måte eg aldri før hadde sett. Han serverte kaffi og tebrød til gjestene og pludra eitt eller anna koseleg til kvar einskild: «Litt varm kaffi, kanskje, det var vel kaldt på Gardermoen i dag?» … «Du er vel svolten, du som har reist heilt i frå Tromsø? 2006-05-452-01-cKan eg freista deg med eit tebrød?» …

Medan sjefen kvitra seg nedover langs bordet, kjende eg eit stikk av dårleg samvit. Eg hadde tydelegvis danna meg eit feil inntrykk av mannen. Denne auraen av hygge høvde ikkje heilt med den autoritære leiartypen frå 1950-talet, som mellom andre Gudmund Hernes har skrive om.

Snart var det min tur til å få kaffi i koppen og søtt i skrotten. Eg skuva koppen diskret nokre centimeter bort til den mest optimale påfyllingsposisjonen. Så var det berre meg att. Sjefen lente seg litt fram, og ut av munnvika kom det, denne gongen med låg røyst: «Du fiksar deg sjølv». Tebrød og kaffi sette han midt på bordet, og med høg og tydeleg røyst sa han: «Nei, me må vel nesten sjå til å koma i gang.»


mar 24 2017

Sukkerpappa

kake2Somme skal no alltid stikka seg fram. Til og med på vårt keisame kontor, finn ein folk med kvasse olbogar og overdriven stemmebruk. I lunsjen i dag, til dømes, greidde to karar å laga mykje styr og baluba berre ved å servera ei kake. Munnhellet seier at «vegen til hjarta åt ein mann, går via magen». Etter kvitringa til kvinnene rundt bordet å døma, er det truleg at også dei let seg påverka av mat, og kanskje særleg av søte kaker. Det kan godt vera at reisa endar i hjarta, men dei grådige augo og vellystige hiksta ber bod om ein liten avstikkar på vegen.

 

 


mar 23 2017

D-coup d’état

flittigliseDen gongen eg flytta inn blant holkort og Tiki-100, sat det stort sett menn i dei beste stolane. Slik er det ikkje lenger. No kan kvinner bli både statsminister og kontorsjef, ja til og med biskop kan dei bli utan at så mange hevar på augebryna. Hadde det ikkje vore for at det framleis finst eindel konservative strukturar som løftar menn opp til ufortente høgder, ville det sett verkeleg stygt ut.

Slik har det blitt fordi kvinnene har kuppa utdanningssystemet. Dei har gjort det slik at det skal betala seg å vera flittig og flink på skulen. Er det rettvist?


mar 22 2017

1 time for jorda

earthhourPå oppslagstavla har det kome informasjon om arrangementet Earth Hour. Kort sagt går det ut på at me, ein dag i året, skal sløkkja ljoset før meg går heim frå jobb. Ein gledesdrepar ville ha sagt at ljoset blir sløkt kvar einaste dag, men slike skal me jo ikkje høyra på.

Det flotte med arrangementet, er at kvar og ein av oss får høve til å yta sin skjerv for å sikra levevilkåra på planeten, eller i det minste får høve til å mana fram ei kjensle om at ein gjev eit tilskot.

Særleg for eit velinformert og internasjonalisert miljø som vårt, er det flott med slike tiltak som kan gje oss godt samvit. Me veit jo kva som skjer når havet stig og lufta ikkje lenger er råd å pusta i: Då vil alskens fattigfolk drukna og bli sjuke. Det er ikkje noko kjekt å tenkja på.

Under timen til jorda, vil folk over heile verda vera samla om eit felles prosjekt. Litt slik som skikken i Kina med å eta månekaker. Ein dag i året et kinesarane månekaker og ser på månen. Medan dei et, skal dei tenkja på alle nære som ikkje er tilstades, og slik blir heile det enorme riket samla under den same månen. Berre dei kjipe vil nemna at månen ikkje lyser til same tid i eit stort rike, men det er no så.

Kontoret har altså lagt vekt på å prioritera Earth Hour i år, som i fjor, som i året før derigjen. Sidan arrangementet står så sentralt i den grøne profilen til verksemda, skal tre representantar manhattanreisa til New York for å vera med på Earth Hour tilstellinga der borte. Våre representantar skal formidla korleis ljosa blir sløkt i Noreg, dei skal læra om ljossløkkjings-vanane i New York, og dei skal knyta kontaktar til andre ljossløkkjingsmiljø, kanskje særleg dei i Argentina og Australia. Dette vil gje enormt viktige impulsar til ljossløkkjingsinnovasjonen i tiåra som kjem. Det er viktig å ta innover seg at me skal leva av noko etter olja.

Klimakrisa har i liten grad hindra kontoret i å delta i slike viktige fora. Klimakteriumskrisa har synt seg som ei langt større utfordring, for ikkje å nemna eg-har-vore-der-før-krisa.


mar 21 2017

Fotlenkja

alpsOppå sin kvite arabarhingst, sat Napoleon og drøymde om verdsherredøme. I vår tid nøyer dei fleste ryttarar seg med mindre. Verdsherredømedraumen er på eit vis vorten deskreditert av slike som Stalin, Hitler og Coca Cola. Men draumen om å vera verdsleiande, er akseptabel, og den kan utviklast og nærast medan ein rir over himmelkvelven i ein Boeing eller i ein Airbus. Flygehestane er kvite, dei også.

Dei verdsleiande er ei mangslungen gruppe. Somme er nøgde med å leia det største statlege einskildsmannsføretaket i verda, andre stoggar ikkje før dei har tent så mange kroner at dei kan kjøpa seg husrom der dei måtte ynskja det, til dømes i Det kvite huset.

Sjølv har eg valt ein litt annan strategi. Meir smålåten, men nokså utkropen. I kontorverda er ikkje alt like spanande. Faktisk finst det så keisame oppgåver, at Arbeidstilsynet har vore på nippen til å gripa inn. Ei slik oppgåve har eg plukka meg ut. Når ein fyrst har havna på eit kontor, kan ein like gjerne ta han heilt ut, som det heiter.

Eg er den einaste i Noreg med kjennskap til feltet, det er to i Tyskland, ein i England og ein i USA. Heile verdseliten får plass i ei folkevogn, eller i ein Q2, i alle fall om me set amerikanaren framme. Sidan me er så få, har me likegodt byrja å samarbeida så godt det let seg gjera på kryss og tvers av kontinent og hav: Verdsleiande er me okke som.

I fjor byrja det å gå gjetord om samarbeidet vårt, og me vart inviterte til å halda foredrag på ein stor konferanse i utlandet. Stolt og forventingsfull skunda eg meg til sjefen med gladmeldinga. – Diverre, du kan ikkje reisa nokon stad, var sjokkmeldinga. – Som verksemdsleiar er eg pukka nødt til å prioritera, og no er det altså ein annan sin tur. Eg freista å formidla at eg var den einaste på huset som hadde arbeidd med slike spørsmål, og at litt av poenget med konferansen var å treffa dei fire andre ekspertane og staka ut ein kurs for samarbeidet framover. Sjefen var ikkje å rikka, han understreka at ein må ha gjort seg fortent til å reisa gjennom lang og lojal teneste, det handla ikkje om kompetanse eller arbeidsoppgåver.

Skuffa tusla eg attende til kontoret mitt og arbeidde vidare med fagstilen min. Den blei ikkje så verst, og då eg nokre månader seinare sende han til engelskmannen, fekk eg entusiastiske tilrop attende: Han inviterte meg til England for å leggja han fram, til og med reisepengar skulle han skrapa i hop. Eg sa meg sjølvsagt viljug til å ta oppdraget, men samstundes understreka eg at det var opp til sjefen å gjera endeleg vedtak. – Kan du ikkje venda deg direkte til han, spurte eg.

fotlenke

Ti minutt seinare ringde telefonen: – Hei, det er sjefen. Har du ikkje skjønt det: Du skal ikkje reisa nokon stad! Det er ikkje gått eit år sidan du sa meg i mot, du flirte til og med av argumenta mine. Og no set du meg i ein ubehageleg situasjon ved å pussa han der ufordragelege engelskmannen på meg. Får du fleire førespurnader, skal du seia at du ikkje har høve til å reisa av personlege årsaker, du har vel ei sjuk mor eller eitt eller anna helseproblem å visa til? Eg skal i alle fall ikkje ha fleire slike telefonar, det vil eg i så fall tolka som eit sterkt signal om illojalitet.

Så var dialogen over.


mar 20 2017

Frøken høgre

helsemenn

Desse mennene er blant dei verste me har greidd å fostra fram her på jorda. Diverre er dei langt frå dei einaste med velfortent plass på lista, truleg er det ikkje kapasitet på Internettet til å lista ut alle fæle. Du står fritt til å setja inn din eigen kandidat der spørjeteiknet står, men han lyt ha heva hand.

Folk har jubla i glede og entusiasme til desse utstrekte hendene som samla har signert dødsdomen til millionar. Ein kan bli misantrop av mindre.

 


mar 16 2017

Fridom i ei lita øskje

TRONDHEIM 20080701: Stemplingsur ved blodbanken på St. Olavs Hospital i Trondheim. Klokke. Tid. Arbeidstid. Foto: Gorm Kallestad / SCANPIX

Stemplingsuret vekkjer sterke, ofte negative, kjensler i arbeidarklassa. Uret var, og er, ein lekk i kontrollregimet til leiinga, og difor må nesten arbeidarane mislika det.

Kanskje på grunn av den tvilsame statusen til uret blant arbeidsfolk, bestemte sjefen seg for å montera ein slik liten kasse på veggen hjå oss. (Uret kom på veggen eingong på slutten av 1990-talet. Den gongen var sjefen ein ekte teknologioptimist, og det kan tenkjast at øskja kom til husars rett og slett fordi den blinka og lagde ein nokså artig lyd.)

Overgangen frå arbeidstidsregistrering basert på tillit, til maskinell registrering under overvaking av sekretæren, har ikkje berre vore vellukka, det har vore ei suksesssoge på høgde med månelandinga, altså den USA stod for på 60-talet. Kontoristane hjå oss uttrykkjer gjerne misnøye med uret, men det er berre for å hindra at sjefen skal bli freista til å fjerna det. Du hendelse for ein fridom det gjev!

I gamle dagar, sat ein og funderte under registreringa: Var møtet relevant, fekk ein gjort det ein skulle, kor lang tid brukte ein eigentleg på det ærendet? No vandrar ein inn og plingar i boksen. Det er i grunnen alt ein treng å gjera. I det plinget kjem, kan ein senka skuldrane. Og ha godt samvit: Alt er på stell, og det eine minuttet legg seg oppå det andre i rekneskapen.

Kontorarbeid handlar ikkje om å leggja ein kasse oppå ein annan, og så telja opp stablane klokka fire. Hjå oss er det viktig å tenkja, laga use-cases og kanskje også byggja ein relasjon eller to. Alt er heilt naudsynt, og prosessane er minst like viktige som produkta. Klokka fire er ein ferdig, men klokka går heilt til det plingar, kanskje 30 eller 40 minutt seinare. Plusstid. Boksen kan ikkje lyga, den er ei maskin. Rein dokumentasjon, fakta faen.

Litt etter litt hopar plusstida seg opp. I byrjinga kunne ein berre kvitta seg med denne ved å avspasera. Etter som utviklinga har gått, har boksen vorten meir sofistikert. No kan ein mellom anna registrera om fråværet er initiert av været, såkalla «yrspasering», eller om det er snakk om festrelatert «ørspasering».

Truleg vil boksen mista noko av si frigjerande rolle i tida som kjem. Har treft på fleire kontoristar som entusiastisk legg ut om føremonene med  tillitsbasert arbeidstidsregistrering. Særleg godt fungerer det for dei samvitslause, ein kategori vår tid er så flink til å dyrka fram. Meir om det ein annan gong. Kanskje.


mar 14 2017

Uflidd formalisme*

Utfordringane står i kø for kontorleiararne. Ikkje berre må dei forhalda seg til slikt som budsjett, internfakturering og forseinka flyavgangar, dei lyt også ta ansvar for viktigare saker, som til dømes å bestemma korleis dei tilsette bør kle seg. Me har nyss lese om eit kontor i England, der kvinner byrja å kle seg som om dei ikkje var lett underhaldning for dei mannlege kollegaene. For ikkje å få omdømet til kontoret øydelagt, måtte sjefen umiddelbart slå ned på uvesenet.

I førre veke tok også vår sjef eit slikt initiativ, men ikkje nett slik som engelskmannen. Det heile starta med eit skjermbrev til alle tilsette:

«Hei, Staben blir vennligst anmodet om å kle seg ordentlig i arbeidstiden.»

Jamvel om eg no har vore kontorist i mange år, er det ikkje til å koma i frå at eg stammar frå landsbygda. Der lærte eg å kle meg funksjonelt, og den vanen har eg drege med meg til bydn. Har ein tenkt å ta eit tak, kler ein seg difor i klede skapt for slikt, gjerne i ulike variantar av treningsty. Nesten kvar morgon vaknar eg med ein klar ambisjon om å spa unna nokre papirhaugar i løpet av dagen. Det er vel difor unødvendig å nemna kva type klede eg helst vel?

De skjønar sikkert at eg hadde ei aning om at eg var ein av dei sjefen ville kle om. Ordlyden var likevel så knapp, at eg såg meg tvungen til å be om litt meir konkrete retningsliner:

«Vyrde professor X

Eg viser til meldinga om klede. Fell treningsty, turbukse, kortbukse og skjorte utan krage inn under kategorien «ordentlig»?»

Det gjekk ikkje lang tid før svaret kom:

«Hei

scruffy-academics-014Det er viktig å være nøyaktig i begrepsbruken, og å kunne skille roller fra hverandre. Jeg bruker aldri professorhatten på kontoret. Den bruker jeg bare i akademiske settinger i utlandet, eller i fora der min utdannelse er ukjent. På kontoret bruker jeg bare direktørhatten, og det har du å forholde deg til. Noe annet ville være helt bisart.

Du kan ellers se på bildet om noe er uklart.»

Eg tok meldinga. Her var det berre å tyggja i seg nederlaget. Men eg tenkte heile tida på kva som ville skje om eg verkeleg skulle måtta ta eit tak på jobb: Med gru såg eg for meg korleis eg kunne risikera å måtte slengja av meg dressjakka som ein annan Chippendale.

Det gjekk ikkje mange dagane før eg snubla over ei moteside på Internett med relevant informasjon. Rett nok var ikkje artikkelen heilt ny, men langt frå så utdatert som mykje anna. Eg  sette meg sporenstreks til tastaturet og formulerte fylgjande brev med tittelen:

«Formalkonfeksjonelle trendar»

Vyrde direktør

I den siste tida, har det blitt gjort fleire justeringar for å førebu kontoret på eit nytt år i verdsleiinga. Mellom anna har den den nye grafiske profilen blitt supplert med ei viss formalkonfeksjonell retro-orientering.

athleisure

Spørsmålet er likevel om det er strategisk smart å sjå bakover, når ein har ambisjonar om å liggja heilt i tet? Det er på ingen måte mitt formål å hovera, men eg vil gjera deg merksam på eit innovativt, proaktivt og dynamisk fenomen frå moteverda: Athleisure, sjå: Stovereint med treningstights på jobb

Eg treng vel ikkje opplysa deg om at eg i årevis har reindyrka denne stilen. Ikkje fyrst og fremst for eigen del, men for heile tida å vera budd til å yta litt ekstra sveitte for kontoret. Og for å bidra til at kontoret kan bli oppfatta som ein nyskapande arbeidsplass.

 

I dag har det vore stilt…

*Dei anglofile er truleg meir kjende med uttrykket  «scruffy formal«.