Komfortisten

kino1Kinoen har lansert eit nytt tilbod: Komfortsalen. Der er stolane mjukare og teppet djupare. Kvar stol er utstyrt med bord, paraplystativ og mobilladar.

Tilbodet er utvikla for å lokka nye kundegrupper inn i myrkret: ekstra tjukke, lettare folkesky og slike som meiner at dei fortener noko litt ekstra, til dømes pensjonistar og høgreveljarar. Kanskje kan denne snobbifiseringa av filmopplevinga, vera med på å løfta aktiviteten over i høgkulturen saman med opera, ballett, teater og samtidsmusikk?

Litt, for ikkje å seia det meste, av auraen kring høgkulturen, er avhengig av at det kostar nokre kroner ekstra. Rett nok plar kjendisane å få det gratis, men det skulle vel berre mangla. Dei er nærast ein del av den kunstnarlege opplevinga. Vanlege folk, lyt derimot betala. Vel brukte pengar, vil mange seia. Fyrst og fremst fordi ein blir skjerma frå omgang med ubemidla eksistensar. Men også fordi det gjer noko med oss å grava djupt i lommeboka. «Forsking syner», sa dei på radioen i går, «at kvinner som har fått opplyst at vinen dei drikk er dyr, kjenner ei større kjensle av lukke, og rangerer kvaliteten på vinen høgare, enn dei som ikkje fekk veta prisen.» (Kanskje sa dei at dette gjeld menn også, eller sa dei kanskje kvinner av båe kjønn? Er neimen ikkje sikker.) Med andre ord: Kjensle av kvalitet kostar.

Med mi løn, har eg ikkje råd til å vera noko kjenslemenneske. Eg må vurdera nøye kva eg treng, og eg strekkjer meg langt for å skaffa meg gode varer på ein rimeleg måte: Ein kjøper ikkje jakke om ein har hol i buksa, og ein slår ikkje til før avslaget er på meir enn 40 %.

I heimen har eg møtt litt motbør, det skal seiast. Dersom nokon treng ei ny bukse, men har meir lyst på jakke, kjøper ein både bukse og jakke. Og dersom avslaget er på 40 % eller meir, tyder det at det er noko gale med produktet og/eller at ingen vil ha det. Og då er det ingen vits i å kjøpa det.

Etter å ha gnagd og mast på mitt vis i årevis, har eg i det siste merka ei viss endring. Meir enn ein gong har eg fått oppleva å høyra «sjå her, denne buksa er til halv pris». No skjønar eg korleis misjonæren hadde det, fyrste gongen han høyrte ein av dei usiviliserte seia «amen».

kinoFørre dagen landa eg med ein smell. Sonen insisterte på å ta med seg venene sine på kino. Til komfort-salen. «Stolene er digg og lyden er helt super. Det koster bare 20 kroner ekstra…» Eg gav han i det glatte lag, og repeterte soger om bygdekinoen med trebenker, sykling i mange mil utan korkje lykt eller gateljos, og molking av kyr før skuletid. (Blei kanskje litt for engasjert der på slutten.) Sonen stod på sitt.

Brått såg eg ein mogeleg utveg. Kontoret har avtale med kinoen, kanskje kunne eg få billettar på den måten? I full fart sette eg meg ved maskina. Jau, billettar kunne eg få, også til komfortsalen. Men systemet hadde ikkje blitt oppdatert til å ta ekstrabetaling for komforten. SATAN! Komfort til vanleg pris, frå 30 % til 40 % rabatt. Nesten litt synd at komforten berre kosta 20 kroner. Hadde dei sagt 30 eller 40, ville 50 % vore i nærleiken.

For tida går det mykje bra på kino.


One Response to “Komfortisten”

Leave a Reply