1 time for jorda

earthhourPå oppslagstavla har det kome informasjon om arrangementet Earth Hour. Kort sagt går det ut på at me, ein dag i året, skal sløkkja ljoset før meg går heim frå jobb. Ein gledesdrepar ville ha sagt at ljoset blir sløkt kvar einaste dag, men slike skal me jo ikkje høyra på.

Det flotte med arrangementet, er at kvar og ein av oss får høve til å yta sin skjerv for å sikra levevilkåra på planeten, eller i det minste får høve til å mana fram ei kjensle om at ein gjev eit tilskot.

Særleg for eit velinformert og internasjonalisert miljø som vårt, er det flott med slike tiltak som kan gje oss godt samvit. Me veit jo kva som skjer når havet stig og lufta ikkje lenger er råd å pusta i: Då vil alskens fattigfolk drukna og bli sjuke. Det er ikkje noko kjekt å tenkja på.

Under timen til jorda, vil folk over heile verda vera samla om eit felles prosjekt. Litt slik som skikken i Kina med å eta månekaker. Ein dag i året et kinesarane månekaker og ser på månen. Medan dei et, skal dei tenkja på alle nære som ikkje er tilstades, og slik blir heile det enorme riket samla under den same månen. Berre dei kjipe vil nemna at månen ikkje lyser til same tid i eit stort rike, men det er no så.

Kontoret har altså lagt vekt på å prioritera Earth Hour i år, som i fjor, som i året før derigjen. Sidan arrangementet står så sentralt i den grøne profilen til verksemda, skal tre representantar manhattanreisa til New York for å vera med på Earth Hour tilstellinga der borte. Våre representantar skal formidla korleis ljosa blir sløkt i Noreg, dei skal læra om ljossløkkjings-vanane i New York, og dei skal knyta kontaktar til andre ljossløkkjingsmiljø, kanskje særleg dei i Argentina og Australia. Dette vil gje enormt viktige impulsar til ljossløkkjingsinnovasjonen i tiåra som kjem. Det er viktig å ta innover seg at me skal leva av noko etter olja.

Klimakrisa har i liten grad hindra kontoret i å delta i slike viktige fora. Klimakteriumskrisa har synt seg som ei langt større utfordring, for ikkje å nemna eg-har-vore-der-før-krisa.


4 Responses to “1 time for jorda”

  • Jimmy H. Says:

    Den moderne forskningsturisten sløkkjer ljoset med eine handa samstundes som ho bestill flybillett til meiningslause konferansar med den andre. På tide at regjeringa innfører ein kontorseteavgift?

  • Samso Nite Says:

    Er grunnleggjande positiv til statlege avgifter. Trur likevel det er turvande å få ein utgreiingskomite til å sjå på saka. Kan det tenkjast at tiltaket vil stimulera til reising heller enn til å dempa aktiviteten? Verksemdsleiarar likar ikkje å betala for varer dei ikkje får nyta godt av. Dersom verksemdsleiaren kan ta seg ein tur for kvar tilsett, som kjent kan ikkje kven som helst få nyta loungefacilitetane, har han fått ei vare. Er det 100 tilsette, blir han vekke ein tredjedel av året. Så kan ein spørja om det er for lenge, eller om ein skulle ha arbeidd i ei verksemd med over 300 tilsette.

  • Jimmy H. Says:

    Inne på noko her, Nite, men hugs at ein kvar verksemdsleiar med sjølvrespekten intakt reiser rundt med sin eigen entourage (eller følgje, som det også heiter på nynorsk). Såleis må me også rekne inn minst ein koffertberar og ein konferanseklakkør.

    • Samso Nite Says:

      Interessant det du seier om sjølvrespekt, mr. H. Kom til å tenkje på at eg har sett eldre menn med yngre gutar i piccolo-uniform på slep. Har det også noko med sjølvrespekt å gjera? Dessutan vil eg nytta høvet til å understreka at ein koffert ikkje berre er ein koffert. Såpass mykje koffert har eg tenkt, så her er eg heilt sikker.

Leave a Reply