Fridom i ei lita øskje

TRONDHEIM 20080701: Stemplingsur ved blodbanken på St. Olavs Hospital i Trondheim. Klokke. Tid. Arbeidstid. Foto: Gorm Kallestad / SCANPIX

Stemplingsuret vekkjer sterke, ofte negative, kjensler i arbeidarklassa. Uret var, og er, ein lekk i kontrollregimet til leiinga, og difor må nesten arbeidarane mislika det.

Kanskje på grunn av den tvilsame statusen til uret blant arbeidsfolk, bestemte sjefen seg for å montera ein slik liten kasse på veggen hjå oss. (Uret kom på veggen eingong på slutten av 1990-talet. Den gongen var sjefen ein ekte teknologioptimist, og det kan tenkjast at øskja kom til husars rett og slett fordi den blinka og lagde ein nokså artig lyd.)

Overgangen frå arbeidstidsregistrering basert på tillit, til maskinell registrering under overvaking av sekretæren, har ikkje berre vore vellukka, det har vore ei suksesssoge på høgde med månelandinga, altså den USA stod for på 60-talet. Kontoristane hjå oss uttrykkjer gjerne misnøye med uret, men det er berre for å hindra at sjefen skal bli freista til å fjerna det. Du hendelse for ein fridom det gjev!

I gamle dagar, sat ein og funderte under registreringa: Var møtet relevant, fekk ein gjort det ein skulle, kor lang tid brukte ein eigentleg på det ærendet? No vandrar ein inn og plingar i boksen. Det er i grunnen alt ein treng å gjera. I det plinget kjem, kan ein senka skuldrane. Og ha godt samvit: Alt er på stell, og det eine minuttet legg seg oppå det andre i rekneskapen.

Kontorarbeid handlar ikkje om å leggja ein kasse oppå ein annan, og så telja opp stablane klokka fire. Hjå oss er det viktig å tenkja, laga use-cases og kanskje også byggja ein relasjon eller to. Alt er heilt naudsynt, og prosessane er minst like viktige som produkta. Klokka fire er ein ferdig, men klokka går heilt til det plingar, kanskje 30 eller 40 minutt seinare. Plusstid. Boksen kan ikkje lyga, den er ei maskin. Rein dokumentasjon, fakta faen.

Litt etter litt hopar plusstida seg opp. I byrjinga kunne ein berre kvitta seg med denne ved å avspasera. Etter som utviklinga har gått, har boksen vorten meir sofistikert. No kan ein mellom anna registrera om fråværet er initiert av været, såkalla «yrspasering», eller om det er snakk om festrelatert «ørspasering».

Truleg vil boksen mista noko av si frigjerande rolle i tida som kjem. Har treft på fleire kontoristar som entusiastisk legg ut om føremonene med  tillitsbasert arbeidstidsregistrering. Særleg godt fungerer det for dei samvitslause, ein kategori vår tid er så flink til å dyrka fram. Meir om det ein annan gong. Kanskje.


Leave a Reply