Uflidd formalisme*

Utfordringane står i kø for kontorleiararne. Ikkje berre må dei forhalda seg til slikt som budsjett, internfakturering og forseinka flyavgangar, dei lyt også ta ansvar for viktigare saker, som til dømes å bestemma korleis dei tilsette bør kle seg. Me har nyss lese om eit kontor i England, der kvinner byrja å kle seg som om dei ikkje var lett underhaldning for dei mannlege kollegaene. For ikkje å få omdømet til kontoret øydelagt, måtte sjefen umiddelbart slå ned på uvesenet.

I førre veke tok også vår sjef eit slikt initiativ, men ikkje nett slik som engelskmannen. Det heile starta med eit skjermbrev til alle tilsette:

«Hei, Staben blir vennligst anmodet om å kle seg ordentlig i arbeidstiden.»

Jamvel om eg no har vore kontorist i mange år, er det ikkje til å koma i frå at eg stammar frå landsbygda. Der lærte eg å kle meg funksjonelt, og den vanen har eg drege med meg til bydn. Har ein tenkt å ta eit tak, kler ein seg difor i klede skapt for slikt, gjerne i ulike variantar av treningsty. Nesten kvar morgon vaknar eg med ein klar ambisjon om å spa unna nokre papirhaugar i løpet av dagen. Det er vel difor unødvendig å nemna kva type klede eg helst vel?

De skjønar sikkert at eg hadde ei aning om at eg var ein av dei sjefen ville kle om. Ordlyden var likevel så knapp, at eg såg meg tvungen til å be om litt meir konkrete retningsliner:

«Vyrde professor X

Eg viser til meldinga om klede. Fell treningsty, turbukse, kortbukse og skjorte utan krage inn under kategorien «ordentlig»?»

Det gjekk ikkje lang tid før svaret kom:

«Hei

scruffy-academics-014Det er viktig å være nøyaktig i begrepsbruken, og å kunne skille roller fra hverandre. Jeg bruker aldri professorhatten på kontoret. Den bruker jeg bare i akademiske settinger i utlandet, eller i fora der min utdannelse er ukjent. På kontoret bruker jeg bare direktørhatten, og det har du å forholde deg til. Noe annet ville være helt bisart.

Du kan ellers se på bildet om noe er uklart.»

Eg tok meldinga. Her var det berre å tyggja i seg nederlaget. Men eg tenkte heile tida på kva som ville skje om eg verkeleg skulle måtta ta eit tak på jobb: Med gru såg eg for meg korleis eg kunne risikera å måtte slengja av meg dressjakka som ein annan Chippendale.

Det gjekk ikkje mange dagane før eg snubla over ei moteside på Internett med relevant informasjon. Rett nok var ikkje artikkelen heilt ny, men langt frå så utdatert som mykje anna. Eg  sette meg sporenstreks til tastaturet og formulerte fylgjande brev med tittelen:

«Formalkonfeksjonelle trendar»

Vyrde direktør

I den siste tida, har det blitt gjort fleire justeringar for å førebu kontoret på eit nytt år i verdsleiinga. Mellom anna har den den nye grafiske profilen blitt supplert med ei viss formalkonfeksjonell retro-orientering.

athleisure

Spørsmålet er likevel om det er strategisk smart å sjå bakover, når ein har ambisjonar om å liggja heilt i tet? Det er på ingen måte mitt formål å hovera, men eg vil gjera deg merksam på eit innovativt, proaktivt og dynamisk fenomen frå moteverda: Athleisure, sjå: Stovereint med treningstights på jobb

Eg treng vel ikkje opplysa deg om at eg i årevis har reindyrka denne stilen. Ikkje fyrst og fremst for eigen del, men for heile tida å vera budd til å yta litt ekstra sveitte for kontoret. Og for å bidra til at kontoret kan bli oppfatta som ein nyskapande arbeidsplass.

 

I dag har det vore stilt…

*Dei anglofile er truleg meir kjende med uttrykket  «scruffy formal«.


Leave a Reply