Arbeidstrening

Ei viktig kampsak for dagens kontoristar, er å få trena i arbeidstida. Og då meiner me trening, ikkje ei lita fagrørsle midt på dagen.

Somme arbeidsgjevarar har vore positive til kravet. Truleg har dei tenkt at friske folk har mest lyst til å gå på jobb, og at trening kan halda dei tilsetta så slanke at dei greier å pressa seg inn døra utan å få vondt i ryggen.

Andre arbeidsgjevarar har skjønt kva det eigentleg dreier seg om. Med mishag har dei lenge sett på at arbeidarane les aviser, betalar rekningar og handlar seg mat midt i arbeidstida. Ja, somme høyrer til og med på musikk, og så vil slubbertane forsyne meg ha betalt for å utføra enno ein fritidsaktivitet!

Rett skal vera rett, somme arbeidstakarar er ikkje heilt enkle. Har dei til dømes ikkje særleg lyst til å skifta kontor, er det neimen ikkje enkelt å flytta på dei, og har dei lyst til å trena, skaffar dei seg både sykkel og sykkelbukse utan å spørja sjefen. Dette gjeld anten arbeidsgjevaren er slik eller slik.

Dramatikken gjev sjølvsagt høgst puls der treningsivrige arbeidstakarar blir heldne i taumane av ein sjølvopplyst arbeidsgjevar. Der står to syn steilt imot kvarandre: På den eine sida har ein arbeidstakarar som ynskjer å arbeida litt i treningstida, på den andre arbeidsgjevar som er pukka nødt til å handheva gjeldande avtaleverk, dersom han då ikkje vil smaka på vreiden til styret.

I slike arbeidsmiljø går provokasjon og reaksjon hand i hand: Blir arbeidstakarar observerte i treningsty, kjem det reglar om godkjent arbeidsty. Gjev arbeidstakarane inntrykk av at det er naudsynt å samarbeida med folk i ein annan ende av kontoret, blir dei relodusjkaliserte og plasserte saman. Høyrest det mykje renn i trappa, kjem det opp skilt om kvar heisen er. Ynskjer nokon å avspasera for å gå på fjelltur, får dei melding om at fjellturar er ein helgeaktivitet, og at avspasering helst skal nyttast på kjøpesenter eller til sydenreiser.

Mange vil nok tru at det er negativt å tena til livets brød under slike omstende, men det er neimen ikkje sikkert. Kanskje lokkar det heller fram dei mest kreative tankane og ideane? Overstimulert skaparlyst er vanlegvis gull for innovasjonsverksemder.


4 Responses to “Arbeidstrening”

  • Jimmy H. Says:

    Kva med jobbtrening i arbeidstida? Det er jo eit fenomen som brer om seg. Ein kan jo knapt gå forbi eit kontor i desse dager utan at nettstader som Linkedin, NAV og Kvinnemagasinet.no lysar mot ein. Har Kontoristen nokre tanker om denne trenden som for tida heimsøkjer ansatte i offentleg sektor?

  • Samso Nite Says:

    Du lanserer eit tvitydig omgrep. Jobbtrening kan vera å trena på å gjera jobben, men det kan også vera å trena på å få ein annan jobb. Eg vel å halda på den fyrste tolkinga. Mange vil hevda at det er for mykje jobb i arbeidstida. Særleg belastande er det sjølvsagt å halda fokus på dei arbeidsoppgåvene ein er sett til å gjera. Mange arbeidsgjevarar ville nok tent mykje på å leggja til rette for jobbtrening i arbeidstida. Ved å setja av nokre timar til slik aktivitet, ville arbeidstakarane blitt betre til å utføra jobben sin, samstundes som arbeidsgjevar hadde fått noko gjort.

  • Jimmy H. Says:

    Heilt korrekt observasjon, Nite. Ein skal heller ikkje gløyme at nokre verksemdsleiarar set seg hårete mål om minst 10 prosent årleg utskifting av arbeidsstokken. For leiare i slike verksemder, skulle ein tru det var heilt naudsynt med tariffesta jobbtrening i arbeidstida?

  • Kigdis Walheim Says:

    Erstattelege er dei alle saman.

Leave a Reply