Servitøren

Førre dagen var det styremøte på kontoret. I  styret sit det viktige folk, slike som er på førenamn med både flyvertinner og tv-kjendisar. Eg var kalla inn for å gjera greie for eit spanande prosjekt eg putlar på med. Litt spent var eg før møtet, men inne i lokalet vart eg roleg. Der var stemninga både avslappa og hyggeleg. Stol fann eg ved bordenden, og det var god plass til manuskriptet på bordplata.

Sjefen svinsa rundt på ein måte eg aldri før hadde sett. Han serverte kaffi og tebrød til gjestene og pludra eitt eller anna koseleg til kvar einskild: «Litt varm kaffi, kanskje, det var vel kaldt på Gardermoen i dag?» … «Du er vel svolten, du som har reist heilt i frå Tromsø? 2006-05-452-01-cKan eg freista deg med eit tebrød?» …

Medan sjefen kvitra seg nedover langs bordet, kjende eg eit stikk av dårleg samvit. Eg hadde tydelegvis danna meg eit feil inntrykk av mannen. Denne auraen av hygge høvde ikkje heilt med den autoritære leiartypen frå 1950-talet, som mellom andre Gudmund Hernes har skrive om.

Snart var det min tur til å få kaffi i koppen og søtt i skrotten. Eg skuva koppen diskret nokre centimeter bort til den mest optimale påfyllingsposisjonen. Så var det berre meg att. Sjefen lente seg litt fram, og ut av munnvika kom det, denne gongen med låg røyst: «Du fiksar deg sjølv». Tebrød og kaffi sette han midt på bordet, og med høg og tydeleg røyst sa han: «Nei, me må vel nesten sjå til å koma i gang.»


One Response to “Servitøren”

  • Jimmy H. Says:

    Tankevekkjande, for ikkje å seie urovekkjande, om uformelle maktstrukturar i styreromma til dei statlege einskildsmannsføretaka.

Leave a Reply