Fotlenkja

alpsOppå sin kvite arabarhingst, sat Napoleon og drøymde om verdsherredøme. I vår tid nøyer dei fleste ryttarar seg med mindre. Verdsherredømedraumen er på eit vis vorten deskreditert av slike som Stalin, Hitler og Coca Cola. Men draumen om å vera verdsleiande, er akseptabel, og den kan utviklast og nærast medan ein rir over himmelkvelven i ein Boeing eller i ein Airbus. Flygehestane er kvite, dei også.

Dei verdsleiande er ei mangslungen gruppe. Somme er nøgde med å leia det største statlege einskildsmannsføretaket i verda, andre stoggar ikkje før dei har tent så mange kroner at dei kan kjøpa seg husrom der dei måtte ynskja det, til dømes i Det kvite huset.

Sjølv har eg valt ein litt annan strategi. Meir smålåten, men nokså utkropen. I kontorverda er ikkje alt like spanande. Faktisk finst det så keisame oppgåver, at Arbeidstilsynet har vore på nippen til å gripa inn. Ei slik oppgåve har eg plukka meg ut. Når ein fyrst har havna på eit kontor, kan ein like gjerne ta han heilt ut, som det heiter.

Eg er den einaste i Noreg med kjennskap til feltet, det er to i Tyskland, ein i England og ein i USA. Heile verdseliten får plass i ei folkevogn, eller i ein Q2, i alle fall om me set amerikanaren framme. Sidan me er så få, har me likegodt byrja å samarbeida så godt det let seg gjera på kryss og tvers av kontinent og hav: Verdsleiande er me okke som.

I fjor byrja det å gå gjetord om samarbeidet vårt, og me vart inviterte til å halda foredrag på ein stor konferanse i utlandet. Stolt og forventingsfull skunda eg meg til sjefen med gladmeldinga. – Diverre, du kan ikkje reisa nokon stad, var sjokkmeldinga. – Som verksemdsleiar er eg pukka nødt til å prioritera, og no er det altså ein annan sin tur. Eg freista å formidla at eg var den einaste på huset som hadde arbeidd med slike spørsmål, og at litt av poenget med konferansen var å treffa dei fire andre ekspertane og staka ut ein kurs for samarbeidet framover. Sjefen var ikkje å rikka, han understreka at ein må ha gjort seg fortent til å reisa gjennom lang og lojal teneste, det handla ikkje om kompetanse eller arbeidsoppgåver.

Skuffa tusla eg attende til kontoret mitt og arbeidde vidare med fagstilen min. Den blei ikkje så verst, og då eg nokre månader seinare sende han til engelskmannen, fekk eg entusiastiske tilrop attende: Han inviterte meg til England for å leggja han fram, til og med reisepengar skulle han skrapa i hop. Eg sa meg sjølvsagt viljug til å ta oppdraget, men samstundes understreka eg at det var opp til sjefen å gjera endeleg vedtak. – Kan du ikkje venda deg direkte til han, spurte eg.

fotlenke

Ti minutt seinare ringde telefonen: – Hei, det er sjefen. Har du ikkje skjønt det: Du skal ikkje reisa nokon stad! Det er ikkje gått eit år sidan du sa meg i mot, du flirte til og med av argumenta mine. Og no set du meg i ein ubehageleg situasjon ved å pussa han der ufordragelege engelskmannen på meg. Får du fleire førespurnader, skal du seia at du ikkje har høve til å reisa av personlege årsaker, du har vel ei sjuk mor eller eitt eller anna helseproblem å visa til? Eg skal i alle fall ikkje ha fleire slike telefonar, det vil eg i så fall tolka som eit sterkt signal om illojalitet.

Så var dialogen over.


One Response to “Fotlenkja”

Leave a Reply