mar 3 2018

Eigenskapen

I vår tid, har dei aller fleste meir enn nok. Difor er det nesten utruleg å tenkja på kor lite rause folk er. Mette av mat og rike på opplevingar, sit dei der i palassa sine med kunst på veggene og ny bil i garasjen, og tenkjer på seg og sitt. (Rett nok er ikkje alle palassa like romslege og velutstyrte, men som dei seier: Folk har det med å få det dei fortener.)

Illustrasjonsfoto

Ikkje vil dei betala skatt til fellesskapen. Ikkje vil dei parkera bilen slik at astmatikaren får pusta. Ei heller vil dei kasta vekk tida på friviljug arbeid. Dei vil sitja heime og telja sylvtyet, etter at au-pairen har pussa det, og dei vil sjekka været heime frå solsenga i syden.

I ein slik kontekst, er det utfordrande å vera raus, særleg om du er ein offentleg person som forvaltar ressursane til fellesskapen. Nesten ingenting skal til, før folk kjenner seg utnytta eller provoserte. Om du skulle koma til å vera litt raus, til dømes ved å støtta venene dine med 300 millionar, varer det ikkje lenge før hylekoret er i gang: Misbruk! Vanstyre! Nokon må gå! Og om du får nokon andre til å gå, til dømes ved å peika på at det kan verta vanskeleg for mannen din å sitja i 17. mai komiteen saman med venene mine om du ikkje går av, så er det på langt nær godt nok for hylekoret.

Det er ikkje til å tru. I eitt av dei rikaste landa i verda, er det ikkje råd å vera raus med dei som står ein nær. I den store samanhengen, er det snakk om småpengar. Langt mindre enn det venene har på konto i eigna land.


mar 3 2018

Arbeidsinstruksen

Meir eller mindre vilkårleg, har eg råka borti ein arbeidsinstruks frå farne tider. Ved fyrste augekast, fekk det gulna papiret og dei gammalmodige formuleringane, meg til å tru at det var ein forelda rarietet eg hadde med å gjera. Så feil kan ein ta!

Rett nok finst få av desse formuleringane i min instruks, der står det ord som etiske retningsliner, personalhandbok, kreativ, sjølvstendig, kommunikativ og pro-aktiv. Men sjefen har nok den gulna varianten liggjande i den mentale personalmappa. Elles kunne han ikkje ha vorte så misnøgd med at eg synte uhug for å gjera ufyse arbeid, eller med at eg gjorde arbeidet utan å spørja om lov fyrst.

På same måten som formalkompetanse aldri kan vega opp for realkompetanse, kan ikkje ein formell arbeidsinstruks vega opp for den reelle instruksen lagra i det mentale arkivet til sjefen.

Kunne me ikkje berre hatt ein instruks å fylgja, primært ein skriftleg variant?

 


feb 3 2018

Diagnosen

Utviklinga, blir det hevda, går stadig framover. Vegen fram til der me er i dag, har gått gjennom samlar-, jordbruks- og industrisamfunnet. Kor langt er me no komne på vegen mot det optimale målet for utviklinga, altså dommedag? Lever me i kunnskapssamfunnet, forbrukarsamfunnet eller i teknologisamfunnet? Alle desse momenta er sentrale kjenneteikn ved den tida me lever i, men skal ein finna ei passande nemning på tidsalderen, må ein leita etter samlingspunktet: Kva blir kunnskapen nytta til, kva forbrukar me mest av og korleis nyttar me helst teknologien? Svaret er openbert: På oss sjølv, på å sikra oss god helse og eit triveleg liv. Alt handlar om å identifisera skavankane og problema, og om å finna ein høveleg medisin eller kur. Me lever altså i diagnosesamfunnet.

Eit kvart friskt og lukkeleg menneske, har i overkant av seks diagnosar, og det bør vurdera eit par operasjonar, minst. I tillegg er det viktig å handla helsetenester og middel med potensielt lækjande og/eller førebyggjande effekt for omlag ei halv årsløn. For sjuke og ulukkelege, er det snakk om heilt andre tal og behov.

Somme diagnosar er meir lokkande enn andre. Særleg populært er det å få ei fråsegn frå autorisert personell i kvit frakk, om at ein er sexavhengig. Ikkje berre er prognosane gode og behandlinga stimulerande, arket med dei latinske kråketærne, kan også koma godt med om samvitet skulle melda seg, eller om partneren skulle falla for freistinga å uttrykkja misnøye med eitt eller anna sprell. Alle veit kor tungt det er når partneren ikkje tek dei problema ein strir med på alvor. Litt verre er det å finna seg til rette med diagnosar som ulcerøs kolitt*, men gleda over å ha ein diagnose med fint namn, trumfar i dei fleste høva eventuelt ubehag, i alle fall på litt sikt.

Diagnosane er også ein naturleg del av arbeidslivet på utsida av helsevesenet. På den eine sida, blir diagnosen nytta av den diagnostiserte til å verna seg mot åtak og kritikk: «På grunn av min tilstand, kunne eg ikkje ha gjort det på nokon annan måte». På den andre sida; går det heilt av skaftet, kan den diagnostiserte få sparken på grunn av diagnosen. Men då har det gått svært langt.

På keisame kontorarbeidsplassar, kan det vera svært nyttig å kunna visa til at ein er lett råka av alzheimer. Då treng ein ikkje fylgja opp sakene, ein kan berre gjenta den same saka. Utan korttidsminne, er det også lettare å ta vare på førestillinga om at ein har gjort noko nytt. Særleg i innovative og verdsleiande verksemder, er denne førestillinga heilt essensiell. På same måten er ein vaksinert mot å hamna i trøbbel. Skulle det oppstå ein lei situasjon, vil alt vera i den venaste orden neste dag: «Stø kurs og flatt hav. Ikkje ei sky i sikte.»

Også på leiarnivå, er det ei rekkje diagnosar å velja mellom. Tidlegare måtte leiaremna velja mellom spesialisering innan emna strategisk og kjenslekald framferd, som leia fram til diagnosen psykopat, eller innan egoistisk og sjølvoppteken framferd, som leia fram til diagnosen narsissist. Verda går, som tidlegare nemnt, framover, og leiarutviklingskursa inneheld no ein tredje veg: Machiavellisme. Ikkje berre er namnet flott og ein ryttar verdig, diagnosen kombinerer på eit vis det beste frå farne tider. Ei sann syntese, så og seia.

Frå læremateriellet, har eg saksa fylgjande samandrag om Machiavellisme:
«For å få det slik du vil, må du ikkje lata deg hefta av moral. Fokuset må vera på kva du sjølv ynskjer å få til, men samstundes må du, i grove trekk, kjenna til lover og reglar, slik at du ikkje går for langt. Du skal vera snill med somme, kalkulerande og iskald med andre. Manipulering er ein viktig dugleik, og du må læra deg å dekkja over spor etter dårleg framferd. Eitt viktig verkemiddel, er å lata vreiden råka vilkårleg og av ukjente grunnar. Atmosfæren av uvisse, vil gje deg viktig handlingsrom, mellom anna til å setja folk opp mot kvarandre. Nøkkelen til å få det til å fungera, er å ausa empati og støtte over dei som seier seg viljuge til å lata deg bestemma alt.»

*Nærare skildra 2.40 ut i andre episode av Parterapi


jan 24 2018

Køen

Nettadressa til innlegga blir oppretta automatisk, og no har automatikken bestemt at køen er det same som koen. Om ein stoggar opp og grunnar litt over det, tek seg ein pust i bakken, så å seia, varer det ikkje lenge før ein lyt humra. Folk har faktisk broste ut i lått for mindre. Wergeland, til dømes, greidde seg med ein glytt av sola. Koen er eit tulleord på norsk.

Rett nok snakka dei om koen på Kalfaret i gamle dagar, men den hadde fire hangande, fire gangande, to som viste veg mot by, to som peikte opp mot sky og ei som dilta etter. Den minna ikkje mykje om ei samling menneske, meir eller mindre på rekke. Jamvel om me syner storsinn og aksepterer at koen er gammal-kalfarsk og ikkje tull, blir den automatiserte omsetjinga feil. «Bytte vekk køen, fekk fela igjen», høyrest ikkje heilt patent ut.

Kanskje finst det enno somme med varme tankar om språket og livet på Kalfaret i dei dagar det verkeleg var skilnad på folk.  Slike er i så fall fulle av von om dagen. Greier styresmaktene å halda stø kurs, tek det ikkje så mange åra før me får fortida att med renter. Og renter, skjønar dei seg på, slike.

Samstundes er det tankevekkjande at automatikken vel eit ord som på gammal-kalfarsk tyder ku, når det er snakk om kø. Kyr er nemleg kjende for å vera svært disiplinerte når dei er ute og går: Bjøllekua går alltid fyrst, og flokken går i samla orden. Ikkje noko tull i rekkene. Det er heller aldri snakk om at bjøllekua burde ha gått saman med ei anna bjølleku i staden for sin eigen flokk. Ho leiar jo flokken sin, og held seg tett til den.

Menneska organiserer seg ikkje på den måten. Eg har nyss vore på reise og sett korleis det er. (Til Danmark, der dei framleis, og i fullt alvor, snakkar om koer. Endå artigare, altså.)  På flyplassen, var det ikkje akkurat så mykje glede å spora i køen. Ingen såg ut til å kosa seg, ingen uttrykte positive forventingar og ingen saug på rosiner med halvt attletne auge.

Alle var fokuserte på å koma seg til målet så raskt som råd. Utolmodig baksa dei seg fram i køen med pinte andletsdrag. Fyrst då dei fekk klarsignal til å løysa beltet, tyktest andleta å få eit rolegare drag over seg.

Dette får meg til å tenkja på noko eg har lese i dameblad og høyrt på Juntafil: Har ein det verkeleg travelt, kan det vera lurt å skunda seg. Er derimot tida tilgjengeleg, bør ein freista å leggja merke til alt det fine på vegen. Gjer ein det, kan det å koma i mål, bli meir enn ein avgang.

Med denne innstillinga, stilte eg meg opp i køen. Trass i gretne og små-snikande med-ståarar, heldt eg humøret oppe. Så la eg merke til at somme for rett forbi. – Orsak, ropte eg til ein av dei, køen byrjar der bak. – Fast-track, kveste mannen utan å snu seg. Eg fekk god tid til å fundera på kva eit slikt spor kunne vera for noko. Omsider fekk eg tak i ein kar i flyplassuniform. Han kunne fortelja at folk med mange pengar og folk som kan bruka mange av pengane til andre, til dømes slike i styre og stell, hadde så mykje dårlegare tid enn andre, jamvel om dei skulle nå det same flyet. Om slike ikkje fekk skunda seg, kunne dei koma til å gå glipp av mange pengar, og då kunne det sjå stygt ut for utviklinga av eit samfunn med større skilnader. Dei med låg timeløn, derimot, gjekk ikkje glipp av noko særleg om dei så måtte stå heile dagen. Dessutan klaga dei så fælt, desse med pengane, om køen gjekk seint. Og det var ikkje bra i det heile, dei kjende både sjefar og det som verre var. Fekk ein berre desse ut av køen, kunne ein ta seg av dei attverande i ledige stunder.

På veg heim var eg både irritert og utolmodig, lenge før køen dukka opp i avgangshallen.


jan 3 2018

Sitatsamlinga

I gamle dagar, fekk folk tida til å gå med å gissa gåter. Mellom dei særleg populære, var til dømes: Kva er det som går og går, men som aldri kjem til døra? Generasjon etter generasjon svarte: – Det er veggklokka, det.

Så kom utdanningsrevolusjonen med all utdanninga si. For gåtene, var dette starten på slutten. Folk byrja å setja spørjeteikn ved gamle sanningar: – Veggklokka, javel. Men kva med svigermor?

Dei skulerte kravde leikar av ein annan type. Spørjeleikar om elvar og fjell, til dømes, der svara kunne gjevast i meter.

For å byggja bru mellom den gamle og den nye tida, har eg funne fram til ein spørjeleik av den kombinerte typen. Du får eit førenamn, eit passande hint i form av eit sitatat eller noko personen kanskje kunne ha sagt, og så skal du gissa etternamnet. Faktisk, trur eg at eg vil spe på med enno eit tips: Desse personane har meir enn ein ting til sams. Søren heller. Har fått indikasjonar på at gåtegissekompetansen er under ein kvar kritikk. De skal jammen meg få partitilknytinga også, rett nok berre i forkorta form. Det får då vera måte på.

Gissar du etternamnet?

Bill I did not have… DEM
Jimmy Eg har aldri blitt teken i lygn. SAS
Terje Lita høne kan velta stort lass. FRP
Trond Betre med ei høne i handa enn ti i tenketanken. AP
Bård Livet er å leva i eit høne-hus. FRP
Rune Vil du bli kjerrinje mi? AP
Helge Betre med to på 17 enn ei på 34. V

des 24 2017

Samsara

«George Michael, slik me hugsar han frå 1980-talet, er in igjen». Sjokkmeldinga slo ned som Eddie the eagle mellom ribbefeitt og kjendishygge under «Kvelden før kvelden» på vetle jolaftan. Lenge har folk flørta med einskildståande komponentar frå tiåret, men no er altså tida mogen for å kombinera alle dei beste elementa: Pastellfargar, boble-bukse-dressar, Poco-Loco, skulderputer, bleika og fløffa homohår, som ikkje må forvekslast med ein konkurrerande styggedom; heavy-permanenten, synthesizerar og el-trommer.

Om George framleis hadde vore blant oss, trur eg ikkje han ville ha vore stolt. Ryktet vil ha det til at han, før han døydde, jobba med boka «Frå stjernehimmelen til pisserennen», der han gav stor plass til dei negative sidene ved 80-talet. All pastellen og alle hårprodukta, gjorde noko med han. Særleg i kapittelet «Frå hand til munn», kom dette godt fram. Der skreiv han om korleis han måtte jobba for å skvisa ut dei siste dråpane av talentet sitt. Men George greidde å snu trenden. Atter eingong vaks han og vart stor,  heilt utan pastell og skulderputer. Han ville ha snudd, eller vrikka, seg i grava om han hadde fått med seg at heile 80-talskonseptet no skal omfemnast på ny.

Berre så det er sagt, eg er ikkje utan synd sjølv. I formingstimane sydde eg penal med svarte og rosa striper, og eg strikka meg leggvarmarar. Men eg høyrde aldri på Wham, og eg kjøpte aldri pastellfarga Poco Loco. I visse høve, kan litt vera meir enn nok.


des 20 2017

6ist1

I haust har det vore uvanleg mykje prat om trakassering i arbeidslivet. Trakassering vil seia at ein utset andre for skræmande, krenkjande eller audmjukande handlingar eller ytringar. Mottakaren, den utsette, avgjer om det er trakassering eller ikkje. Om kjenslene hans seier at han er trakassert, er han det.

Omgrepet kan vera relevant i stort sett alle situasjonar der menneske møtest. For å gjera det enklare og meir handgripeleg, vil eg denne gongen avgrensa meg til å sjå på kva seksuell trakassering kan vera i eit kontormiljø. Vanleg sunt bondevit kan hjelpa oss eit stykke på veg med å identifisera kva handlingar eller ytringar ein bør halda seg  vekke frå. Særleg tre reglar er viktige, og mykje ville vore gjort om ein hadde lukkast med å fylgja desse. For det fyrste bør ein dekkja til slikt som kan minna om reproduksjon. Dinest er det viktig å halda seg for god til å kommentera kroppslege attributtar hjå kollegaene. Og for det tredje, er det viktig å avgrensa kroppsleg kontakt til handhelsing. Diverre kan sjølv enkle retningsliner vera vanskelege å fylgja. Særleg blir den tredje regelen jamt utfordra av den evige klemminga.

Jamvel om alle hadde vore tru mot reglane, ville fenomenet ha overlevd. Bondevitet strekk ikkje til åleine. Kjenslene rotar det til. Til dømes kan den same ytringa utløysa kjensler frå heile spekteret: Somme kjenner glede, somme kjenner seg støytt, og somme kjenner ingenting. Endå vanskelegare blir det heile ved at kjenslene til mottakaren let seg styra av avsendaren. Einskilde kan senda avgarde det mest utrulege, medan andre helst lyt halda seg heime om ingen skal bli støytt. Og ikkje nok med det. Menn lyt i tillegg passa seg for overgangsalderen. Klimakteriet til kvinnene, er som ein flau vind å rekna i høve til stormen som fylgjer omforminga frå pubertal ung mann til gammal gris.

Alt dette handlar om at nokon gjer eller seier noko for å marknadsføra seg sjølv som eit seksuelt vesen, eller for å understreka at ein kollega er eit seksuelt vesen. Og at mottakaren, kollegaen, ikkje set pris på dette. Hjå han seier kjenslene at merksemda kjennest feil.

Kva då med dei som kvar dag står opp, kler seg sømeleg, opptrer høveleg og går på jobb med eit ynskje om å bli lagt merke til? Er ikkje deira kjensler like mykje verdt? Dei kjenslene seier at det kjennest feil at ingen ymtar frampå om seksuell verdi eller potensial. Kanskje er det greit at ein, to eller fleire konsentrerer seg om stilar eller reiserekningar, men kva om heile kollegiet gjer det kvar einaste dag? Når merksemda blir fråteken så systematisk, er det næliggjande å forventa at det oppstår negative kjensler knytt til dette. Og då har me med Type 2 trakassering å gjera, jamfør trakasseringstypologien under.

Ynskjer merksemd Ynskjer ikkje merksemd
Får merksemd Type 1 trakassering
Får ikkje merksemd Type 2 trakassering

Ein skal sjølvsagt ikkje bli for personleg, men omfanget av Type 2 trakassering var lenge alarmerande ved vårt kontor. Heilt til sjefen tilfeldigvis kommenterte kor fast rumpe ein kan få ved å nytta seg av tilbodet om trening i arbeidstida. Samstundes vart det ymta frampå om at jamnleg kontroll av treningseffekten, kunne bytast i ei stilling som mellomleiar. Somme ville nok ha opplevd kommentaren som eit omen om ragnarok, andre ville ha tenkt at dette kan vera eit avgjerande skilje i karrieren. Eg, derimot, tok meg tid til å reflektera. Dersom eg hadde stått på bar bakke, måtte eg ha vurdert alle framlegg. Men som rådgjevar i staten, hadde eg til salt i grauten. Ekstra monitorering av den viktigaste arbeidsreiskapen til ein kvar kontorist, høyrdest forlokkande ut, men å skubba nestleiaren av stolen, var ikkje noko alternativ. Den jobben vart skjøtta på ein framifrå måte. Det fekk berre vera at det kanskje ville gå år før neste sjanse til forfremjing ville by seg. Eg spurte difor om me kunne avgrensa oss til monitoreringa, men det var ikkje interessant. Litt av poenget for sjefen, var å få stimulert kjensla av makt gjennom å gje noko for å kunna ta noko anna. Ei forhandla løysing, ville føra til kaos i kjenslene til sjefen.

Også dette maktspelet blir lettare å forstå om me lagar ein tabell med fire felt. Legg merke til at det no er ein seksuell relasjon på plass, i tillegg til det asymetriske makttilhøvet.

Vil ha ny jobb OK med eksisterande jobb
Får tilbod om ny jobb  Transaksjon Trakassering av sjef
Får ikkje tilbod om ny jobb Trakassering av arbeidstakar Kjærleik

Trakasseringsordskiftet i haust, har gjort det synleg at omfanget av uheldige relasjonar er høgt. I tillegg har det blitt klart for oss alle at transaksjonstenkjinga, med røter attende til vogga åt sivilisajonen, er problematisk. Berre kjærleiken står att. Og det må vera greit, så lenge han varer?


des 1 2017

Svevestøvet

Tek eg ikkje heilt feil, er det snart jol igjen. Augo renn og nasen klør. Når kroppen elles er frisk og fin, kjem denne kjensla berre to gonger om året: Om våren, når bjørka tømer seg midt i fjesa våre, og i november, når kona fyrer opp adventskosen. No er det beksvart ute klokka seks, så vår er det ikkje.

Alt den gongen røykjelova kom, var eg skeptisk til dei openberre hola. Lova inneheld fint lite om røykleggjing med andre substansar enn tobakk. Korkje stearinljos, faklar eller koselege peisar, er nemnde med eit ord. Lovgjevarane tenkte vel at husmødre og festarrangørar ikkje hadde vit til å lesa lova, eller pengar til å halda seg med skarpskodde advokatar, slik skatteplanleggjarane gjer. (I alle fall har dei som planlegg så det monnar, alltid ein advokat i ermet. Heller 300 000 til advokaten enn 200 000 til staten, den dævelen.) Men med husmødrene, tok dei feil. Også der i garden er det slik at det som ikkje er forbode, det er lov.

Av og til bør ein sanna syndene sine. Jamvel om ein ikkje er oppteken av det der med evig liv/nye liv/sjalabais med jomfruer frå Paradis, kan det vera greit å ta ein gjennomgang av eigne vanar og røynsler i høve til kva ein burde ha gjort. Og eg har noko å sanna. Opptil fleire gonger har eg kjent stor glede ved å fyra opp ein sivilisert sigar, eller ein suspekt sigarett, etter at middagen vel er eksekvert. Post Høybråten, har dette vore det same som å eta frå foringsstasjonane for isbjørn: «Lukten!» «Nesen!» «Øynene!» «Halsen!» «Pusten!» «Lungene!» «Umoderne!» «Undermennesker!» «Jeg dør!»  (Slik talar byfolk. Folk frå andre deler av landet, ville ha sagt: «Kva faen er det du driv med, kom deg ut!»)

Uansett, ut har eg lydig gått. Ute på den mørke og kalde altanen, har vindauget synt festen på storskjerm: I peisen brenn det livleg, på bordet står det høge ljos som ein blafrande vegg mellom gjestene, og i kvar ein krok står det eit teljos og sender ut sjanglande ljossignal. Ikkje eingong i helvete, finst det meir uvøren omgang med open eld!

Altandøra er slusa. Kryssar ein den, er ein deltakar i røyndomsfjernsynsforteljinga. Alle veit kor viktig det er å vera med. Vel kan det vera vondt, men all vyrk er betre enn å bli sendt heim. Inne er det varmt. Og etterkvart som teljosa i krokane må bytast ut, byrjar augo å renna, og halsen å snøra seg saman. Astmatikaren tenner i nokre nye ljos og spør om røykallergikaren kan leggja nokre pinnar til på peisen. Båe lurer på korleis det er råd for eit fornuftig menneske å røykja sigar.

Etter ei slik samkome, kom eg til å kikka litt i avisa. Der stod det å lesa at ein ikkje burde kosa seg med faklar, levande ljos eller open peis. Lufta vart rett og slett forpesta. Danmarksplass klokka 08:00o, var som fjelluft å rekna i høve til inneklimaet i ein superkoseleg heim.

I det siste, eller kanskje rettare i kvar einaste adventstid, har eg freista meg i rolla som vitskapsformidlar. Med sånn passeleg suksess. Bør nok fokusera mest på dei komande generasjonane. Foreldre- og besteforeldregenerasjonen, har bestemt seg for å bli kvelt av ein koseleg stearinljoskols. Trass i det, freistar eg å senda stearinljosbrukarane ut på altanen når dei er hjå meg.  (Skund deg, steng døra, er du snill, det osar sånn inn!)

https://www.nrk.no/nordland/disse-kan-gi-darlig-inneklima-1.13246540


nov 29 2017

Sjåføren

Ei ny tid er varsla: Snart vil førarlause bilar bli ein naturleg del av gatebiletet. Sjølvsagt er utviklinga spanande, men likefullt nokså irriterande for oss med garasjen full av gårsdagens siste skrik. Kjensla av å vera ein teknologisk føregangsmann, varte i akkurat eitt år. Og den kosta ei årsløn, i tillegg til bilen. (Før de hevar augebryna for høgt, må de hugsa på at lønningsposen til ein kontorist lett let seg bera, jamvel av ein ekstra slapp og kraftlaus Hareide.)

Meir ville det ha kosta om alt ekstrautstyret hadde blitt montert. Me vurderte alkolås, men slo det frå oss då Per Sandberg klaska neven i bordet og lovde vegstandard på eit nivå der ein trygt kunne køyra med trønderpromille. For å sikra føreseielege vilkår for privatøkonomien til både meg sjølv og andre, ymta eg frampå om konelås. Då slo nokon andre enn Per minst like hardt i bordet. Alkolåsen angrar eg av og til litt på. Jamvel med FrP i regjering, har det synt seg litt utfordrande å få på plass trygge vegar, til dømes til Voss, for ikkje å snakka om mellom Utne og Jondal. (På den andre sida: På sistnemnde strekning er vegen  så skral, at ein lyt ha nokre stive under vesten for å tora seg inn bak rattet.)  Eg har aldri angra på at me kutta ut konelåsen. For det fyrste ville det ha vore vanskeleg for meg å vita at låsen kanskje kunne ha blitt oppfatta som trakasserande blant dei det er lett å krenkja, og dei er mange. For det andre er jobb nummer ein å «slita ut» bilen så raskt som råd, slik at me atter kan få ei teknologisk nyvinning i garasjen.

Vonleg kan me sum-brumma rundt i hybriden vår i enno nokre år før trafikkbiletet er snudd heilt på hovudet. Det vil ta ei stund før folkemassane får auga på den som sit i førarsetet i kampen for dei førarlause bilane. I tillegg er Ludvig-ianismen og skepsisen solid festa i den norske folkesjela. Den gjengse statsborgar tvilar på at ei datamaskin kan handsama data meir effektivt enn ein morgontrøytt sjåfør som samstundes snakkar i mobiltelefonen og kranglar med ungane i baksetet. Teknologiskepsisen er neppe heilt rasjonell. Om eg ikkje tek feil, og det gjer eg sjeldan, er førarfeil årsaka til dei fleste ulukker. Fjernar me sjåførane, skulle me soleis få fjerna ulukkene i same slengen.

Dette blir likevel for enkelt. Trass i at teknologioptimisme er meir rasjonelt enn å tru på mennesket, vil førarlause bilar køyra side om side med hovudlause* sjåførar i lang tid. Dei hovudlause let seg ikkje så lett parkera. Rett nok er det ikkje heilt enkelt for dei hjernedøde å traktera rattet, men du kan vera nokså heit i hovudet før førarkortet ryk.

 

 

 

*Mange trur det er eit omvendt proporsjonalt tilhøve mellom sjåførhovud og bil: Ettersom bilen blir større og finare, blir hovudet mindre. Med respekt å melda: Dette er berre tull. Det går heilt fint å vera eit godt menneske med hovudet på rette staden og samstundes køyra ein nokså stor bil, til dømes Mitsubishi PHEV. Men om bilen blir større og flottare enn det, peikar så godt som all empiri i retning av nemnde hypotese. Det er såleis snakk om eit kurvlineært samband, eventuelt med tersklar.


nov 9 2017

Idealisten

Verksemder har det med å slengja slag- og fyndord i kring seg. Truleg meiner dei at dette kan hjelpa dei med å gjera ein fin figur i ålmenta. Ved å svøypa seg i høgverdige ideal, ynskjer verksemdene å ta merksemda vekk frå situasjonen slik den eigentleg er. Litt slik som når kvinner kjøper seg ein ny, ekstra dyr, kjole.

Røkjer ein dei mest populære slagorda nærare etter i saumane, blir ein snart slått av kor fallos-inspirerte dei er: Blant dei mest slåande, eller ståande, døma, finn me: «Miljøfyrtårn», «Helsebauta» og «Den etiske varderekka».

Mange vil nok finna dette noko underleg. Kanskje skuldast det at slike tankar blir pønska ut nær der makta sit, i tårnet til makta, eller the tower of power, som det vel også blir kalla. Sit ein sentralt plassert i eit slikt hierarki, er det ikkje til å undrast over at det fell naturleg å velja potente metaforar.

Av og til hender det at nokon freistar å gjera narr av slagorda. Seinast i sommar, skreiv avisene kritisk om å bruka «Nordens Toscana» om stader i Noreg, og for berre nokre veker sidan, høyrde eg ein fyr le høgt av «Sveio midt i leio». Slik låttleggjering er ikkje berre småleg, den bommar rett og slett på målet. Visjonar og strategiar er viktige, særleg for kommunikasjonsmedarbeidarane og reklamemakarane, men også for andre. Dette kan eg seia så skråsikkert, fordi eg sjølv har skifta kontor på grunn av den måten kontora kommuniserte på.

For meg har miljøvern alltid vore svært viktig. Slik eg ser det, er vår viktigaste oppgåve å leva liva våre, og forma samfunna våre, på ein slik måte at også komande generasjonar vil ha luft å pusta i, land å bu på og mat å eta. Difor har eg streva etter å eta kortreist mat, ha eit rasjonelt høve til forbruk og til å avgrensa karbonavtrykket. I tillegg har eg støtta friviljuge organisasjonar som arbeider med å gjera verda god og berekraftig, og eg har alltid røysta på … (Å, nei du! Det får du ikkje veta.)

På mitt gamle kontor, var strategien på dette området avgrensa til ei setning i årsmeldinga: «Verksemda har ikkje ureina det ytre miljø.» Stor var difor gleda den dagen eg såg eit «Miljøfyrtårn» søkja etter nye medarbeidarar. Sjølvsagt søkte eg. «Some change party for their principles, others change principles for their party», som Sir Winston formulerte det.

Ei av mine fyrste oppgåver for Miljøfyrtårnet, var å arrangera eit lagbyggjingsseminar. Eg meisla ut eit flott opplegg: Me skulle delast i tre grupper. Den eine skulle samarbeida om å laga maten til seminaret, den andre skulle laga ein kjøkkenhage med gulerøter og kål på taket (som seinare skulle nyttast i lapskausen på haustfesten) og den tredje gruppa skulle førebu faglege presentasjonar. Sjefen vende tommelen ned, og sette saman ein større komité. Der skjønte eg snart at lagbyggjingsseminar fungerer best i utlandet. – Men kva med Miljøfyrtårnet?, prøvde eg meg med. – Ein må opp i høgda for å få oversyn, og kvar kjem ein vel høgare enn i fly?, fekk eg til svar.

Vel heime att, måtte eg vedgå at turen hadde vore ein suksess. Godt fagleg opplegg og utan tvil med høg samansveisande effekt. Trass i det, heldt eg fram med å koma med syrlege stikk i høve reiseaktiviteten. Men no vart det (endå) verre å bli teken på alvor. – Kva er det du surmular etter, du reiser med fly sjølv! Eg prøvde meg med strategien til kjerringa når ho trøystar hanreien: – Eg er lei for å ha fare med andre. Men det var ikkje noko godt, skal du vita.

Det virka på eit vis, heilt til sjefen bestemte seg for å gjera kort prosess: Eg vart sendt ut på reiser i aust og vest: – Dette er ein del av jobben din, du bør ha gode grunnar for å halda deg heime, sa han. Og eg pakka lydig kofferten. I det stille gjorde eg opprør: Ein gong let eg til dømes flyet gå i frå meg, midt i Europa, slik at reiserekninga skulle bli ekstra høg. Så høg at eg fekk lov til å halda meg lågt. Sjefen gjekk ikkje på slike finter. I staden for fotlenkje, fekk eg nye turar.

Litt etter litt har eg kome til at internasjonalisering er eit fint ord, at det er viktig med relasjonsbyggjing og at utveksling av røynsler, fjes til fjes, er heilt naudsynt. Korleis skal ein elles kunna utvikla ein strategisk ambisjon for korleis me kan redda jorda vår?

Det er sjølvsagt dumt at dei keisame arbeidsoppgåvene hopar seg opp heime på kontoret, og ein har vel strengt teke ikkje godt av korkje feite middagar eller sterk drykk midt i veka. Men kva er ein ikkje viljug til å ofra for framtida til borna våre? Kor stort kan vel co2-avtrykket etter ein mann med små føter bli? Og et ein Serrano-skinke i Spania, er maten, utan tvil, kortreist.