Idealisten

Verksemder har det med å slengja slag- og fyndord i kring seg. Truleg meiner dei at dette kan hjelpa dei med å gjera ein fin figur i ålmenta. Ved å svøypa seg i høgverdige ideal, ynskjer verksemdene å ta merksemda vekk frå situasjonen slik den eigentleg er. Litt slik som når kvinner kjøper seg ein ny, ekstra dyr, kjole.

Røkjer ein dei mest populære slagorda nærare etter i saumane, blir ein snart slått av kor fallos-inspirerte dei er: Blant dei mest slåande, eller ståande, døma, finn me: «Miljøfyrtårn», «Helsebauta» og «Den etiske varderekka».

Mange vil nok finna dette noko underleg. Kanskje skuldast det at slike tankar blir pønska ut nær der makta sit, i tårnet til makta, eller the tower of power, som det vel også blir kalla. Sit ein sentralt plassert i eit slikt hierarki, er det ikkje til å undrast over at det fell naturleg å velja potente metaforar.

Av og til hender det at nokon freistar å gjera narr av slagorda. Seinast i sommar, skreiv avisene kritisk om å bruka «Nordens Toscana» om stader i Noreg, og for berre nokre veker sidan, høyrde eg ein fyr le høgt av «Sveio midt i leio». Slik låttleggjering er ikkje berre småleg, den bommar rett og slett på målet. Visjonar og strategiar er viktige, særleg for kommunikasjonsmedarbeidarane og reklamemakarane, men også for andre. Dette kan eg seia så skråsikkert, fordi eg sjølv har skifta kontor på grunn av den måten kontora kommuniserte på.

For meg har miljøvern alltid vore svært viktig. Slik eg ser det, er vår viktigaste oppgåve å leva liva våre, og forma samfunna våre, på ein slik måte at også komande generasjonar vil ha luft å pusta i, land å bu på og mat å eta. Difor har eg streva etter å eta kortreist mat, ha eit rasjonelt høve til forbruk og til å avgrensa karbonavtrykket. I tillegg har eg støtta friviljuge organisasjonar som arbeider med å gjera verda god og berekraftig, og eg har alltid røysta på … (Å, nei du! Det får du ikkje veta.)

På mitt gamle kontor, var strategien på dette området avgrensa til ei setning i årsmeldinga: «Verksemda har ikkje ureina det ytre miljø.» Stor var difor gleda den dagen eg såg eit «Miljøfyrtårn» søkja etter nye medarbeidarar. Sjølvsagt søkte eg. «Some change party for their principles, others change principles for their party», som Sir Winston formulerte det.

Ei av mine fyrste oppgåver for Miljøfyrtårnet, var å arrangera eit lagbyggjingsseminar. Eg meisla ut eit flott opplegg: Me skulle delast i tre grupper. Den eine skulle samarbeida om å laga maten til seminaret, den andre skulle laga ein kjøkkenhage med gulerøter og kål på taket (som seinare skulle nyttast i lapskausen på haustfesten) og den tredje gruppa skulle førebu faglege presentasjonar. Sjefen vende tommelen ned, og sette saman ein større komité. Der skjønte eg snart at lagbyggjingsseminar fungerer best i utlandet. – Men kva med Miljøfyrtårnet?, prøvde eg meg med. – Ein må opp i høgda for å få oversyn, og kvar kjem ein vel høgare enn i fly?, fekk eg til svar.

Vel heime att, måtte eg vedgå at turen hadde vore ein suksess. Godt fagleg opplegg og utan tvil med høg samansveisande effekt. Trass i det, heldt eg fram med å koma med syrlege stikk i høve reiseaktiviteten. Men no vart det (endå) verre å bli teken på alvor. – Kva er det du surmular etter, du reiser med fly sjølv! Eg prøvde meg med strategien til kjerringa når ho trøystar hanreien: – Eg er lei for å ha fare med andre. Men det var ikkje noko godt, skal du vita.

Det virka på eit vis, heilt til sjefen bestemte seg for å gjera kort prosess: Eg vart sendt ut på reiser i aust og vest: – Dette er ein del av jobben din, du bør ha gode grunnar for å halda deg heime, sa han. Og eg pakka lydig kofferten. I det stille gjorde eg opprør: Ein gong let eg til dømes flyet gå i frå meg, midt i Europa, slik at reiserekninga skulle bli ekstra høg. Så høg at eg fekk lov til å halda meg lågt. Sjefen gjekk ikkje på slike finter. I staden for fotlenkje, fekk eg nye turar.

Litt etter litt har eg kome til at internasjonalisering er eit fint ord, at det er viktig med relasjonsbyggjing og at utveksling av røynsler, fjes til fjes, er heilt naudsynt. Korleis skal ein elles kunna utvikla ein strategisk ambisjon for korleis me kan redda jorda vår?

Det er sjølvsagt dumt at dei keisame arbeidsoppgåvene hopar seg opp heime på kontoret, og ein har vel strengt teke ikkje godt av korkje feite middagar eller sterk drykk midt i veka. Men kva er ein ikkje viljug til å ofra for framtida til borna våre? Kor stort kan vel co2-avtrykket etter ein mann med små føter bli? Og et ein Serrano-skinke i Spania, er maten, utan tvil, kortreist.


Leave a Reply