Sjåføren

Ei ny tid er varsla: Snart vil førarlause bilar bli ein naturleg del av gatebiletet. Sjølvsagt er utviklinga spanande, men likefullt nokså irriterande for oss med garasjen full av gårsdagens siste skrik. Kjensla av å vera ein teknologisk føregangsmann, varte i akkurat eitt år. Og den kosta ei årsløn, i tillegg til bilen. (Før de hevar augebryna for høgt, må de hugsa på at lønningsposen til ein kontorist lett let seg bera, jamvel av ein ekstra slapp og kraftlaus Hareide.)

Meir ville det ha kosta om alt ekstrautstyret hadde blitt montert. Me vurderte alkolås, men slo det frå oss då Per Sandberg klaska neven i bordet og lovde vegstandard på eit nivå der ein trygt kunne køyra med trønderpromille. For å sikra føreseielege vilkår for privatøkonomien til både meg sjølv og andre, ymta eg frampå om konelås. Då slo nokon andre enn Per minst like hardt i bordet. Alkolåsen angrar eg av og til litt på. Jamvel med FrP i regjering, har det synt seg litt utfordrande å få på plass trygge vegar, til dømes til Voss, for ikkje å snakka om mellom Utne og Jondal. (På den andre sida: På sistnemnde strekning er vegen  så skral, at ein lyt ha nokre stive under vesten for å tora seg inn bak rattet.)  Eg har aldri angra på at me kutta ut konelåsen. For det fyrste ville det ha vore vanskeleg for meg å vita at låsen kanskje kunne ha blitt oppfatta som trakasserande blant dei det er lett å krenkja, og dei er mange. For det andre er jobb nummer ein å «slita ut» bilen så raskt som råd, slik at me atter kan få ei teknologisk nyvinning i garasjen.

Vonleg kan me sum-brumma rundt i hybriden vår i enno nokre år før trafikkbiletet er snudd heilt på hovudet. Det vil ta ei stund før folkemassane får auga på den som sit i førarsetet i kampen for dei førarlause bilane. I tillegg er Ludvig-ianismen og skepsisen solid festa i den norske folkesjela. Den gjengse statsborgar tvilar på at ei datamaskin kan handsama data meir effektivt enn ein morgontrøytt sjåfør som samstundes snakkar i mobiltelefonen og kranglar med ungane i baksetet. Teknologiskepsisen er neppe heilt rasjonell. Om eg ikkje tek feil, og det gjer eg sjeldan, er førarfeil årsaka til dei fleste ulukker. Fjernar me sjåførane, skulle me soleis få fjerna ulukkene i same slengen.

Dette blir likevel for enkelt. Trass i at teknologioptimisme er meir rasjonelt enn å tru på mennesket, vil førarlause bilar køyra side om side med hovudlause* sjåførar i lang tid. Dei hovudlause let seg ikkje så lett parkera. Rett nok er det ikkje heilt enkelt for dei hjernedøde å traktera rattet, men du kan vera nokså heit i hovudet før førarkortet ryk.

 

 

 

*Mange trur det er eit omvendt proporsjonalt tilhøve mellom sjåførhovud og bil: Ettersom bilen blir større og finare, blir hovudet mindre. Med respekt å melda: Dette er berre tull. Det går heilt fint å vera eit godt menneske med hovudet på rette staden og samstundes køyra ein nokså stor bil, til dømes Mitsubishi PHEV. Men om bilen blir større og flottare enn det, peikar så godt som all empiri i retning av nemnde hypotese. Det er såleis snakk om eit kurvlineært samband, eventuelt med tersklar.


Leave a Reply