Heilskap

o-sensei-osenseiI austen plar dei fokusera på at alt heng saman. Har ein vondt i ei tå, kan det skuldast ein øm milt eller ubalanse i ein av dei mange energibanane i kroppen. Akkupunktur og ulike typar naturmedisin, er mykje brukt for å nullstilla system som har havna i ulage. I tillegg er det vanleg og viktig å kopla hovudet til lekamen gjennom meditasjon. Tankeøvingar kan fungera som ei stakefjør i energibanane, og få energien til å renna fritt som noko heilt anna i ein nyspylt kloakkleidning.

Tek ein meditasjonen til neste nivå, kan ein læra seg å styra energstraumane slik flygeleiarane kontrollerer luftrommet over London, til dømes. I karatelæreboka mi, las eg om ein sensei som let seg snø ned slik grønnlandshundane gjer. Han hadde korkje varmeflaske, ullunderbukse eller jervenpose. Alt han hadde, var eit kjempesvart belte og eit kokande hovud. Gjennom meditasjon, fekk han frakta varmen rundt i kroppen, slik at kulda ikkje fekk skikkeleg bet på han. Morgonen etter var han, etter å ha pussa tennene, klar for ei ny treningsøkt med studentane sine, og under ryggen hans, hadde graset vorte grønt i løpet av natta.

Sjølvsagt er det lov å ta noko av dette med ei klype salt. Men har du stadig vondt både her og der, er det ikkje så vanskeleg å ofra litt av den kritiske sansen. Før trudde eg at kvar ein muskelstrekk var eit teikn på at alderdomen banka på og ville ha meg med på vegen mot vigsla jord. No slår eg meg til tols med at den vonde hofta skuldast kroppsleg ubalanse eller ein skipla energistraum. Mot slikt finst det bot: Nokre nåler, ein tarmskylling og litt ginseng, så er ein attende i godt gammalt slag.

Det flotte med slik holistisk tenkjing, er at den kan skalerast. Er heilskapen liten, tenkjer ein smått, er heilskapen stor, tenkjer ein stort. I ein organisasjon, til dømes, handlar det ikkje om kjertlar og svamplekamar. Der kan sjefar og tilsette tilsvara kroppslege organ, og kommunikasjonsstraumar og kommandoliner vera substitutt for energistraumar.

Lat meg illustrera dette med eit døme: I ein organisasjon har det dukka opp ein særleg sur spesialrådgjevar.

Etter vanleg vestleg verdsoppfatting, vil det vera viktig å få vedkommande i behandling. Hadde han vore ei tå, ville det vore snakk om spjelking, bandasje og å køyra på med smertestillande. Ein arbeidstakar, vil etter dette tankesettet kunna bli lækja ved å få ordre om klare reglar for framferd (spjelking), ved ikkje å kunna ta avgjerder (bandasje) og ved ikkje å bli sett krav til (smertestillande).

Doktaren frå austen, vil gripa det an på ein heilt annan måte. Han aksepterer den sure spesialrådgjevaren, men han tek kjapt ein Holberg: Kvifor syt den sure? I denne prosessen må det kartleggjast om det finst noko som sprer sjukdom i organisasjonen, og om kommunikasjonen flyt med eller mot kjerringa. Kartlegginga vil gje føringar for intervensjonen: Blir det te, tarmskylling, amputasjon eller eksplosjon? Ginseng vil kina-dokteren tilrå uansett, akkurat det er litt som høgremannen og skatteletta. brains

Dersom den austlege tenkjemåten får fotfeste i organisasjonar som ikkje heilt er mogne, kan ein få merkelege utslag. Eg har til dømes sett at idealet om å vera i jamvekt, blir tolka som at leiargruppa bør ha sånn nokolude same ansiennitet som arbeidsstokken. Er leiargruppa lita og arbeidsstokken stor, tyder det at ein må fylgja godt med. Ser det ut til at arbeidstakarane har lyst til å bli verande, er det viktig å introdusera tiltak slik at dei sluttar. Får ein ut ein med 10 års ansiennitet, kan ein tilsetja fleire med eitt eller færre.


Leave a Reply