Lågtrykksildraren

geisirStor var gleda, den gongen eg stolt kunne pakka ut min fyrste høgtrykkspylar. Endeleg skulle eg kunna spyla og dura slik det høver seg i nabolaget vårt. Berre avbroten av ein og annna vinter, trur eg naboen har spylt samanhengande sidan midten av 1990-talet.

Ettersom dagane gjekk, vart det meir og meir klart for meg at eg nok ikkje er ein typisk spylar. Jamvel dei gongene bilen var ekstra skiten, var det berre sånn passeleg interessant å finna fram maskina. Ein nyttig ting, utan tvil, men det er jo også symaskina.

Stort sett har eg og maskina levd våre liv på nokre meters avstand: Ho i garasjen, eg på sofaen. Berre omlag eit par  kveldar i året, har me gjort noko saman.

Etter skikken, skal spylarane alltid takast fram ved siste fullmåne før fyrste mai. Det gjorde me i år også, men det som skulle ha vore noko fint, vart til noko retteleg leit.

Frosten hadde vore hard med henne. Ho greidde ikkje å halda på vatnet, det taut ut både her og der, men i minst grad ut munnstykket. Høgtrykkspylaren hadde i løpet av vinteren vorte til ein lågtrykksildrar.  Etter litt plunder, lukkast eg med å få delt ho i to. Planen var å røkja etter om det kunne vera råd å fiksa det som no var vorte til faenskapet.

Feilen var tydeleg. Vassinntaksrøyret hadde sprukke. Hjå forhandlaren, fekk eg kjøpt eit nytt røyr for ein slikk og ingenting. Humøret byrja verkeleg å koma attende, og eg hadde i tankane rydda plass til maskina i den varme og koselege kjellaren. Aldri meir ein kald garasje for den dama. Røyret vart skifta, maskina skrudd saman og på ny kopla til straum og vatn.

Turr og fin stod ho der og lyste i all sin gule prakt. Så skrudde eg på straumen. Vatnet fossa fram der det ikkje skulle drypa ein dråpe. På ny spjæra eg dama, som atter eingong var vorte til faenskapet, i to. Vassinntaket var tett, no kom vatnet ut  av ein annan del. Den delen synte seg verre å byta ut.

No har eg tre val:

  1. Seia meg nøgd med å ha ein lågtrykkspylar (det er jo skånsomt for lakken)
  2. Identifisra dei delene som ikkje gjer som eg vil, og få bytt desse ut med nye deler (dette kostar tid og pengar, etterkvart mykje tid og pengar. Og i mellomtida, vil den ikkje fungera optimalt)
  3. Skaffa meg ein ny høgtrykkspylar

Om ein på død og liv skal finna noko positivt med denne soga, kan det vera at eg no skjønar litt betre korleis det er å vera verksemdsleiar etter at ein har vanskjøtta organisasjonen ei vinternatt eller to.


2 Responses to “Lågtrykksildraren”

  • Jimmy H. Says:

    Ein framifrå allegori over ein verksemd eg trur eg kjenner frå innsida. Eller er dette berre fiksjon?

  • Kontoristen Says:

    Diverre, fiksjon er det ikkje. Det er sant kvart eit ord som er skrive om maskina. Eg kan sjølvsagt ikkje korkje seia eller meina det slag om den verskemda du meiner å kjenna frå innsida. Om det for deg som lesar, trer fram eit heilt tydeleg bilete av noko du kjenner godt, er det spanande og interessant, men sjølvsagt heilt tilfeldig. Kanskje er det det same som skjer når ungjenter relaterer eigne opplevingar til det Juliet opplever saman med Romeo?

Leave a Reply