Dilemmaet

imagesAv og til, hender det at folk spør om kva eg arbeider med. Då svarer eg at arbeidet mitt går ut på å identifisera, systematisera, registrera, kontrollera og dokumentera informasjon. Dei aller fleste, byrjar då å snakka om Brann, eller om været. Nokre få, har stilt relevante oppfylgingsspørsmål, og eg har utbrodert så godt eg kan. Utbrodering, burde eg vera god på, i si tid var det jo broderiene mine som tvang meg til å flytta frå landsbygda. Etter å ha fått M i handarbeid og G i sløyd, var det ikkje liv laga for meg der heime.

Utlysingsteksten til stillinga mi, var svært lokkande. Fleire av dei mest forførande formuleringane var med: «Kunnskapsverksemd søkjer kunnskapsrik medarbeidar». «Stillinga krev at ein kan ta ansvar og arbeida sjølvstendig.» «Viktig å etablera og vedlikehalda internasjonale nettverk.» «Spanande og utfordrande». «Dynamisk og proaktivt miljø».

På veg inn til intervjuet, var eg overtydd om at eg hadde gode kort på handa. Kanskje ikkje berre trumf, men i alle fall fleire ess: For det fyrste meinte eg meg sjølv å vera ein god kandidat for alt det utlysinga ropte etter, for det andre hadde eg ein nyvunnen doktorgradstittel under vesten, eller kappa, som me doktorandar heller likar å seia.

Intervjuet gjekk strålande. Me drog opp skiljet mellom faktabasert og kjenslebasert argumentsjon, og me var hjartans samde om kor viktig det er å vera nøyaktig og samvitsfull medan ein samlar inn og legg fakta til rette for ålmenn bruk.

herskapelig Stemninga blei såpass euforisk, at arbeidsgjevaren sa seg viljug til å tilsetja meg på flekken. Sjølvsagt blei eg smigra, men me hadde ikkje snakka om det praktiske. I utlysinga stod det «løn etter avtale», og eg kunne ikkje anna enn å spørja kva det tydde. Arbeidsgjevaren nemde ein sum eg ikkje heilt hoppa i taket av. Det vil seia, med den løna vart det ikkje rare taket å hoppa i, toppen eit lite drabantbyhusvære, eit slikt Toppen Beck aldri ville ha funne på å vitja. Skulle det bli noko standsmessig med ein slik gajse, måtte eg satsa på å kapra ei dame med fint hus, eventuelt med døyande foreldre med fint hus. Slike damer veks ikkje på trær, men dei finst. Eg kan nemna fleire menn som har krabba ut av skjørtet til mor og rett inn i det lune reiret til svigermor.

-Er ikkje det litt lite, prøvde eg meg med, eg har jo doktorgrad og alle ting? -Vel, sa arbeidsgjevaren, skal eg behalda min jobb, må eg fylgja lønspolitikken til verksemda. Der står det, svart på kvitt, at formalkompetanse som ikkje blir nytta, skal ikkje gje ekstra løn. Ditt doktorgradsarbeid er ikkje relevant for dei arbeidsoppgåvene du skal gjera, og du kan difor ikkje få noko ekstra for det. Hadde du det fått, ville styret ha steila.

Eg gav opp tingingane, og takka ja til jobben. Bestemte meg sporens streks for å kjøpa meg treningskort og vitja Storhaugen i Odda. Damer med attraktive husvære, har det med å velja blant dei veltrente og velkledde.

I den fyrste tida mi ved arbeidsplassen, akta eg meg vel for å nytta den formalkompetansen som ikkje kunne lønnast. Var det på sin plass å drøfta ei sak på ein vitskapleg måte, sytte eg for å skriva ein heilt ordinær stil. Og dei gongene det dukka opp spørsmål om metodisk tilnærming, sende eg saka vidare til ein med lønna formalkompetanse på området.

Slik gjekk no dagane, heilt til sist veke. Brått og uventa, takka ein god kollega for seg. Ikkje slik å forstå at han pakka føtene i jord, han hadde rett og slett søkt seg ny stilling. Ikkje før var katten ute av sekken, eller mannen heilt non grata, før eg fekk melding om at eg skulle overta arbeidsoppgåvene. Det var kjekt, for dei høvde som hand i hanske med doktorgradsarbeidet mitt. I full fart for eg inn til arbeidsgjevaren og spurde om endringa ville få noko å seia for løna mi. Det ville den ikkje.

Difor har eg havna i eit leit dilemma: Skal eg løysa arbeidsoppgåvene på beste måte, lyt eg nytta ulønna formalkompetanse. Alternativt kan eg berre nytta den kompetansen som er lønna, men då vil ikkje resultatet bli så godt som mogeleg.

Det er neimen ikkje enkelt å vera kontorist.


Leave a Reply