#Lukke

skoDet er viktig å arbeida for at arbeidsmiljøet skal vera best mogeleg. Sjølve prosessen er sentral for både arbeidsgjevar og arbeidstakar. Ved at ein har eit felles fokus, vil ein på dei aller fleste arbeidsplassar stimulera til positive prosessar.  Greier ein å identifisera og luka vekk dei verste  stolane og relasjonane, kan ein oppnå både friskare arbeidarar og høgare effektivitet.

I år vart eg dregen inn i arbeidet med å kartleggja stoda. Me nytta oss av eit vanleg spørjeskjema med spørsmål om fysiske og psykiske faktorar, men for å vera ekstra spenstige, la me til eit ope spørsmål heilt til slutt:

«Kva er lukke for deg? I kva situasjonar kjenner du deg lukkeleg? Kva faktorar kan utløysa ei kjensle av lukke? Lag gjerne ei liste.»

Nesten ingen svarte på dette spørsmålet. Sjølvsagt kan det vera fordi kontoristar er ukjende med omgrepet lukke, men det er vel meir truleg at spørsmålet ikkje fungerte heilt optimalt. Trass i den magre svarinngangen, hadde somme teke seg tid til å svara svært fyldig. Her er nokre av punkta deira:

  • Reine golvmatter
  • Store idrettsarrangement i høveleg tidssone
  • Ferske tebrød
  • Brysselmannsembetet
  • Smular frå bordet til dei rike (catering restar)
  • Plusstid
  • «Fest setebeltet»
  • Nye joggesko
  • Koffertbærar
  • Morgonmøtet
  • Å tørka ettertenksomt av seg på føtene i full forvissing om at ein har sett far etter seg
  • Eg treng berre ein gløtt av sola for å bresta ut i lått

One Response to “#Lukke”

  • Jimmy H. Says:

    Ikkje heilt sikker på kva eg set høgast av sysselmannsembetet i Bryssel eller brysselmannsembetet på Svalbard, men eg trur reisetida er om lag den same. Går for det som gjev flest bonuspoeng hjå SAS.

Leave a Reply