Dressen

No er det alt mange år sidan Gro sa, i beste sendetid på det ein i dei dagar berre kalla ARK: «Tenk positivt, bruk Odda». Oddingane kunne ikkje ha fått eit meir velplassert steroideskot. Sysselsetjinga i industrien stupte og Hjørna Café vart til Hard On, medan oddingane messa uforstyrra vidare på mantraet. Egoet vaks, medan potensen visna hen.

Tretti år seinare, omlag, sit slagordet framleis spikra, jamvel hjå dei med tidlegare adresse langt ut i fjorden. Fleire gonger om året, kjenner eg på det sjølv: I det ein passerer Zinken, eller Boliden, kjem dei positive tankane.

Menneske med positive tankar, er, diverre, disponerte for å sjå mogelegheiter der det eigentleg er mest problem. I sommar, var eg på handletur i Odda. Tanken var å utvida garderoben med nytt møte-ty. Ein dress skilde seg ut: Fargen var fin, snittet var fint og prisen var 18 % av fullpris. Jakka var i største laget, men det er som kjent ikkje noko problem med den pølsa som er for stor. Verre var det med buksa. Den var faretrugande trong: Hadde eg teke eit spenstig hopp, ville anten saumen eller noko på innsida, visseleg ha fått seg eit banesår.

Medan eg stod der framføre spegelen og freista å få oksygen ned til flatklemde rumpeballar og anna, byrja eg å tenkja positivt: «Det kan no ikkje vera nokon heksekunst å sy ut ei bukse, det er jo slikt kvinner og homoar fyller ledig tid med. I vår tid, er det forresten helst utsvelte born som syslar med sying. Alle veit kor vanskeleg det er å få noko gjort når svolten gneg, og det burde soleis vera den enklaste saka i verda for ein velfødd mann?» I positivitetens namn, kjøpte eg dressen.

Vel heime att, fann eg snart ut at det var rom for å utvida buksebaken. Det var berre å spretta opp den gamle saumen og gjera klart for ny saum.

Sjølvsagt sette eg nålene på tvers. Berre dårer ville funne på å setja dei på langs, det er slikt ein gjer om ein har lyst til å trokla bitane saman slik formingslæraren i si tid insisterte på (keramikk og klatting med måling, var hennar greie). Set du dei på tvers i høve saumen, kan du køyra over dei med maskinsaumen. Enkelt.

Med nålene på plass, gjenstod berre å køyra saumen med maskina. Det var ikkje vanskeleg, eg måtte berre vera litt kjenslevar med gassen.

Stunda med symaskina, fekk meg til å stussa over etablerte kjønnsroller:

Det er ålment akseptert at kvinner (og homoar) kan sy, medan menn kan køyra bil. Kan kvinner sy, kan dei søren meg køyra bil. Aldri har eg vore så varleg med høgrefoten som då eg sat ved symaskina. Den hakkinga og småbulkinga eg til stadigheit observerer blant kvinner, er berre eit utslag av at dei kjenner seg tvungne til å oppføra seg slik kvinner skal. Slik er det truleg også med sminke og puter i sofaen: Det har ikkje mykje for seg, dei berre må gjera det for å fylla kvinnerolla.

Desse tankane delte eg med systera. Ho forklarte meg at eg tok feil, på nær sagt alle måtar. Og eg måtte ikkje tru at det å vera skreddar innebar å sy ein saum slik eg hadde gjort.

Nei vel. Kanskje må ein skreddar kunna meir. Men kleda til systera, er ikkje akkurat sydd saman med Hardangersaum.

Buksa passar elles aldeles framifrå. Angrar faktisk på at eg ikkje kjøpte meg eit stilig belte.


Leave a Reply