Valomaten

Livet er vanskeleg å leva, ikkje tvil om det. Tenk berre på alle vala ein står andsynes: El eller bensin? Ein eller to biffar? Samsung eller I-telefon? Høgre eller Venstre?… Lista er utan ende. Heldigvis kan me få hjelp. Avisene, som tidlegare brukte å formidla nyhende om stort og smått, har for lengst teke på seg rolla som truverdig forbrukarrettleiar. Dei gjev råd om det meste, og stundom er faktisk råda baserte på informasjon frå andre enn dei som har eit produkt eller ein bodskap å selja. Rett nok er det ikkje alltid godt å veta når dette skjer. Slik er også livet.

Allereie om nokre få korte veker, skal me ta eitt av dei heller større vala våre. Blant våre beste menn og kvinner, skal me velja nye, eller gamle, representantar til den lovgjevande forsamlinga. Men kven er dei beste blant dei beste? Oppgåva er nærast uråd å løysa. Litt lettare blir det om me avgrensar oss til å sjå på dei partia personane representerer, men også då er det vanskeleg. Kanskje veit me kva eitt parti hovudsakleg meiner om ei sak, men kva meiner dei andre? Og kva om me torer oss til å tenkja på fleire saker samstundes?

valgomatEin kan mellom anna undersøkja kva orakelet, eller Valomaten, seier. Mange aviser har laga spørjeleikar med utgangspunkt i kva dei ulike partia meiner om bestemte saker. Svara på spørsmåla er ikkje rette eller galne, men dei seier noko om kor samd eller usamd ein er med den politikken partia ynskjer å føra. Etter eindel spørsmål, får ein svaret: «Dine synspunkt er mest i samsvar med politikken til parti XX.»

Også Bergens Tidende har laga ein slik valomat. Men den er sikra bak ein betalingsmur. Korleis skal ein tolka det?

  • Dei utan betalingsvilje er uansett tvilsame demokratar?
  • Det er ikkje vits i å fortelja dei utan pengar kva parti dei kanskje kunne ha eigeninteressa av å stemma på?
  • Røyster tel – ressursar avgjer?
  • Det finst ei (økonomisk) grense for opplysingsansvaret til pressa?

2 Responses to “Valomaten”

Leave a Reply