Kravet

tranmelw

No er ho her, tida. Om berre nokre timar, er det for seint. Bikkar klokka 23.59, blir det smalhans i enno eit år.  Hjå oss er det nemleg slik at kvar og ein lyt argumentera for at ein, og ikkje ein annan, fortener ein liten slant ekstra i lønsoppgjeret, og no er altså fristen uhyggeleg nær. Tidsråma hadde ikkje vore noka utfordring om ein var ein breikjefta bergensar, ein viktig vossing eller ein blærete bærensar, men det er ein jo ikkje.

Kanskje er det heller ikkje verdt bryet? I år er det berre snakk om småpengar til fordeling. I alle fall for «oss på gølvet», som gjerne er nemninga i slike tider. Sjefen har vore tydeleg på at moderasjonslina er for ein nasjonal dugnad å rekna. Maksimalt kan det vera snakk om 2-3 %. Om ein når fram med kravet, vel å merke.

Det er tøft å fronta ei slik line i høve arbeidarar med tilbodsvarer både i kle- og kjøleskåp. Tøft er det også å halda tale om at arbeidarane er den viktigaste ressursen til verksemda. Særleg i år der søknader går åt skogen og skjelett fell ut av skåpa. Så tøft er det, at styret kan finna det rimeleg å melda sjefen inn i «The 5 % community». I eit sjefsperspektiv, er dette langt på veg ekstremvarianten av moderasjonslina. «Solidaritet i praksis», som Erna ville ha sagt. For oss med «Mykje godt» i prosentrekning, er det ikkje naudsynt med kalkulator for å finna ut at den eine 5-prosenten kunne ha blitt til tre-fire 3-prosentarar i den viktigaste ressursen til verksemda.

Men kva er det eg held på med? Sjefen kan eg ikkje fekta med, han spelar i ein annan divisjon. No i lønsoppgjeret, er fiendane å finna blant dei jambyrdige kollegaene. Det er berre å hoppa i det:

Vyrde fagrørsle

Eg har mest lyst til å byrja med: Takk for sist! For eg er godt kjent med dykk på kontoret. Men dette skal vel vera litt profesjonelt, og mindre profesjonelle vil vera snare med å ropa ut om kameraderi og slikt. Med «Vyrde», skulle passeleg distanse og rett rolleforståing vera sikra.standard_konrad-nordahl

Hernes brukte i si tid seks veker på å læra seg nok om Helse-Noreg til å bli både ein autoritet på, og minister for, feltet. Audmjuk skal ein vera, og eg vil ikkje hevda at læringslina mi har vore like bratt. Men no har det seg altså slik, at eg har vore her vesentleg lenger enn seks veker.

Stillingskategorien har heile tida vore rådgjevar, og arbeidet har, naturleg nok, stort sett gått ut på å gje råd av ymist slag. Før eg kom hertil, var eg spesialrådgjevar. Det gjekk difor svært greit å gje vanlege råd om saker eg ikkje hadde fullstendig kjennskap til. Men etterkvart som eg har opparbeidd meg slik kunnskap og kjennskap,  blir det stadig vanskelegare. Om ikkje dagleg, så i det minste kvar veke, opplever eg, av gammal vane, å lira spesialråd or meg. For arbeidsgjevar, er det sikkert svært tilfredsstillande å få spesialråd til prisen for råd, men rådgjevaren blir sitjande med kjensla av å selja morellar til potetpris.

Lønspolitikken til verksemda er klar: Den skal på alle vis stimulera til verdsleiande innsats, og arbeidstakaren skal heile tida sitja med kjensla av å bli verdsett for kompetanse, innovasjonslyst og karriereambisjonar. I mitt høve, er truleg det siste særleg vanskeleg å få til utan at det blir lagt ein solid bunke på bordet. Med fare for at den tøffe og mandige tonen skal bli vatna litt ut, vil eg berre dra merksemda mot framsida av gårsdagens BT. Der kunne ein lesa at kvinner med barn stagnerer i løns- og karriereutvikling. Gadd sjå den mannen under 50 som strebar mot å koma i kategorien «kvinne med barn».

Og sidan me no har havna under momentet «den generelle kjensla til menn tidleg i slutten av 40-åra»: Den gongen då eg var spesialrågjevar, nådde eg akkurat opp i toppskatt-sjiktet. Det er noko heilt eige ved å det å kunna klaga over toppskatten. Men så vart innslagspunktet heva. Eg såg ikkje anna råd enn å søkja meg ny jobb. Til all lukke, fekk eg napp på denne jobben, og eg greidde å få løfta løna inn i toppskattsjiktet. PHU for sjølvrespekten. (PHEV for transporten.) Men ikkje før hadde eg takka ja, så vart skatten gjort om til stige. Mi løn var på fyrste steget, med låttlege 2,41 %.

Alle skjønar at løna mi må opp. Eg har hus og familie, og det er rett og slett uråd for meg å kjøpa meg ein skikkeleg bil i luksussjiktet, for på den måten å betala skatt så det svir. Mi einaste von, er at fagrørsla kan hjelpa meg opp på neste steg i stigen. 11,52 % er vel det minste ein mann av mi støyping kan leva med å betala?

Døgeniktar er ikkje støpt. Dei er i beste fall klemt ut av kitt. Og treng ikkje noko meir enn skitt.

Venleg helsing
Kontoristen

PS: SATAN! Der rauk tidsfristen. Det blir ikkje noko spontan marispan eller fotball-glan i år heller.

butterbeans


Leave a Reply