Agrarkontoristen

9626506135r_31241-7I Noreg har me heldigvis ordna oss slik at me, med godt samvit, kan ta oss fri frå arbeidet mange veker i strekk. Når avbrekka er lange, har ein tid til å få gjort ein heil masse, eller til ikkje å gjera ein skit.

På landsbygda var det tidlegare lite forståing for at kontoristar skulle ha fri frå arbeidet: Kontoristane sat jo inne i tempererte rom med radio, kaffi og sekretærar lett tilgjengeleg. Ikkje gjorde dei noko som kunne slita ut ein kropp heller, dei bygde kanskje nokre papirhaugar, eller så kvesste dei blyantar.

Haldningane på landsbygda har endra seg. Bøndene av i dag, skjønar at også kontoristar kan ha nytte av nokre dagar heilt utan plikter, jamvel om pliktene er aldri så uviktige. Truleg kan det vera fleire grunnar til at oppfatningane har utvikla seg på denne måten. Somme vil kanskje leggja vekt på at dagens bønder er smartare og betre utdanna. Stort sett har dei jo 9-årig grunnskule, og ikkje berre 7-årig folkeskule. Andre vil nok meina at ein må sjå på korleis bondeyrket har utvikla seg, for å forstå endringa.

I løpet av dei siste åra, har det vore ein tendens til å avgrensa drifta til areal som let seg stella og dyrka frå traktorsetet. Samstundes har alt hatt det med å verta større: Driftseininga, traktoren, maskinparken, tilskota og, til sist, vomma til bonden sjølv.

Mindre areal og større einingar: Det kan ikkje tyda anna enn færre bønder. Flottare bakkar og feitare bønder: Det kan ikkje tyda anna enn maskinell drift og/eller tenestefolk.

I namnet åt framsteget, er næringa i ferd med å bli slik ho var i farne tider, med store gods og mektige godseigarar. Sjølvsagt er ikkje den moderne godseigaren heilt identisk med slik dei var for lenge sidan. Han ville til dømes aldri ha vurdert å nytta fire tenestegutar til å bæra seg rundt for å inspisera godset. Til det er bærestolen alt for keisam og ukomfortabel. Moderne godseigarar tykkjer det er mykje kjekkare å ta inspeksjonsrunden i rasarfart på ein firehjuling.

Og moderene godseigarar er positive til ferie for kontoristane, mellom anna fordi dei har blitt litt kontoristar sjølv (rett nok i klasse med sjefen):

  1. Dei lyt fylla ut alskens skjema for å få tak i tilskota.
  2. Kontoret er temperert, og tenestejenta serverer villig. Også kaffi.
  3. Traktoren (Eit cellekontor kan ikkje måla seg, ikkje eingong det til sjefen.).
  4. Godseigaren er, med alle sine tenestefolk, nesten som kontorsjefen.

Den kanskje aller viktigaste grunnen, er likvel den at bonden sjølv ynskjer å kunna reisa vekk med godt samvit. Etter at avlinga vel er komen i hus, og den siste polakken har vendt nasen heimover, legg freden seg over bygda. Til næraste nabo er det langt å gå, og i tillegg er han som oftast ein umåteleg laber type. Utan ferie, vil den moderne bonden bu halve året på noko som liknar på romstasjonen ISS.

På åttitalet trykte Bondelaget opp klistremerke med slagordet «Utan bonden, vil byen døy». Kanskje er det på tide med eit nytt, lett revidert, opplag: «Utan bonden, vil bygda døy»?


Leave a Reply