Oppskrifta

Korleis lagar ein totalkok?

Truleg er det mange vegar til målet. Likevel er denne de no skal få innsyn i, kanskje den aller, aller sikraste vegen.

Ingrediensar:

  • 1 stykk diktator
  • Nokre gjærceller
  • Rikeleg med næring

Framgangsmåte:

Bland det godt saman i ein lufttett behaldar med vindauge, slik at dei små cellene kan sjå kva som går føre seg på utsida.

wp_20170513_17_51_45_pro

 

Lat blandinga stå eit bel, og vips: Totalkok. Legg merke til korleis loket bular og skum tyt ut mellom loket og bøtta på høgre side.

 

 

 

 

 

 

 

Somme av dykk, lurer sikkert på kva som ville ha hendt om ein fjerna proppen. Og det skal eg seia dykk:

wp_20170513_18_06_08_pro

 

Etter ein skikkeleg grumsefis, blir det masseflukt.

I denne bøtta er det nytta diktator av typen Bresjnev, men det ville nok ha fungert på omlag same måten om diktatoren hadde vore ein annan.

 


One Response to “Oppskrifta”

  • Jimmy H. Says:

    Dette minnar meg om ein stad eg jobba tidlegare. Tankjevekkjande allegori over eit stadig meir brutalisert arbeidsliv.

Leave a Reply