Venast i verda

2017-06-08

Talet to, er kraftig til å vera så lite. Særleg om ein tenkjer på kor vanleg det er å forstå verda i to kategoriar: Presten talar om paradis og helvete, domaren er oppteken av skuld og uskuld, og sjefen  serverer cola og vatn på møta. (Tidlegare var det vanleg å setja fram fleire typar brus og drykk, men så vart det bestemt at verksemda skulle bli eit helsefyrtårn, slik ho alt var eit miljøfyrtårn. I vårt kontormiljø, avgrensar helseutfordringa, post Høybråten, seg til bruken av læskedrikk, og miljøutfordringa til det å gjennomføra unødvendige reiser med fly. Til all lukke, har me ein sjef som tek på seg det vonde på vegner av staben: Leiaren drikk brusen, og han tek dei umoralske flyreisene. For dei tilsette. Truleg er denne offerviljen inspirert av Jesus, som spanderte ein ettermiddag på krossen for synda til menneska.)

Somme er skeptiske til den innebygde forenklinga i tenkjing med to kategoriar. Til slike folk vil eg berre seia: De har aldri laga ein firefeltstabell! Alle som har laga ein slik tabell, veit korleis det kjennest når alt fell på plass. To dimensjonar forenkla til det absurde, kan gje fire felt som avslører meininga med livet, eller i alle fall nesten. Det er ikkje berre for å skryta, men dette stod klart framføre meg alt den gongen eg var barnearbeidar i det norske jordbruket. Det er faktisk heilt sant: Eg har vore barnearbeidar i eitt av verdas rikaste land. Dei fleste meiner nok at dette høyrest heilt utruleg ut; at born kan vera billigare og betre arbeidskraft enn polakkar frå alskens land, men det er altså ikkje meir enn ein mannsalder sidan. Og eg var lønsam. I alle fall fram til firefeltstabellen tok meg.

Eg spissa øyrene dei gongene bøndene snakka saman. To ting talte dei alltid om: Kor mykje hadde dei utretta i løpet av ein dag, og kor utslitne var dei då myrkret la seg over fjorden. Ein trong ikkje vera av den hypersensitive typen, for å skjøna at idealet var å få gjort mest mogeleg utan å bli trøytt. I omtalen av tenestefolk, brukte dei sveitte som mål på trøyttleik, det blei for komplisert å spørja om vedkomande var trøytt eller ikkje.

typologiDen ideelle tenesteguten, var ein dreng som kunne utretta enormt mykje, berre pitte litt mindre enn bonden, utan å verta sveitt. Om slike, sa dei at det var synd at han ikkje hadde odelsrett på noko bruk av verdi. Det nest beste, var å få tak i ein dreng som kunne utretta enormt mykje, men som vart drivande våt av sveitte.  Dette var personar med potensiale, men dei måtte jobba litt med fysikken. Tredjeplassen, gjekk til drenger som gjorde lite, men som sveitta mykje. Desse var udugelege, men dei prøvde i det minste. Sisteplassen gjekk til dei som gjorde lite, og som sveitta lite. Dette var udugelege latsabbar som snart vart bannlyste i heile området.

Eg var ikkje noko naturtalent. Lenge jobba eg for full kraft. Sveitt og fæl låg eg og vippa mellom kategori 2 og 3. Men så skjønte eg dynamikken: Så lenge eg sveitta, ville eg dårlegast vera i kategori 3, og då ville kontrakten bli fornya: Bøndene kunne i gode stunder kjenna litt sympati for dei som jobba hardt, jamvel om dei ikkje fekk gjort noko særleg. Difor lærte eg meg å sveitta utan å jobba. Eg låg i åkeren og las, og med jamne mellomrom stimulerte eg sveittekjertlane. I det eg høyrde traktoren nærma seg, fekk eg dei til å pøsa ut væte. Aldri såg arbeidsgjevaren meg med turr panne. Han såg på den urørte enga, eller på det bugnande treet, og sa «ja, ja». På gymnaset, hadde eg ikkje problem med å skjøna Darwin og læra om «survival of the wettest».

Gode kontoristar, kan forventa lønstillegg om dei er støvande turre. Vel, vel. Er i gang med omprogrammeringa.

 

 


One Response to “Venast i verda”

Leave a Reply