IA-verksemda

Surmuling er eit evig problem på kontorarbeidsplassar: Er det ikkje for varmt, er det for kaldt, og er ikkje stolen for mjuk, så er han for hard. Same kva sjefen seier eller gjer, blir delounget ingen ende på klaginga. Dette veit sjefen. Han veit også at alle ordskifta, anten dei byrjar med løn, luft eller lunsj, endar med eit beiskt utfall mot sjefen sjøl.

Sjølvsagt er ikkje dette noko kjekt, det er ikkje slik det skal vera å vera sjef. Leiaren skal bli løfta fram av dedikerte disiplar. Somme sjefar freistar å få dei tilsette på lag. Dei køyrer på med kartlegging av sjukefråvær, introduserer tiltak og skriv kvart år ein ny årstale til dei tilsette. Andre sjefar meiner slikt blir for bisart. Dei ynskjer heller å reisa vekk frå surmulinga. Heldigvis er ikkje det så vanskeleg å ordna, det er mange sjefar som heller ynskjer å reisa vekk. Difor er det nokså enkelt å få arrangert ulike seminar av typen «Interim Expert», «Possibly Expert», «Someone is Expert», eller «Expert Expert». På slike turar er det kjekt å vera sjef. På møta, og i loungane på flyplassane, treff dei fleire i same ærend, og i sjokoladebutikkane og på hotella, er dei tilsette akkurat så underdanige som folk bør vera.

Einaste bakdelen, er at det kan bli endå meir surmuling den tida dei er nøydde til å halda seg på kontoret. I vår verksemd, løyste dette seg den dagen me vart ei IA-verksemd. No tenkjer eg ikkje på Sandman-varianten med utvida tal på eigenmeldingar og liberale krav til oppmøte på arbeidsplassen, men på den nye IA-avtalen. Den nye avtalen om Imiterande Arbeidsliv byggjer på dei røynslene arbeidsleiarane har skaffa seg gjennom generasjonar i sjefsstolane. Sjølvsagt med visse grenser. Arbeidstakarane kan ikkje reisa vekk i arbeidstida og lata som om dei arbeider. Dei lyt halda seg på arbeidsplassen i arbeidstida. Og den er, grovt rekna, 37,5 timar i veka. Men det er tilstrekkeleg at dei latar som om dei arbeider. Om ein eller annan arbeidstakar skulle finna det fordelaktig å sitja nokre timar ekstra kvar dag, er det heilt innanfor. Plusstid kan ikkje vera noko anna enn eit pluss. Slik tid er det sjølvsagt heilt opp til den einskilde arbeidstakaren å ta ut i samband med fritidsreiser dit sjefane kan reisa i arbeidstida. Det er ikkje noko krav i avtalen om at arbeidstakarane må velja rimelegare hotell, det er slikt som voneleg blir ordna i dei lokale tingingane om løn.

Overgangen til å bli ei IA-verksemd har gått knirkefritt. Så langt er det ei suksessoge. Sjukefråværet har aldri vore lågare, og arbeidstakarane er blide som nyfrelste. Men i horisonten trugar svarte skyer. Ryktet vil ha det til at fleire innhaldsprodusentar til kjente og kjære internettsider, også har teikna IA-avtalar.

 

 


Leave a Reply