2-i-1

2-i-1Ein kan ikkje få alt ein ynskjer seg. I alle fall ikkje om ein manglar evna til å betala det det kostar, eller til å ta det med makt.

For oss vanlege, handlar det om å prioritera, og om å gjera lure val. Kva gjer ein til dømes om ein manglar både datamaskin og nettbrett? Somme ville sikkert satsa på å få ei skikkeleg god datamaskin i hus, andre ville sett seg meir tente med eit godt nettbrett. Jamvel om båe gruppene kan gå til sengs i djup visse om at dei har gjort det beste valet ut frå eigne behov, vil svevnen blir svært ulukkeleg. Dei med ny maskin, vil drøyma om nettbrett, og vice versa.

Dømet er ikkje heilt vilkårleg valt. For slik gjekk eg og funderte mellom hyllene på elektrosenteret i går. Eg måtte velja mellom ny datamaskin eller nytt nettbrett. Eit vanskeleg val, for eg ville helst ha båe deler, men så var det dette med pengane, då. I enden av den eine hylla, stod der ei maskin i to deler. Ho var ikkje øydelagd, skjermen og tastaturet kunne setjast saman til ein heilskap. Oppglødd over kanskje å kunna få med meg både maskin og nettbrett, treiv eg tak i ein ekspeditør:

– Eg er ute etter ei maskin og eit nettbrett. Vil denne varianten dekkja båe behova?

– Er du gift?

– Øh, ja?

– Då vil du skjøna kva eg snart kjem til å seia. Ein giftar seg jo for å få både husmor og elskerinne i ein og same person. Alle skjønar at dette ikkje er optimalt, men det er praktisk, lettvint og rimeleg.

Akkurat sånn er denne maskina. Fokuserer du på ein ting om gongen, er det lett å finna svake punkt, men vurderer du kompromisset samla, vil konklusjonen bli at ho fungerer heilt fint i det daglege. Både som datamaskin og som nettbrett. Skulle du få lyst til å gjera noko heilt spesielt, er det ikkje verre enn at du kan låna ei på kontoret. Og brukar du ho litt forsiktig, kan ho vara i mange år. Elles er no denne maskina såpass rimeleg, at det er løyseleg å skifta ho ut før tida, dersom du skulle få lyst på noko litt freshare, om du skjønar.

Eg skjønte kva seljaren sa. No ser eg fram til å leva med mi nye 2-i-1 maskin i gode og vonde dagar.


Leave a Reply