Artisten

coyoteDet får ein seia. Han Kåre har jammen meg slege seg opp sidan gymnastida, den gongen han var frontfigur i «Kåte-Cåre Coyote and the Wild Hyenas». Gruppa vart aldri nokon stor kommersiell suksess. Truleg kunne det gått betre om dei hadde valt å sløyfa ordet på k. Eigentleg er det jo ei overflødig nemning å setja på ein bandleiar, det seier seg sjølv. Men på den tida var ikkje Kåre Kristiansen heilt gløymt, og i tillegg er det utan tvil eit nokså artig ord. Så tilnamn blei det. Trass i at titlane på både fyrsteplata (Howling) og den vanskelege andreplata (Howling again) var klare før fyrste øving, vart det ikkje noko særleg svung over eventyret. Kort oppsummert hadde dei vel ikkje ein einaste gig med andre enn gruppemedlemmene tilstades.

Etter gymnastida, fylgde ein lang periode med utreinskingar, samt visse strategiske justeringar. Lenge var det stilt kring Kåre, men i dag stod han atter på scena. Denne gongen på ei ekte scene med lydmann og ølservering. Vekke var det artige ordet på k, vekke var den tøffe detaljen med å skriva k med c, og vekke var alle dei ville hyenane.

For meg vart det rett og slett for freistande. Eg måtte sjå «Kåre-Kommers og Kommentariatet» i aksjon. Det skulle det syna seg vanskeleg å få til. Billettar var ikkje å oppdriva. Dama, som elles var av det trivelege slaget,  rådde meg til å snakka med vakten i døra.  Full av von spurte eg mannen om det fanst ein ledig sess i lokalet. – Nei, det er helt fullt. Og kossen er det du ser ut? Svett som en bonde og sjuskete som en sjauar. Se til å pell deg ut før du ødelegger totalopplevelsen for gjestene. Her er både byråder og overleger tilstede. – Eg orsakar, men eg har sprunge for å nå det. Og det skal jo handla om revolusjonar og arbeidarråd og slik. – Husj, ut!


Leave a Reply