Familieunderhaldning

stjernekampI kveld har me kosa oss med «Stjernekamp». Av ein eller annan grunn, kom eg til å tenkja på litt ulikt under framsyninga. Mellom anna at eg ein gong har høyrt Olav H. Hauge sitera ein eller annan indar, som truleg hadde høyrt noko av mor si. Alle veit at mødre er synonymt med pratemaskiner, så kvar ho hadde fanga det opp, er ikkje godt å seia. Mest truleg har ho, kanskje i eit bryllup, treft på ein nokså velståande person frå landsbygda. «Velståande», fordi han ymta frampå om aktivitetar i kategorien «sjølvrealiserande», «frå landsbygda», fordi ingen bybuarar på den tida (heller?), kunne ha tenkt seg å setja fingeren i jorda.

Sånn cirka enda kviskreleiken med at Hauge sa noko slikt som at ein treng eit bibliotek og ein hage for å verta eit lukkeleg og harmonisk menneske. Spørsmålet er om ikkje tida har sprunge ifrå visdomsordet? I vårt hus, har me ikkje hatt ei bokhylle framme sidan seljaren av premium-bilar i Kong Oscarsgate skrota bokhylletapetet. (Bokhylletapet var ei av dei store oppfinningane på 1980-talet. Hadde ein fin handskrift, kunne ein skaffa seg fyrsteutgåver av dei aller viktigaste forfattarane. Og ein kunne få bøker i ein farge som stod til resten av interiøret. Tapetet stal heller ikkje noko av rommet, og støvtørkinga gjekk som ein leik for tenestejenta.)  I 2017 er bøker til for å brennast, eventuelt for å stablast i kassar i bua. Og hagearbeid? Det er lenge sidan polakkane vart utkonkurrerte av robot-klipparane. Rett nok finst det framleis nokre entusiastiske hage-folk. Fellesnemnaren for desse, er at dei hugsar korleis ein ynskte å handsama tyskarane under krigen. Etter 70-år, har endeleg brunsneglen opna for at «vanlege» menneske skal kunna klippa i to, fora med gift, spraya med såpe og senka ned i etsande væske.

Så kva er lykkelen til lukke og harmoni i 2017? Kanskje mobiltelfon og 4G? Stjernekamp er det i alle fall ikkje. Hadde me endå hatt TV2. skalvidanse


Leave a Reply