Arkivet

I dag hende det noko merkeleg. Godt tilfreds med meg sjølv, hadde eg skubba stolen litt ut på golvet og slengt føtene på bordet. Etter fleire månader med hektisk jobbing, var tida mogen for ein velfortent kvil. Medan augo tok ein liten pause, tenkte eg på den fyldige rapporten på over ti sider, og som hadde meir enn 50 tabellar og figurar i appendikset.

Rapporten presenterte synet til arbeidstakarane på tema som innovasjonskultur, HMS-rutinar og internkommunikasjon på kontoret. Litt blest blei det under framlegginga, det skal seiast. Fleire av formuleringane var ikkje typisk årsrapportmat.

Midt i den mentale gjennomgangen, ringde telefonen. Kontordama spurde om eg hadde rapporten, og til det svarte eg sjølvsagt stadfbrevdueestande. – Du skjønar, sa ho, arkivet er heilt fullt. Trur du det er greitt om eg makulerer rapporten, du har jo ditt eige eksemplar?

Vel har eg sett korleis papira tyt ut or arkivskåpa, men eg stussa likevel ein smule over førespurnaden. Var dette kanskje ein lekk i ein større strategi om å påverka leiinga til å innføra elektronisk arkiv, skulle min rapport vera ei brekkstong?

Forfjamsa svarte eg stadfestande på førespurnaden, ein vil jo ikkje vera vanskeleg. Men merkeleg var  det, og merkelegare har det blitt utover dagen. Lurer i grunnen litt på kva som finst i arkivet? Spesielt sidan det ikkje er plass til ein så fin rapport, med både framside og tabellvedlegg.